FOV-2008-2370: Medisinsk Forlag, N.N og N.N

Saka gjeld Medisinsk Forlags villeiande marknadsføring av "gratis" opphald i Tyrkia.

Medisinsk Forlag har over fleire år marknadsført “gratis-turar” gjennom postordre og direkte adressert reklame. Medisinsk Forlag gir vekk turar til ulike destinasjonar som eit tilbod til sine kundar. Medisinsk Forlag har nytta ulike reiseoperatørar på desse turane, men etter det Forbrukarombodet kjenner til nyttar dei per i dag Club Royal som er ein reiseoperatør som er registrert i Reisegarantifondet.

EDTAK ETTER MARKNADSFØRINGSLOVA § 14 MOT

Medisinsk Forlag, Holterkollveien 7, 1440 Drøbak
N.N og N.N

Sak nr.:  08/2370

1. Saka

Saka gjeld Medisinsk Forlags villeiande marknadsføring av “gratis” opphald i Tyrkia.
Medisinsk Forlag har over fleire år marknadsført “gratis-turar” gjennom postordre og direkte adressert reklame. Medisinsk Forlag gir vekk turar til ulike destinasjonar som eit tilbod til sine kundar. Medisinsk Forlag har nytta ulike reiseoperatørar på desse turane, men etter det Forbrukarombodet kjenner til nyttar dei per i dag Club Royal som er ein reiseoperatør som er registrert i Reisegarantifondet.

Medisinsk Forlag har på villeiande og utilstrekkeleg rettleiande måte marknadsført eit opphald i Tyrkia som mellom anna “gratis”, “kr. 0,-“, “Gratis for deg” og “Opplev 8 dager i Sør-Tyrkia GRATIS”, medan opphaldet i realiteten medførar faktiske kostnadar for forbrukarane.

2. Forbrukarombodets handsaming av saka

Forbrukarombodet har over fleire år hatt kontakt med Medisinsk Forlag angåande deira marknadsføring av slike turar, og har ved gjentekne høve bedt selskapet om å endre marknadsføringa slik at denne gir forbrukaren det korrekte inntrykket av tilbodet, til dømes vart dette tatt opp allereie i sak 06/1353. Seinast i sak 08/611 som omhandla turar til Tyrkia, ba ombodet om at marknadsføringa vart innretta i samsvar med marknadsføringslovas krav. Problemstillingane var i hovudsak tilsvarande som i denne saka.

Forbrukaromombodet orienterte om at marknadsføringa etter ombodets vurdering var villeiande og utilstrekkeleg rettleiande ovanfor forbrukarar og i strid med mfl. §§ 2 og 3. Mellom anna tok ombodet opp i brev av 18.03.08 og 28.04.08 at bruken av “gratis-påstandar” i marknadsføringa gav forbrukarane eit villeiande inntrykk av tilbodet all den tid det var kostnadar knytt til tilbodet. I tillegg ville manglande og utilstrekkelege opplysningar om kostnadar knytt til tilbodet medføre at marknadsføringa var utilstrekkeleg rettleiande.

Medisinsk Forlag var usamde i Forbrukarombodets syn og gav ikkje den etterspurte stadfesting på å ville innrette seg etter ombodets standpunkt. Frivillig ordning vart ikkje oppnådd.

Då selskapet ikkje ville innrette seg etter marknadsføringslovas reglar og ombodets standpunkt vart det ved brev av 02.06.08 varsla forbodsvedtak mot Medisinsk Forlag. Først etter at forbodsvedtak vart varsla stadfesta selskapet i brev av 12.06.08 å ville gjennomføre endringane ombodet etterspurte.

Selskapet stadfesta å ville unnlate å beskrive tilboda som “gratis” eller liknande uttrykk dersom det var knytt kostnadar til tilboda, samt å klårt og tydeleg opplyse om alle priselement og eventuelle kostnadar ved tilboda slik at misforståingar ikkje kan oppstå. På bakgrunn av at selskapet med dette stadfesta å ville innrette si marknadsføring i samsvar med marknadsføringslovas reglar såg ikkje ombodet grunn til å gå vidare med saka, og Forbrukarombodet avslutta saka ved brev av 19.06.08. Vi gjorde imidlertid selskapet merksame på at dersom vi på ny observerte marknadsføring i strid med våre tidlegare uttrykte standpunkt ville vi fatte forbodsvedtak mot Medisinsk Forlag, dagleg leiar N.N og styrets leiar N.N.

Til tross for at selskapet i brev av 12.06.08 stadfesta å ville innrette seg i samsvar med marknadsføringslovas reglar har Forbrukarombodet sidan 07.11.08 motteke 4 skriftlege klager frå 5 ulike forbrukarar, samt fleire klager per telefon og ei klage oversendt frå Reisegarantifondet. Klagarane reagerte i hovudsak på det same som vart tatt opp i sak 08/611. Mellom anna vart det klaga på at turane til Tyrkia i realiteten ikkje var gratis slik det vart framstilt i marknadsføringa, under dette reagerte klagarane på at det tilkom ekstrakostnadar for anten ei utflukt eller for å vere att på hotellet dersom ein valde vekk utflukta, samt betaling for spabehandling som i marknadsføringa var framstilt som kostnadsfri.

Då marknadsføringa framleis var i strid med mfl. §§ 2og 3 varsla Forbrukarombodet i brev av 19.12.08 om at vi ville fatte forbodsvedtak mot Medisinsk Forlag, dagleg leiar N.N og styrets leiar N.N.

Den 15.01.09 inngav Medisinsk Forlag svar ved Advokatene Skøyen, Medalen og Bøe. Det vart avvist at det ligg føre brot på marknadsføringslova og innklaga anførar at det difor ikkje er grunnlag for å treffe forbodsvedtak etter marknadsføringslovas reglar. Det er ikkje oppnådd frivillig ordning i saka.

3. Forbrukarombodets rettslege vurdering av saka

I det følgjande vil spørsmålet bli om Medisinsk Forlags marknadsføring av “gratis” opphald i Tyrkia er villeiande og utilstrekkeleg rettleiande ovanfor forbrukarane og soleis i strid med mfl. §§ 2 og 3.

 

Mfl. §§ 2 og 3 – Villeiande og utilstrekkeleg rettleiande marknadsføring
Heimelen for Forbrukarombodets inngripen mot selskapets marknadsføringstiltak er mfl. §§ 2 og 3.

I følgje mfl. § 2 er det “forbudt i næringsvirksomhet å anvende uriktig eller av annen grunn villedende fremstilling  som er egnet til å påvirke etterspørselen etter eller tilbudet av varer, tjenester og andre ytelser”.

Mfl. § 3 set forbod mot “i næringsvirksomhet å anvende fremstilling som er egnet til å påvirke etterspørselen etter eller tilbudet av varer, tjenester eller andre ytelser, når fremstillingen ikke gir forsvarlig eller tilstrekkelig veiledning…”

Medisinsk Forlag marknadsførar opphaldet i Tyrkia som mellom anna som “gratis”, “kr. 0,-“, “Gratis for deg”, “Ditt opphold Gratis!” og “Opplev 8 dager i Sør-Tyrkia GRATIS”.
Ord som “gratis” eller ord med tilsvarande meiningsinnhald er verknadsfulle bodskap i marknadsføring då forbrukarane sine assosiasjonar til dette så sterkt er knytt til at tilbodet er kostnadsfritt. Slik Medisinsk Forlags marknadsføringstiltak framstår er det etter Forbrukarombodets vurdering eigna til å gje forbrukarane ei forventning om at opphaldet, med dei ytingar som er presisert i brosjyrane, er kostnadsfritt. Verken kostnadar ved hotellopphald dersom ein ikkje vart med på utflukt, eller kostnadar ved spabehandling er nemnd i marknadsføringa.

Når forbrukarane, i motsetnad til gratispåstanden som blir hevda i marknadsføringa, i realiteten hadde kostnadar knytt til opphaldet er det eit mishøve mellom inntrykket som blir skapt av marknadsføringa og det faktiske tilbodet som gjer at marknadsføringstiltaket framstår som villeiande. Forbrukarombodet har òg motteke fleire forbrukarklager som nettopp viser at marknadsføringa er eigna til å forståas på denne måten og difor framstår som villeiande for forbrukarane.

I tillegg til å villeiande hevde at opphaldet er kostnadsfritt vil Medisinsk Forlags manglande og utilstrekkeleg opplysningar om dei faktiske kostnadar knytt til tilbodet òg medføre at forbrukarane ikkje har høve til å vurdere tilbodet i heilskap. Framstillinga i marknadsføringstiltaket framstår difor òg som utilstrekkeleg rettleiande ovanfor forbrukarane.

På denne bakgrunn vurderar Forbrukarombodet marknadsføringstiltaket for å vere villeiande og utilstrekkeleg rettleiande og i strid med marknadsføringslova §§ 2 og 3.

4. Forbrukarombodets vedtakskompetanse


Etter mfl. § 14 første ledd kan Forbrukarombodet treffe forbodsvedtak mot handling i strid med marknadsføringslova dersom “det ikke er oppnådd frivillig ordning”, og “Forbrukerombudet antar at det vil medføre ulempe eller skadevirkning å avvente Markedsrådets vedtak”.

To kumulative vilkår må vere oppfylt for at Forbrukarombodet skal kunne treffe vedtak etter mfl. § 14 første ledd, og dei vil bli gjennomgått i det følgjande.

“Ikke oppnådd frivillig ordning”
Ombodet registrerar at Medisinsk Forlag har endra marknadsføringa på punktet som gjeld å opplyse om at forbrukaren sjølv må betale for flyreise til Tyrkia, samt punktet om garanti i Reisegarantifondet, som var delar av det vi tok opp i sak 08/611 (sjå Bilag 1 og 2). For det øvrige kan ikkje Forbrukarombodet sjå at marknadsføringa er innretta i samsvar med marknadsføringslovas reglar og ombodets synspunkt, slik Medisinsk Forlag hevdar. Klagene med det vedlagte marknadsføringsmateriell tyder tvert om på det motsette då Medisinsk Forlag framleis nyttar gratispåstandar slik at marknadsføringa framstår som villeiande og utilstrekkeleg rettleiande.

Forbrukarombodet finn på denne bakgrunn at selskapet ikkje har innretta seg etter Forbrukarombodets krav, og at det soleis ikkje er oppnådd ei “frivillig ordning” etter lova.

“Det vil medføre ulempe eller skadevirkning å avvente Markedsrådets vedtak”
Forbrukarombodet har grunn til å anta at marknadsføringstiltaket slik det no er utforma presenterar er eit tilbod mange forbrukarar vil nytte. Dette blir òg stadfesta i selskapets brev av 15.01.09 der dei presiserar at Medisinsk Forlag har hatt stor respons på tilboda sine og at fleire tusen har nytta dei, om lag 1200 berre i løpet av hausten 2008. Når så mange forbrukarar vil kunne nytte tilbodet vil det etter ombodets vurdering medføre ulempe og skadeverknad å avvente Marknadsrådets vedtak i saka.

***

Vilkåra i mfl. § 14 første ledd er etter dette oppfylt, og Forbrukarombodet har soleis grunnlag for å fatte vedtak.

5. Fastsetjing av tvangsgebyr

I samband med at det blir treft forbodsvedtak etter mfl. §§ 12 og 14 skal det, med mindre særskilte grunnar talar mot det, fastsetjast eit tvangsgebyr, jf. mfl. § 16. Forbrukarombodet kan ikkje sjå at det ligg føre særskilte grunnar for å gjere unntak frå hovudregelen i denne saka, og tvangsgebyr blir difor fastsett i samband med eit forbodsvedtak mot marknadsføringstiltaket, jf. mfl. § 16.

Føremålet med tvangsgebyr er å påverke den næringsdrivande til å avstå frå den ulovlege handlinga. I følgje førearbeida bør gebyret minst setjast så høgt at det ikkje løner seg å bryte vedtaket. Dersom forbodsvedtaket ikkje blir brote, inntreff heller ingen betalingsplikt.

Storleiken på tvangsgebyret kan enten setjast som eit eingongsbeløp eller som eit løpande gebyr per brot, ut frå ei skjønnsmessig vurdering av sakens art og innklaga sine økonomiske tilhøve, jf. uttalingar i førearbeida, Ot.prp. nr. 34 (1994-95) s. 20-21.

Forbrukarombodet har henta inn Medisinsk Forlags rekneskapstal for 2007 frå Brønnøysundregisteret. Desse viser eit driftsresultat på kr. 6 927 000,- .

Forbrukarombodet finn at tvangsgebyret bør fastsetjast som eit eingongsbeløp på kr. 300.000.

Ved fastsetjing av tvangsgebyrets storleik er det mellom anna lagt vekt på at Medisinsk Forlag har vist manglande vilje til å innrette si marknadsføring i samsvar med ombodets krav. Medisinsk Forlag har i fleire saker blitt orientert om marknadsføringslovas krav til marknadsføring av “gratis” turar, og har tilsvarande hatt fleire høve til å innrette marknadsføringa i samsvar med dette. Til tross for at dei i juni i 2008 stadfesta å ville endre si marknadsføring i samsvar med våre standpunkt, heldt dei fram med den lovstridige marknadsføringa utover hausten 2008 og har soleis vist at det er fare for gjentaking av den lovstridige handling. Med tanke på den manglande evne til å innrette marknadsføringa i samsvar med marknadsføringslovas krav er det etter Forbrukarombodets vurdering difor naudsynt å fastsetje tvangsgebyret til kr. 300.000 for å hindre ytterlegare brot på marknadsføringslova.

N.N er i foretaksregisteret oppført som dagleg leiar i Medisinsk Forlag og N.N er oppførst som styrets leiar. Forbrukarombodet har med heimel i mfl. § 14, jf. § 12 også høve til å rette vedtak mot medverkarar.

Av førearbeida, Ot. prp nr. 34 (1994-1995) s. 27 flg., går det fram at omsynet til ei mest mogleg effektiv handheving av lova tilseier at det er naudsynt at òg personar bak den ulovlege verksemda bør kunne rammast. Faren for at vedtak blir omgått ved at det opprettast nye firma, og at marknadsføring held fram i regi av det nye firmaet, er spesielt framheva.

N.N og N.N har i eigenskap av å vere hhv. dagleg leiar og styrets leiar eit overordna ansvar for firmaets drift. Når firmaet velgjer ikkje å innrette si marknadsføring i samsvar med Forbrukarombodet sine standpunkt må det leggjast til grunn at dette er eit standpunkt N.N og N.N har godkjent.

Av den grunn finn Forbrukarombodet det naudsynt òg å rette tvangsgebyr mot N.N og N.N personleg.

N.N hadde, ifølgje likning frå 2008 ei inntekt på kr. 352 465 i 2007. Vi finn at tvangsgebyret skjønnsmessig bør setjast til kr. 150.000 ved brot på vedtaket.

N.N hadde, ifølgje likning frå 2008 ei inntekt på kr. 901 296 i 2007. Vi finn at tvangsgebyret skjønnsmessig bør setjast til kr. 150.000 ved brot på vedtaket.

Ved fastsetjing av tvangsgebyret for N.N ogN.N har vi på same måte som for tvangsgebyret mot Medisinsk Forlag lagt vekt på medverkaranes manglande vilje til å innrette seg etter Forbrukarombodet sine standpunkt ved å halde fram med den ulovlege marknadsføringa til tross for stadfesting om at ombodet sine standpunkt ville følgjast. I tillegg vil fare for gjentaking av marknadsføringstiltak i strid med marknadsføringslova sine føresegner bli tillagt vekt.

6. Vedtak

Forbrukarombodet treff med dette følgjande vedtak. 
1) Med heimel i marknadsføringslova §§ 2 og 3 forbyr Forbrukarombodet Medisinsk Forlag AS, N.N og N.N å marknadsføre opphald i til dømes Tyrkia som gratis, kostnadsfritt eller liknande formuleringar som er eigna til å skape inntrykk av at tilbodet ikkje medførar kostnadar for forbrukarane, så lenge dette ikkje er riktig.

2) Med heimel i marknadsføringslova § 16 jf. § 14 fastset Forbrukarombodet at Medisinsk Forlag AS skal betale kr. 300.000,- i tvangsgebyr dersom firmaet bryt eller medverkar til brot på Forbrukarombodets vedtak

3) Med heimel i marknadsføringslova § 16 jf. § 14 fastset Forbrukarombodet at N.N skal betale kr. 150.000,- i tvangsgebyr dersom han bryt eller medverkar til brot på Forbrukarombodets vedtak

4) Med heimel i marknadsføringslova § 16 jf. § 14 fastset Forbrukarombodet at N.N skal betale kr. 150.000,- i tvangsgebyr dersom han bryt eller medverkar til brot på Forbrukarombodets vedtak

***

Den som forsettleg bryt vedtak som er gjort i medhald av marknadsføringslova eller medverkar til dette, kan etter marknadsføringslova § 17 første ledd straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månadar.

Vedtaket kan påklagast til Marknadsrådet, jf. marknadsføringslova § 14. Forvaltningslova kapittel VI gir nærare reglar for eventuell klage. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dag parten har fått underretning om vedtaket. Ei eventuell klage skal sendast til Forbrukarombodet.

Vedtaket kan ikkje takast inn for dei alminnelige domstolar utan at saka først er lagt fram for Marknadsrådet, jf. forvaltningslova § 27b.
Marknadsrådet er underretta om vedtaket, jf. marknadsføringslova § 14 tredje ledd.

Oslo, 5. mars 2009

Bjørn Erik Thon
Forbrukarombod

Tilbake til toppen