Personvern og cookies

I teksten under finn du informasjon om korleis Forbrukartilsynet behandlar personopplysningane dine.

Viktig å vite når du sender personopplysningar til oss

  • Opplysningar i dokument som vi får frå deg og registrerar i arkivet vårt, er offentlege, med mindre vi har heimel i lov til at dei kan haldast utanfor offentlegheit. Dette betyr at media, næringsdrivande eller andre kan be om innsyn og få utlevert klager du har sendt til oss.
  • Namnet ditt og dei andre personopplysningane du har gitt oss – med mindre vi har heimel i lov til at dei kan haldast utanfor offentlegheit.-, vil gå fram av dokumenta vi utleverer til dei som har bede om innsyn, eller som vi sender til ein næringsdrivande når vi tek opp ei sak til behandling.
  • Postjournalen vår er tilgjengeleg på Internett via Einnsyn. Her kan alle søkje etter dokument og be om innsyn. Namnet ditt vil vere synleg ved søk på Einnsyn dei første 12 månadene etter at klaga di er registrert hos oss. Andre personopplysningar vil ikkje komme opp ved søk i denne portalen.
  • Personvernreglane gir alle registrerte grunnleggande rettar knytta til behandlinga av eigne personopplysningar i ein verksemd. Dei som er registrerte i eit av systema til Forbrukartilsynet, har rett på innsyn i eigne personopplysningar. Ein har òg krav på at urette eller ufullstendige opplysningar, og opplysningar som Forbrukartilsynet ikkje har lov til å behandle, blir retta, sletta eller supplerte. Du kan utøve dine rettar ved å sende ein epost til post@forbrukertilsynet.no, eller ved å kontakte vårt personvernombud.

Behandling av personopplysningar hos Forbrukartilsynet

Saksbehandling og arkiv

Forbrukartilsynet registrerer personopplysningar i det elektroniske saks- og behandlingsarkivet vårt. Dette er opplysningar som namn, adresse, telefonnummer, epostadresse og anna relevant informasjon som går fram av dokument vi mottek. Saksdokumenta kan innehalde sensitive personopplysningar. Registrering av personopplysningar er nødvendig for å kunne oppfylle dei lovpålagde oppgåvene våre som tilsynsmyndigheit og oppfylle krava i offentleglova og arkivlova. Forbrukartilsynet bruker arkiv- og saksbehandlarsystemet WebSak. Lagring av dokument følgjer offentlege standardar (NOARK), og reglane i arkivlova og personopplysningslova blir lagde til grunn. Det er etablert særlege tryggingstiltak og rutinar for sensitive og teiepliktige dokument og opplysningar. Selskapet ACOS AS oppbeverar Forbrukartilsynets historiske arkiv. Samarbeidet er regulert av ei databehandlaravtale og ACOS AS utleverar ikkje opplysningar til tredjepartar.

Klagesaker til Forbrukartilsynet blir normalt leverte inn elektronisk ved utfylling av skjema som ligg tilgjengeleg på forbrukertilsynet.no. Derfrå blir ferdig utfylt klageskjema sendt direkte vidare til registrering og behandling i Websak. Klager og dokument i klagesaker kan òg sendast inn via post eller e-post. Desse blir da importerte til WebSak.

I tillegg til klagesaka vil andre saker og førespurnader frå eksterne bli registrert, lagra og oppbevart i tråd med arkivlova. Det betyr at Forbrukartilsynet må vurdere om dokumentet skal opprettast eller leggast inn i saksbehandlingssystemet (Websak) eller ikkje. Alle dokumenta som er gjenstand for saksbehandling og som har verdi som dokumentasjon skal inn i Websak.

Når Forbrukartilsynet behandlar klagar eller gjennomfører tilsyn, behandlar vi opplysningar for å kunne gjennomføre våre lovpålagte oppgåver. Dette inkluderer blant anna opplysningar om kontaktperson i verksemden, opplysningar om andre tilsette og anna informasjon som er nødvendig for å kunne behandle saka. Dette kan inkludere opplysningar om lovbrot, helseopplysningar, opplysningar om arbeidsforhold mm.

Krav om innsyn frå partar eller andre blir behandla etter reglane i offentleglova og forvaltningslova. Opplysningar som er nødvendige for behandling av klagesakar vil bli utlevert til Marknadsrådet som er Forbrukartilsynets klageorgan. I saker der det er klaga på næringsdrivande i andre EU/EØS-land vil opplysningar kunne bli utlevert til forbrukarmyndigheiten i landet der den næringsdrivande er etablert. Opplysningar kan óg bli utlevert til andre norske tilsynsmyndigheiter og Forbrukarrådet i samband med behandling av saker.

Det daglege ansvaret for systemet er delegert til arkivleiar som har ansvaret for utarbeiding av nødvendige rutinar for behandlinga av personopplysningar. Leiarane hos Forbrukartilsynet har ansvaret for at den faktiske saksbehandlinga er i samsvar med rutinane.

Opplysningane blir lagra så lenge saka er pågåande, og dersom saka er journalpliktig vil opplysningane blir lagra i 25 år.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 e), som tillet oss å behandle opplysningar for utøving av offentleg myndigheit. Dersom din førespurnad inneheld særlige kategoriar av personopplysningar, er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga artikkel 9 nr. 2 g).

Offentleg postjournal

Den offentlege postjournalen til Forbrukartilsynet er tilgjengeleg for allmenheta på den felles offentlege portalen Einnsyn. Journalen inneheld opplysningar om avsendar, mottakar og overskrift på saksdokument.

I offentlegforskrifta § 7, jf § 6 fjerde ledd, er det spesifisert ein del opplysningar som ikkje skal vere synlege i offentleg journal og journalar som leggjast ut på nettet. Vidare er det fastsett at personnamn ikkje skal kunne søkast fram i OEP når innførselen er eldre enn eit år.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 c), nødvendig for å oppfylle ein rettsleg forplikting jf. offentlegforskrifta § 6.

Vi gjer merksam på at førespurnader om innsyn via eInnsyn blir oppbevart (arkivert). Alle innsynskrav frå eInnsyn registrerast og kvitterast ut i eiga skjema. Skjemaet blir journalført ved slutten av året, og vi vil normalt gi innsyn i dette om vi får ein slik førespurnad.

Rett til innsyn

Alle har rett til innsyn i dokumenta i saka og opplysningar etter offentleglova. Unntak gjeld for teiepliktige opplysningar. Retten til innsyn gjeld frå det tidspunktet dokumenta er registrerte. Det er med andre ord mogleg å be om innsyn i saker sjølv om desse ikkje er avslutta.

Opplysningar og dokument i klagesaker blir ikkje sletta, men blir lagra i klagesaksbasen.

Stillingssøknader

Stillingssøknader blir registrerte i postjournalen i arkiv – og saksbehandlingssystemet Websak, utan at namnet på søkjaren går fram. Det blir likevel gitt innsyn i søkjarlista på førespurnad. Søknadene blir deretter kasserte eller sletta etter statens felles kassasjonsreglar for statsforvaltninga.

Dersom du søker jobb hos Forbrukartilsynet, trenger vi å behandle opplysningar om deg for å vurdere din søknad.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 b) – behandlinga er nødvendig for å oppfylle ei avtale den registrerte er part i, eller for å gjennomføre tiltak på den registrertes oppmoding før ein avtaleinngåing. Dersom din søknad inneheld særlige kategoriar av personopplysningar, er behandlingsgrunnlaget vårt personvernforordninga artikkel 9 nr. 2 b) og h).

Stillingssøkjarar blir òg bedne om å opprette konto og logge seg inn med eige passord på tenesta Jobbnorge.no for å kunne sende inn, endre eller slette søknader. Sjå meir om dette under.

Kva registrerast når du kontaktar oss

Tips til Forbrukartilsynet

Ved utfylling av tipsskjema på forbrukertilsynet.no blir dette sendt vidare til e-postmottaket vårt. Kopi av e-posten blir òg liggjande i e-postsystemet vår. Tips blir normalt sletta etter 12-24 månader. E-postar blir behandla i samsvar med det som står i avsnittet «E-post» under.

Forbrukartilsynet tek kvart år imot mange munnlege og skriftlege førespurnader i tillegg til klager og tips.

Rettleiing

Når du kontaktar oss for rettleiing, behandlar vi opplysningane for å kunne svare på dine spørsmål. Opplysningane vi lagrar er nødvendig for å kunne besvare din førespurnad. Dersom du kontaktar oss per e-post, vil vi lagre din førespurnad, vårt svar og din e-postadresse. E-postar blir behandla i samsvar med det som står i avsnittet «E-post» under.

E-post

E-postar i saker blir registrert og behandla i samsvar med det som står under avsnittet «Saksbehandling og arkiv» over. I arkivsystemet vårt er det lagt inn ein sperringsfunksjon for teiepliktig informasjon som blir motteken mellom anna i e-post. Denne pålegg saksbehandlarar og arkivtilsette å skjerme desse opplysningane. E-posten blir da sperra for utsending.

Øvrige e-postar vi får og svarer på, blir bevarte i e-postsystemet vårt, utan tilgang frå andre. Den enkelte tilsette er ansvarleg for å jamleg slette meldingar som ikkje lenger er aktuelle. Når nokon sluttar i stillinga si hos Forbrukartilsynet blir e-postkontoen deira sletta, men enkelte e-postar som det er nødvendig å ta vare på vil normalt bli overført til kollegaer.

Vanleg e-post er ukryptert, og det er difor viktig at dokument som inneheld teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar, blir sende til Forbrukartilsynet på annan måte enn gjennom e-post.

Telefon

Telefonkontakt blir ikkje registrert med mindre det gjeld ei konkret klagesak. Kontakt i konkrete klagesaker som kjem på telefon, blir registrert som eit notat som blir lagt på klagesaka. Vi nyttar Telenor si sentralbordløysing, og her gjeld Telenor sine vilkår for bedriftskundar.

Telefonsamtalar (telefonnummer frå og til, samt tidspunkt for samtala) loggas i Telenor sin telefonsentral. Her gjelder Telenor sine retningslinjer for personvern. Denne loggen er nødvendig for administrasjon og drift av systemet, samt at den benyttast som grunnlag for statistikk på aggregert nivå. I tillegg har ansatte en oversikt over de siste anropa på sine telefoner.

Behandlingsgrunnlaget for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta en rettkommen interesse som veier tyngre enn omsynet til den enkeltes personvern. Den rettkomne interesse er å administrere telefonisystema.

Behandling av personopplysningar på Forbrukertilsynet.no

Webredaktøren har det daglege ansvaret for Forbrukartilsynet si behandling av personopplysningar på forbrukertilsynet.no, med mindre anna er oppgitt under. Det er frivillig for dei som besøker nettstaden å gi frå seg personopplysningar i samband med tenester, for eksempel å melde seg på vårt nyheitsbrev. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.

Knowit Experience Oslo er Forbrukartilsynet si databehandlar, og er vår leverandør for utvikling og vedlikehald av nettstaden. Knowit Experience Oslo er også vår driftsleverandør for forbrukertilsynet.no. Opplysningar som samlast inn i samband med drift av nettstaden, lagrast på egne serverar som driftast av leverandøren. Det er berre Forbrukartilsynet og Knowit Experience Oslo som har tilgang til opplysningane som samlast inn. Ei eiga databehandlaravtale mellom Forbrukartilsynet og Knowit Experience Oslo regulerer kva slags informasjon leverandøren har tilgang til og korleis den skal behandlast.

Informasjonskapslar og nettstatistikk

Forbrukartilsynet samlar inn informasjon om bruken av nettsidene våre for å betre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Til hjelp under dette arbeidet bruker vi analyseverktøyet Google Analytics. Dette programmet bruker cookies, dvs. små informasjonskapslar eller tekstfiler som nettstaden lagrar på brukaren si datamaskin, og som gir informasjon om brukaren si IP-adresse, dvs. maskina sine rørsler på nett.

Behandlingsgrunnlag for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 f), som tillèt oss å behandle opplysningar som er nødvendig for å vareta en rettkommen interesse som veier tyngre enn hensynet til den enkeltes personvern. Den rettkomne interesse er å få tenester på nettsida til å fungere.

For å hindre sporing av nettbruken til enkeltpersonar har Forbrukartilsynet på forbrukertilsynet.no valt å leggje inn eit script som fjernar dei siste sifra frå IP-adressa til brukaren før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Informasjonen frå Google Analytics lagrast på Googles servere i USA, og er underlagt Googles retningslinjer for personvern.

Informasjonskapselfunksjonen kan slåast av og på i dei fleste nettlesarane på maskina til brukaren gjennom eit menyval som «innstillingar», «sikkerheit» e.l. Sjølv om funksjonen blir slått av, vil brukaren kunne bruke nettsidene våre, men enkelte funksjonar vil ikkje fungere optimalt.

Det er ikkje krav om noko form for innlogging med personopplysningar for å kunne bruke nettsidene våre.

Nyheitsbrev

Forbrukartilsynet sender ut nyheitsbrev cirka 7-10 gonger per månad via e-post. For at vi skal kunne sende e-post må du registrere ei e-postadresse.

E-postadressa lagrast i ein egen database, delast ikkje med andre og slettast når du seier opp abonnementet. E-postadressa slettast også om vi får tilbakemelding om at den ikkje er aktiv. Du kan melde deg av ved å trykke på lenka i nyheitsbrevet eller ved å kontakte oss. Forbrukartilsynet bruker en databehandlar, Mailchimp, til å administrere og sende ut nyheitsbrevet, og det er Mailchimp som drifter databasen der e-postadressene blir lagra.

Behandlingsgrunnlag for behandling av e-postadressa di i knytt til nyheitsbrevet vårt er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 a), altså samtykke.

Anna nettbasert behandling av personopplysningar

Jobbnorge

Søkjarar på stillingar hos Forbrukartilsynet blir bedne om å opprette konto og logge seg inn med eige passord på tenesta Jobbnorge.no for å kunne sende inn, endre eller slette søknader.

Ved bruk av denne tenesta gjeld tenesteytaren sine retningslinjer for behandling av personopplysningar: https://www.jobbnorge.no/personvern

Forbrukartilsynet på sosiale medium

Forbrukartilsynet er til stades på dei sosiale media Facebook, Twitter, Youtube og LinkedIN. Ved bruk av desse media gjeld tenesteytarane sine retningslinjer.

Tilsette

Forbrukartilsynet samlar inn og behandlar personopplysningar om tilsette, mellom anna for å adminstrere lønn og arbeidsforhold. Det registrerast nødvendige opplysningar for utbetaling av lønn, som namn, adresse, kontonummer, skatteprosent, skattekommune og fagforeiningstilhøyrsle.

Behandlingsgrunnlag for dette er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 b), behandlinga er nødvendig for å oppfylle ein avtale den registrerte er part i.

Forbrukartilsynet brukar DFØ til lønn og annan personaladministrasjon og har inngått databehandlaravtale med DFØ som utfører lønnsutbetaling.

Alle tidlegare og noverande tilsette har ei personalmappe i arkivsystemet vårt.

Her blir mellom anna stillingssøknadane oppbevart. Personalmapper skal bevarast (det vil seie at stillingssøknadar ikkje blir sletta eller makulert). Personalmapper blir rydda når arbeidsforholdet er avslutta. Personalmapper skal utleverast til Arkivverket.

Ansvar for behandling av personopplysningar og innsyn

Forbrukartilsynet, ved direktøren, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Sjølv om mange av oppgåvene knytte til ei slik behandling blir delegerte under den daglege drifta, vil ikkje dette gjelde ansvaret for behandling av personopplysningar.

Forbrukartilsynet si behandling av personopplysningar fell inn under personopplysningslova, som gir alle rett på grunnleggjande informasjon om innsamling og behandling av personopplysningar i ei verksemd.

Kontakt

E-post: post@forbrukertilsynet.no

Telefon: 23400600

Postadresse: Sandakerveien 138, 0484 Oslo

Forbrukartilsynet har eit eige personvernombod. Om du har spørsmål om tilsynet sin behandling av personopplysningane dine, kan du ta kontakt direkte med personvernombod Marc Stuppi på ms@forbrukertilsynet.no eller ved å nytte kontaktopplysningane over.