Presse

Publisert:
Oppdatert:

Er du journalist og ønskar å snakke med ei pressekontakt, ring vår vakttelefon 23400601 eller send e-post til presse@forbrukertilsynet.no. Gje oss gjerne ei linje om kva du er ute etter, og kva slags tidsfrist du har.

Pressebilde finn du her

En person holder et digitalt speilreflekskamera i hendene.

Innsyn

Forbrukartilsynet sin postjournal er tilgjengeleg via eInnsyn.no. Postjournalen viser kva dokument som er sende og mottekne i sakene våre, med opplysningar om avsendar, mottakar, dato og kva saka gjeld. Journalpostane blir som hovudregel publiserte på eInnsyn 14 dagar etter registrering i arkivsystemet vårt. Opplysningar som er omfatta av teieplikt, blir ikkje publiserte. Gjennom eInnsyn kan du be om innsyn i konkrete dokument og saker.
Søk i eInnsyn her

Vi registrerer førespurnader frå pressa

Alle presseførespurnader til Forbrukartilsynet blir registrert i verktøyet Medieloggen. Vi registrerer namn, redaksjon, kontaktinformasjon, kva førespurnaden gjeld og eventuell skriftleg dialog med journalisten. Dette gjer vi for å kunne svare godt og effektivt på førespurnader frå pressa. 

Informasjonen som blir logga er berre tilgjengeleg for dei som jobbar med presseførespurnader i Forbrukartilsynet, og vil ikkje bli utlevert til andre. Alle opplysningar om presseførespurnader blir automatisk sletta etter 400 dagar. 

Dersom du ikkje ønsker at kontaktinformasjonen din eller førespurnaden din skal loggast, eller du ønsker at vi skal slette opplysningar frå tidlegare førespurnader, kan du ta kontakt med ein av pressekontaktane våre på vakttelefonen 23400601.

Pressekontakter

For presseførespurnader, send e-post til presse@forbrukertilsynet.no eller ring vår vakttelefon 23400601.

Forbrukertilsynet i mediene