Forbrukarklageutvalet

Forbrukerklageutvalget

Hvis ei sak ikkje har latt seg løyse gjennom mekling hos Forbrukartilsynet (eller hos Forbrukarrådet før 1.1.2021), kan partane få tilbod om å ta saka vidare til behandling i Forbrukarklageutvalet.

Ventetida for å få behandla ei klagesak i Forbrukarklageutvalet er for tida ca. 2 år. Vi kan ikkje seie noko meir konkret om når saka di vil bli behandla.

Sakene blir behandla i den rekkefølga dei kom inn til utvalet. Du treng derfor ikkje kontakte  oss i ventetida, med mindre det har skjedd store endringar (for eksempel at saka er løyst, tingen er selt vidare eller liknande). I så fall vil vi gjerne ha beskjed.

Når saka er ferdig behandla i utvalet, vil du få skriftleg beskjed om avgjerda.

Saksgangen

Kort oversikt over saksgangen

– Ein av partane klagar inn saka til Forbrukarklageutvalet etter at meklinga i Forbrukarrådet ikkje førte til ei løysing.
– Forbrukarklageutvalet sitt sekretariat mottar klaga og alle saksdokumenta frå Forbrukarrådet.
– Sekretariatet forkynnar saka for motparten.
– Partane får anledning til å sende inn nye kommentarar/utsegn og/eller ny dokumentasjon. Dette vil bli sendt over til den andre parten.
– Sekretariatet førebur saka for utvalet og set den opp til behandling på eit utvalsmøte.
– Eit utval på tre medlemmer behandlar saka på møtet.
– Vedtaket blir forkynt for partane.

Saksbehandlinga

Skriftleg saksbehandling

Saksbehandlinga og avgjerda blir basert på dei skriftlege dokumenta i saka. Verken partane eller vitnar har anledning til å møte og gje munnleg forklaring.

Partane si opplysing av saka

Partane bør sørgje for å opplyse saka si best mogeleg. I tillegg til eigne forklaringar, er det viktig at dokument som kontrakt, salsannonse, faktura, kvitteringar og sakkunnige vurderingar blir lagt fram. Dette vil betre mogelegheita til å nå fram med sine krav, spesielt dersom partane har motstridande forklaringar.

Sakkunnig vurdering

Eventuelle sakkunnige vurderingar og utsegn må av partane sjølv innhente. Forbrukarklageutvalet sørgjer ikkje for å innhente slike, og det er heller ingen sakkunnige tilknytt Forbrukarklageutvalet. Ei sakkunnig vurdering, til dømes ein takstrapport eller ei utsegn frå ein verkstad, bør vere nøytral og halde seg til den tekniske sida av saka. Den sakkunnige bør gjere greie for følgjande punkt:

– Kva er gale?
– Kva er årsaka til feilen?
– Sannsynleg tidspunkt for då feilen og/eller årsaka til denne oppstod
– Lar feilen seg utbetre og eventuelt kor mykje vil det koste?
– Eventuelle andre forhold som er eigna til å belyse saka

Kostnadane ved undersøkinga må parten i utgangspunktet betale sjølv, men kostnadane kan takast med som eit eige erstatningskrav i saka.

Saksbehandlingstid

For tida er saksbehandlingstida om lag 2 år rekna frå då saka kom inn til sekretariatet for Forbrukarklageutvalet. Mens saka ligg i kø vil det normalt ikkje skje noko, bortsett frå at eventuelle tilsvar frå ein part vil bli sendt til den andre.

Saksbehandlingstida kan variere avhengig av sakstype og saka sitt omfang.

Fristar

Vart saka di sendt til mekling i Forbrukerrådet før 1.1.2021 vert fristen for stevning regulert av forbrukerklageloven av 17.2.2017 §12. Fristen for å anka er 1 månad og fristen går frå vedtaket vart forkynt. Tidspunktet for forkynning (forkynningsdato) er fastsett og står i brevet som følgde med vedtaket.
Går fristen ut på ein heilagdag, i feriar eller på laurdag eller sundag, vert fristen ikkje forlenga.

Vart saka di sendt til mekling i Forbrukertilsynet etter 1.1.2021, vert fristen for stevning regulert av forbrukerklageloven av 23.6.2020 §22. Fristen for å anka er 1 månad og fristen går frå vedtaket vart forkynt. Tidspunktet for forkynning (forkynningsdato) er fastsett og står i brevet som følgde med vedtaket.
Fristen går ikkje i rettsferiar, jf. domstolloven §140. Rettsferiane varar frå siste laurdag før palmesundag til og med andre påskedag, frå 1. juli til og med 15. august, og frå og med 24. desember til og med 3. januar. Fristane vert rekna etter reglane i tvisteloven kapittel 8.

Avslutning av saka før vedtak er fatta

Forlik

Dersom ein av partane tilbyr eit forlik i saka før saka blir behandla, vil vi formidle det til den andre parten. Vi gjer merksam på at Forbrukarklageutvalet ikkje meklar mellom partane. Dersom partane bli einige om ei løysing, må vi få beskjed om det.

Kvar av partane kan ikkje einsidig trekke saka som er under behandling.

Konkurs / avvikling

Dersom den innklaga parten er eit aksjeselskap og selskapet går konkurs, vil ikkje selskapet lenger ha partsevne etter tvistelova. I slike tilfelle vil saka mot selskapet henleggast. Ved konkurs vil klagaren midlertidig ha moglegheit for å trekkje konkursbuet inn i saka for Forbrukeklageutvalet dersom buet ikkje aksepterer klagarens krav.

Etter at vedtaket er fatta

Verknader av vedtaket

Når avgjerd er fatta vil den bli sendt til partane per post, eventuelt bli forkynt ved stevnevitne.
Vi beklager lang saksbehandlingstid og dei verknadane det gir for partane. Vi har ikkje høve til å prioritere enkeltsaker foran andre.

Oppfylling av vedtaket

Vedtak fra Forbrukerklageutvalget er bindende for partene med mindre det bringes inn for domstolene for overprøving innen stevningsfristen. Verken Forbrukartilsynet eller Forbrukarklageutvalet bistår i oppgjeret mellom partane. Partane må sjølv ta kontakt med kvarandre for å få vedtaket gjennomført. Gjeld kravet betaling av pengar, bør den som har krav på betaling oppgje kontonummer til skyldnaren. Dersom det er tilkjent renter, kan desse reknast ut her.

Dersom vedtaket ikkje blir oppfylt frivillig

Om vedtaket ikkje blir oppfylt innan fristen, kan kravet inndrivast ved hjelp av namsmyndighetene. Namsmannen kan rettleia nærare om dette. Lenke til deira nettside ligg her

Overprøving av vedtaket

Dersom ein ikkje er einig i vedtaket, kan partane ta saka inn for tingretten innan ein månad frå vedtaket ble forkynt. Stemninga kan sendast direkte til tingretten eller til Forbrukarklageutvalet, som sender den vidare til tingretten. Skjema for forenkla stemning finner du  her: Forenkla stemning (DOC, 81 kB)

Søksmålsfristen lauper også i rettsferiane og blir ikkje forlengja sjølv om fristen går ut på ein helge- eller heilagdag.

Utløpt frist og gjenåpning

Når søksmålsfristen er ute, er det som regel ikkje lenger mogeleg å bringe saka inn for domstolane. Forbrukarklageutvalet kan likevel, unntaksvis, vedta at saka blir behandla i tingretten, sjølv om fristen er gått ut.

Ei sak kan ikkje blir behandla på nytt av Forbrukarklageutvalet. I ekstraordinære tilfelle kan ein likevel krevje ei sak gjenåpna etter reglane i tvistelova kapittel 31. Vilkåra for gjenåpning er strenge, og er berre aktuelt dersom det kjem fram opplysningar som var ukjende då vedtaket ble fatta, og som høgst sannsynleg ville ha ført til eit anna resultat. Gjenåpning kan ikkje krevjast på eit grunnlag som parten burde ha gjort gjeldande under saka si ordinære behandling eller før fristen for søksmål gjekk ut.

Forbrukarrådets advokatordning

Forbrukarrådet kan i nokre tilfelle hjelpe forbrukarar ved behandling av saker i domstolen. Dette kan vere aktuelt dersom saka er prinsipiell, og kan få rettsleg betyding for mange forbrukarar. Les meir om vilkåra for Forbrukarrådets advokathjelp her. Du kan også kontakte Forbrukarrådet sine advokatar per post: Forbrukarrådet v/advokathjelpordninga, Postboks 463 Sentrum, 0105 OSLO, tlf. 23 40 05 00 eller e-post: advokat@forbrukerradet.no.

Avvisning

At ei klage blir avvist, betyr at sjølve tvisten ikkje vil bli behandla av utvalet. Det kan vere ulike årsaker til at ei sak blir avvist, til dømes at klaga ikkje er sendt innan den lovbestemte fristen etter at saka er avslutta hos Forbrukarrådet. Eit vedtak om å avvise saka blir fatta av eit alminnelig utval på tre medlemmer, eller av leiar/nestleiar åleine.

Forbrukarklagevalets avgjerd om avvising kan ikkje påklagast til overordna myndigheit. Utvalets standpunkt i avvisingsspørsmålet kan heller ikkje overprøvast av tingretten. Saka si realitet kan likevel på vanleg måte bringast inn for dei ordinære domstolane ved forliksklage til forliksrådet. Sjå tvisteloven 17. juni 2005 nr. 90, kapittel 6.

Om Forbrukarklageutvalet

Inga beløpsgrense for tvistesummen

Forbrukarklageutvalet er eit domstolliknande organ som avgjer tvistar mellom privatpersonar og næringsdrivande i saker som gjeld kjøp av varer, håndverkartenester og angrerett, samt tvistar mellom privatpersonar i saker som gjeld kjøp av varer. Det er inga øvre eller nedre beløpsgrense for tvistesummen.

Gratis behandling

Behandlinga i Forbrukarklageutvalet er gratis for partane. Det er ikkje nødvendig å vere representert av ein advokat. Du kan ikkje rekne med å få dekka utgifter til advokat dersom du skulle velgje å bruke det. Saksbehandlinga er skriftleg. Det betyr mellom anna at partane ikkje har møterett eller møteplikt når saka blir behandla.

Forbrukerklageutvalget