Forbrukartilsynet foreslår tiltak for å rydda opp i straummarknaden

I samarbeid med Reguleringsmyndigheten for energi (RME) foreslår Forbrukartilsynet strengare krav om tydelegare prisar og avtalevilkår for straumavtalar slik at forbrukarane lettare kan orientera seg i marknaden.

Publisert:
Oppdatert:

Dei to verksemdene sat våren 2021 opp ei arbeidsgruppe for å vurdera tiltak og eventuelt framme forslag til regelendringar for å sikra eit meir velfungerande og effektiv straummarknad for forbrukarane. Samarbeidet mellom dei to verksemdene tok mellom anna utgangspunkt i ein rapport frå Oslo Economics som vart levert i januar 2021.

Forbrukartilsynet har no sendt brev til Barne- og familiedepartementet (BFD) med innspel til endringar i prisopplysningsforskriftens kapittel 6 om straum.

Fleire forslag for forbrukarane

– Dagens marknader er prega av mange aktørar, kompliserte avtalevilkår og uklare prisar. Forbrukartilsynet har reist fleire problemstillingar med bransjen tidlegare, og i 2021 har vi intensivert arbeidet på området. Vi meiner dei foreslåtte tiltaka kan føra til eit meir oversiktleg marknad for forbrukarane, seier direktør i Forbrukartilsynet, Trond Rønningen.

I brevet foreslår Forbrukartilsynet mellom anna at det bør innførast standardiserte prisopplysningar og omgrepsbruk. Til dømes blir det foreslått at det skal komma tydelegare fram kva som er den faktiske straumprisen og kva som er kostnadane knytte til straumavtalane.

Vidare blir det foreslått at det klart må framkomma av marknadsføringa dersom ein avtale er avgrensa i tid, og dessutan kva den deretter gjeldande prisen vil vera. Vidare blir det forslått òg betre rutinar for å varsla forbrukarane om endring av avtalen. Forslaga er fremma for at forbrukarane lettare skal kunne forstå, ta stilling til og samanlikna straumavtalane.

Brevet er vedlagt her og kan lesast i sin heilskap.

Flere artikler

14 straumselskap må betale 100 000 i veka viss dei bryt lova igjen

I vår fann Forbrukartilsynet lovbrot hos alle straumselskapa vi kontrollerte. No må 14 av selskapa betale 100 000 i veka viss dei bryt lova på nytt.