Forbrukartilsynet krev betre og klarare prisopplysningar frå straumselskapa

24.02.2021 — Forbrukartilsynet har avslutta 29 klagesaker mot straumselskap. Tilsynet krev betre og klarare prisopplysningar i marknadsføring og ved bestilling.

Høyspentmast sett nedenfraForbrukartilsynet har nyleg avslutta 29 saker med straumselskap som marknadsførte straumavtalar med mellom anna «innkjøpspris». Forbrukartilsynet sende ut brev til desse selskapa og spurde om det blei lagt til ekstra priselement i tillegg til spotprisen, kor mykje desse elementa utgjorde per år, og korleis dette har blitt kommunisert til kundane.

Forbrukartilsynet krev at kundane må få korrekte og klare prisopplysningar. Dette betyr at selskapa må opplyse om alle priselement på ein klar og tydeleg måte. I innkjøpsprisavtaler må sekkepostar av typen «innkjøpskostnader» spesifiserast og konkretiserast så godt som mogleg.  Spotprisavtalar må følgje spotprisen og berre ha påslag per kWh og/eller eit fastbeløp.

Fleire av selskapa svarte at dei ikkje hadde operert med ekstra priselement for dei aktuelle avtalane. Andre svarte at dei anten hadde fjerna dette priselementet, eller skulle fjerne det innan kort tid. Ni av sakene blei avslutta på denne bakgrunnen.

Selskap som opererte med ekstra priselement, og som ikkje hadde planar om å fjerne desse, fekk eit nytt brev frå Forbrukartilsynet. Her kravde tilsynet at desse priselementa må komme tydeleg fram både i prismarknadsføringa, ved bestilling og i avtalevilkåra til dei aktuelle straumavtalane. Dersom det ikkje er mogleg å seie på førehand kor stort dette elementet vil bli, må priselementet likevel forklarast så konkret som mogleg for at handelspraksisen skal vere lovleg.

– Klare, riktige og fullstendige prisopplysningar er ein føresetnad

I sakene om avtaler som bruker «spot» i namnet, påpeikte Forbrukartilsynet at dette omgrepet berre kan brukast om avtaler der man betaler for spotpris, påslag per kWh og/eller eit fastbeløp. Også i desse sakene melde selskapa at dei vil innrette seg.

– Klare, riktige og fullstendige prisopplysningar er ein føresetnad for at forbrukarane skal kunne orientere seg i marknaden og velje riktig straumavtale. Dette er også krava marknadsføringslova stiller til leverandørane. Ein praksis med skjulte, villeiande eller utilstrekkeleg rettleiande priselement vil vere eit brot på lova, seier direktør i Forbrukartilsynet Trond Rønningen.

Sakene blei tatt opp etter ein klage frå Forbrukarrådet. Dei av selskapa som ville halde fram med innkjøpsprisavtaler har svart at dei skal gjere innkjøpspriselementet tydelegare framover og Forbrukartilsynet har no avslutta alle dei 29 sakene.

12.04.2021

TUI må opplyse om rett til refusjon

I sine brev til kunder som har fått pakkereisen avlyst, unnlater reisearrangøren TUI å nevne alle rettighetene kundene har.