På bakgrunn av arbeidet vårt med straumleverandørane, har Forbrukartilsynet sett behov for å oppdatere rettleiingsmateriellet vårt. I dialog med leverandørane har vi kartlagt behov og ønsker om rettleiing. Det nye rettleiingsmateriellet vårt er laga med utgangspunkt i tilbakemeldingane vi har fått frå bransjen.
Sjå den nye rettleiaren vår her
Kva er nytt?
Rettleiinga er nå tematisk oppdelt. Den har fått eigne bolkar for krav som berre gjeld for straumleverandørar. Det gjeld til dømes
- opplysningskravene i prisopplysningsforskriften
- kravet til prisliste
- kravet til nedkjølingsperiode
I tillegg inneheld rettleiaren informasjon om krav som gjeld for næringsdrivande i alle bransjar, som for eksempel
- dokumentasjonskravet for påstandar i marknadsføring
- forbodet mot urimeleg handelspraksis
- forbodet mot uriktige opplysningar og villeiande handlingar
- prismarknadsføring
- telefonsal
- dørsal
Nokre av desse rettleiarane er nye, mens andre er eldre rettleiarar som vi nå lenker til frå straumrettleiaren.
I tillegg til den nye rettleiinga, har vi laga ei ny temaside for straum. Der finn du mellom anna ei oversikt over tidlegare utsende orienteringsbrev, vedtak mot straumleverandørar og andre relevante og aktuelle nyheiter for straumbransjen.
Dei nye temasidene og rettleiinga skal gjere det enda enklare for leverandørane å forstå og følge krava. Vi vil fortløpande bygge ut sidene med meir rettleiingsmateriell når det blir klart.
Vi oppfordrar alle straumleverandørar til å sette seg inn i den nye rettleiinga. Dei bør sørge for at dei følger krava som er presentert i rettleiaren, og eventuelt gjere nødvendige endringar slik at dei følger lova.