Forbrukartilsynet og 19 andre forbrukarmyndigheiter frå heile verda har publisert eit ope brev til klesbransjen. I brevet oppfordrar myndigheitene næringsdrivande til å unngå vage, generelle berekraftspåstandar, og til å halde seg til korrekte, klare og nøyaktige miljøpåstandar i marknadsføring.
Dei 20 landa har ikkje same regelverk. Likevel er myndigheitene i alle landa samde om nokre viktige prinsipp. Alle dei 20 landa har for eksempel krav til at næringsdrivande skal kunne dokumentere påstandar i marknadsføring, og villeiande marknadsføring er forboden.
Du kan laste ned heile brevet i PDF-format her (på engelsk).
Strengt regulert i Noreg
I Noreg er marknadsføring til forbrukarar strengt regulert i lovverket. Forbrukartilsynet var òg tidleg ute med å handheve lova når det gjeld miljøpåstandar.
I 2022 sende vi brev til Norrøna, H & M og SAC, selskapet bak Higg MSI. Dette er eit verktøy som måler miljøpåverknaden frå ulike tekstilar.
Forbrukartilsynet konkluderte med at dette verktøyet ikkje var godt nok som grunnlag for miljøpåstandane Norrøna brukte og H & M skulle ta i bruk i marknadsføring. Noko av grunnen var at verktøyet ikkje målte heile miljøpåverknaden frå eit ferdig plagg du kjøper i butikken, kun utvalte kategoriar. Verktøyet tok òg utgangspunkt i gjennomsnittstal for miljøpåverknaden til dei ulike tekstiltypane som er henta inn frå ulike regionar og land i verda. Dette gjennomsnittet gjaldt ikkje nødvendigvis for akkurat dei produkta som blei marknadsført. Bevisa var dermed ikkje gode nok til å dokumentere miljøpåstandane i marknadsføringa, slo Forbrukartilsynet fast.
Året etter forbaud ein svensk domstol ein meieriprodusent å bruke påstanden «netto null klimaavtrykk» (norsk omsetting) eller liknande påstandar i marknadsføringa. På bakgrunn av dommen frå Sverige gjekk nordiske forbrukarmyndigheiter ut med ei felles fråsegn om påstandar om klimakompensasjon i marknadsføring.
I 2024 tok Forbrukartilsynet initiativ til ei felles, europeisk tilsynssak mot motegiganten Zalando. Kleskjeda hadde då i fleire år brukt klima- og miljøpåstandar i marknadsføring som ga eit villeiande inntrykk av at mange produkta dei selde ikkje påverka miljøet negativt. Zalando var imøtekommande, og gjekk med på å fjerne villeiande språk og symbol frå nettstaden sin. Selskapet lova òg å slutte å bruke omgrep som «berekraftig» eller andre overdrivne ord når dei omtalte produkta sine. Selskapet skal heretter heller oppgi spesifikk informasjon om korleis produkta skil seg positivt ut.
Hjelp og rettleiing
Lurer du på kva reglar som gjeld for miljøpåstandar i marknadsføring, eller korleis du kan marknadsføre produkta dine lovleg? Då finn du meir informasjon i rettleiingsteksten vår om berekraftspåstandar i marknadsføring.