På desse arrangementa kan du høyre oss i år:
BARN BLIR TRENTE STORGAMBLERE – HVA KAN VI GJØRE MED DET?
Tid og stad: Tysdag 12. august kl. 11.30, S/S Solrik
Kven deltek frå Forbrukartilsynet: Direktør Bente Øverli
På dette arrangementet vil du få betre kjennskap til korleis pengebruk i dataspel – som kjøp av lootboksar – påverkar spelarane. Dei ulike styresmaktene som handhevar regelverket forklarer reglane og korleis reguleringa fungerer. Politikarane er invitert til å diskutere kva vi kan gjere for å hindre at barn og unge blir avhengige av spel.
KAN OECDs RETNINGSLINJER HOLDE KURSEN NÅR BÆREKRAFT MØTER MOTVIND?
Tid og stad: Tysdag 12. august kl 17 – 18. Sløydsalen, Kirkebakken 13
Kven deltek frå Forbrukartilsynet: Underdirektør Christoffer Bjørnum
Samtalen vil utforske korleis retningslinjene frå OECDs og rettleiing kan sikre at EUs berekraftsreglar og evaluering av openheitslova fører til reell endring i praksis. Korleis kan vi unngå nye papirmøller og spørjeskjema, og vise at ansvarleg næringsliv kan vere eit konkurransefortrinn?
ÅPENHET FOR NÆRINGSLIVET – HEMMELIGHOLD FOR DET OFFENTLIGE?
Tid og stad: Onsdag 13. august kl. 13.30, Kirkekjelleren
Kven deltek frå Forbrukartilsynet: Underdirektør Christoffer Bjørnum
Åpenhetsloven har stilt krav til norske bedrifter om innsyn, aktsemd og etisk ansvar. Har lova endra praksis og haldningar i næringslivet, eller berre skapt meir byråkrati? Og korfor gjeld ikkje dei same prinsippa for det offentlege?
TRYGGHETSINDEKSEN – VEIEN VIDERE FOR TRYGG BOLIGHANDEL I TRE DELER
Tid og stad: Onsdag 13. august kl. 14.00, M/S Brisen
Kven deltek frå Forbrukartilsynet : Underdirektør Marit Evensen
Korleis kan bolighandelen bli enda tryggare? – Debatt med Huseierne, NEF, Norsk Takst, Forbrukartilsynet og politikarar.
SLIK SKAL TEKNOLOGIGIGANTENE TEMMES
Tid og sted: Torsdag 14. august kl. 10.00, S/S Solrik
Kven deltek frå Forbrukartilsynet: Direktør Bente Øverli
Digital Services Act (DSA) blir snart ein del av norsk lov. Dette direktivet skal beskytte forbrukarane på nett, med særleg vekt på barn og unge. Teknologigigantane får mellom anna nye krav om å sikre personvern og forbrukarrettar.
I Noreg har Nkom fått ansvaret for å handheve DSA, saman med Datatilsynet, Forbrukartilsynet og Medietilsynet. Korleis vil DSA styrke forbrukarrettar og redusere samfunnsrisiko i Noreg?
I tillegg er vi til stades på ei rekke arrangement om prioriterte fagfelt som finans, barn og ung, straum og digitalisering. På tysdag deltek vi på boligdagen, og vi vil òg vere til stades på fleire debattar om åpenhetsloven.
Vi sjåast i Arendal!