Flytrafikk fører kvart år til store utslepp av klimagassar. Derfor er det heilt naudsynt at bransjen tar grep for å få ned utsleppa. Mange flyselskap er allereie i gong med miljøtiltak. Då er det naturleg at dei ønsker å fortelje forbrukarane om desse tiltaka.
Mange forbrukarar er opptatte av å velje meir miljøvennlege alternativ – også når dei skal ut og reise. Derfor er det viktig at dei får korrekt informasjon slik at dei ikkje trur at flygingane påverkar miljøet mindre enn dei faktisk gjer. Flyselskapa må ikkje overdrive effekten av klimatiltak, eller nytte vage, villeiande eller unøyaktige miljøpåstandar i marknadsføring.
Felles rettleiing frå styresmaktene i 17 land.
No har Forbrukartilsynet og forbrukarstyresmaktene i 16 andre land publisert eit ope brev til flybransjen. I brevet oppfordrar styresmaktene flyselskapa til å unngå vage, generelle berekraftspåstandar, og til å halde seg til korrekte, klare og nøyaktige miljøpåstandar i all marknadsføring.
Dei 17 landa har ikkje same regelverk. Likevel er styresmaktene i alle landa samde om nokre viktige prinsipp. Alle dei 17 landa har for eksempel krav til at næringsdrivande skal kunne dokumentere påstandar i marknadsføring, og villeiande marknadsføring er forboden.
Du kan laste ned heile brevet i PDF-format her (på engelsk).
Klare krav til kommunikasjon om klimakompensasjon
Mange flyselskap har klimakompensasjon som ein del av berekraftsplanane sine. Det ønsker dei ofte å fortelje om i marknadsføring. Dessverre får forbrukarane ofte mangelfull informasjon om desse tiltaka, eller flyselskapa påstår at ordningane har ein større positiv påverknad på miljøet enn dei kan dokumentere. Det kan vere villeiande, og dermed ulovleg.
I brevet til flybransjen krev dei 17 styresmaktene at flyselskapa skal kunne dokumentere effekten av alle klimakompensasjonstiltak dei marknadsfører. Mange slike tiltak har ein uviss eller avgrensa effekt, og det er det viktig at selskapa kommuniserer tydeleg til forbrukarane. Det er òg viktig at marknadsføringa ikkje gjer inntrykk av at klimakompensasjonen fjernar eller eliminerer klimagassutsleppa frå sjølve flyreisa.
I dei nordiske landa har styresmaktene følgt godt med på marknadsføring av klimakompensasjon i fleire år. I 2023 forbaud ein svensk domstol ein meieriprodusent å bruke påstanden «netto null klimaavtrykk» (norsk omsetting) eller liknande påstandar i marknadsføringa. På bakgrunn av dommen frå Sverige gjekk nordiske forbrukarmyndigheiter ut med ei felles fråsegn om påstandar om klimakompensasjon i marknadsføring.
Berekraftig drivstoff
Mange aktørar i flybransjen trekk fram berekraftig flydrivstoff (Sustainable Aviation Fuel, SAF) som eit av de viktigaste tiltaka for å få ned klimautsleppa frå flytrafikk. I brevet understrekar styresmaktene at alle påstandar om SAF må vere tydelege og nøyaktige. Dei næringsdrivande må gi forbrukarane nok informasjon til at dei kan forstå kor mykje bruken av SAF faktisk reduserer klimautsleppa. Dei må heller ikkje overdrive betydninga av SAF så lenge dei nyttar dette drivstoffet i liten grad.
Pågåande sak mot 20 flyselskap
Både i Noreg og elles i Europa er miljøpåstandar i marknadsføring enda strengare regulert enn det ein kan basere på desse internasjonale prinsippa. I 2024 sendte det europeiske CPC-nettverket ut brev til 20 flyselskap om moglege lovbrot som følge av grønvasking. Noreg har ei leiande rolle i dette arbeidet, saman med forbrukarstyresmaktene i Belgia, Nederland og Spania.
Hjelp og rettleiing
Lurer du på kva reglar som gjeld for miljøpåstandar i marknadsføring, eller korleis du kan marknadsføre produkta dine lovleg? Då finn du meir informasjon i rettleiingsteksten vår om berekraftspåstandar i marknadsføring.