Unngå bruk av påstandar om «klimanøytral» eller «klimakompensert»

Påstandar som «klimanøytral» eller «klimakompensert» går igjen i marknadsføring mot forbrukarar. Forbrukartilsynet og andre nordiske forbrukarmyndigheiter meiner at slike påstandar lett vil vere villeiande og derfor forbode.

Publisert:

I 2023 forbaud ein svensk domstol ein meieriprodusent å bruke påstanden “netto null klimaavtrykk» (norsk omsetting) eller liknande påstandar i marknadsføringa. På bakgrunn av dommen frå Sverige har nordiske forbrukarmyndigheiter utarbeidd ei felles fråsegn om bruk av påstandar om klimakompensasjon i marknadsføring. Den felles fråsegna frå nordiske forbrukarmyndigheiter finn du her.

– Dei same reglane gjeld i Noreg som i Sverige på dette området. Alle næringsdrivande som bruker påstandar som “klimanøytral” eller andre påstandar basert på klimakompensasjon, bør derfor sette seg nøye inn i avgjerda, seier direktør i Forbrukertilsynet, Trond Rønningen.

Avgjerda frå den svenske domstolen kan du finn her.

Næringsdrivande bør gjennomgå klimapåstandane sine

Marknadsføringslova krev at den næringsdrivande kan dokumentere alle påstandar som blir brukte i marknadsføring. Dette gjeld òg framtidige visjonar som eit selskap bruker i marknadsføringa.

Berekraftspåstandar som «klimanøytral» eller «klimakompensert» er generelle og vage påstandar som lett kan vere villeiande. Med dei ordningane for klimakompensasjon som finst i dag, er slike påstandar òg vanskeleg å dokumentere. Dommen frå Sverige illustrerer nettopp utfordringa næringsdrivande har med å dokumentere påstandar om klimakompensasjon etter krava i marknadsføringslova.

Forbrukartilsynet oppfordrar derfor alle næringsdrivande som nyttar påstandar i marknadsføringa basert på klimakompensasjon til å gjennomgå påstandane sine opp mot krava i marknadsføringslova.

Kva påstandar kan næringsdrivande bruke?

I staden for å bruke påstandar som kan gi forbrukarar inntrykk av at produktet eller tenesta har kompensert klimaavtrykk fullt eller delvis, bør næringsdrivande i staden beskrive dei konkrete tiltaka dei gjer, for eksempel for å binde CO2.

Kva konkrete miljøtiltak som blir gjort set rammene for kva bodskap som kan brukast i marknadsføringa. Marknadsføringa må ikkje gi inntrykk av at tiltaka har større påverknad enn dei faktisk har. Næringsdrivande må sikre at forbrukarar får eit riktig inntrykk, sjølv i marknadsføringskanalar der det er avgrensa med plass til å forklare.

– Grunnlaget for klimapåstandar vil som regel vere komplisert, og den næringsdrivande kan ikkje overforenkle dette i kommunikasjonen til forbrukar. Påstanden må alltid forklarast nærare på same stad som der påstanden blir brukt – det held ikkje med ei tilvising til eit anna stad der forklaringa står, seier Rønningen.

Les meir om kravet i lova i Forbrukertilsynets rettleiing om bruk av berekraftspåstandar i marknadsføring.

Flere artikler

Slår ned på grønvasking i flybransjen

Europeiske forbrukarmyndigheiter går saman for å slå ned på grønvasking i flybransjen.