Flybransjen tek grep for å hindre grønvasking

21 europeiske flyselskap har forplikta seg til å endre marknadsføringa si.

Publisert:

Det europeiske forbrukarnettverket CPC (Consumer Protection Cooperation Network), har sidan sommaren 2023 jobba tett med dei største flyselskapa i regionen for å stanse moglege lovbrot som følge av grønvasking. Forbrukertilsynet i Noreg har leia arbeidet saman med EU-kommisjonen og forbrukarmyndigheitene i Belgia, Nederland og Spania. 

Nå har 21 flyselskap, deriblant Norwegian og SAS, forplikta seg til å sette i verk avbøtande tiltak. Det betyr at flyselskapa skal endre marknadsføringa si slik at han ikkje gjer eit villeiande inntrykk av klima- og miljøpåverkinga deira, men i staden forklarer kva konkrete miljøtiltak går ut på.

Strenge krav til dokumentasjon ved miljøpåstandar

I eit brev til flyselskapa 30. april 2024 påpeika vi ei rekke eksempel på marknadsføring som kan vere villeiande og forbode:

Du kan lese meir om bakgrunnen for saka her: https://www.forbrukertilsynet.no/slar-ned-pa-gronvasking-i-flybransjen 

– Forbrukarane må kunne velje

Flyselskapa har forplikta seg til å endre marknadsføringa på ulike måtar, men ut ifrå dei same retningslinjene. Sjølv om tiltaka gjeld marknadsføringa til kvart enkelt selskap, er det likevel slik at mange av dei same lovbrota går att på tvers av bransjen. Det har derfor vore viktig for forbrukarmyndighitene å sikre at alle flyselskapa blir behandla likt. 

– Å fly forureinar alltid. Derfor er det viktig at flyselskapa ikkje overdriv effekten av tiltak dei gjer for å redusere klima- og miljøbelastninga. Avtalane inneber at selskapa må kommunisere konkret og realistisk kva dei gjer. Først då kan forbrukarar få kunnskap til velje å bruke dei selskapa som faktisk gjer store framsteg, påpeikar Forbrukertilsynets direktør, Bente Øverli.

Bente Øverli
Bente Øverli, direktør i Forbrukertilsynet.
Foto: Dag Jenssen/Forbrukertilsynet

Styresmaktene kan følgje opp med sanksjonar viss selskapa bryt lova igjen

Alle selskapa har enten endra marknadsføringa eller forplikta seg til å endre han i løpet av vinteren og våren. CPC-nettverket og nasjonale myndigheiter vil følge nøye med på at selskapa faktisk endrar marknadsføringa. Dersom selskapa ikkje held avtalane, kan styresmaktene følge opp med sanksjonar.  

Framover vil CPC-nettverket jobbe for at selskap som ikkje er basert i Europa, men som flyg inn og ut av Europa, følgjer dei same reglane.

Her er oversikta over kva flyselskapa har forplikta seg til. Noko marknadsføring er berre delvis rydda opp i av selskapa. Dersom ikkje selskapa løysar desse punkta heilt, risikerer dei sanksjonar frå nasjonale styresmakter.

Bakgrunn: Klage frå Forbrukarrådet
Saka starta då Forbrukarrådet og 21 andre europeiske forbrukerorganisasjonar gjekk saman for å klage inn 17 flyselskap til CPC-nettverket. Rapporten deira, Green (f)lying, danna grunnlaget for saka. CPC-nettverket gjorde deretter eigne undersøkingar og utvida aksjonen til ytterlegare 4 selskap.

Forbrukarrådets arbeid mot grønvasking kan du lese meir om her: Siste nytt – Forbrukerrådet