Ny rettleiar for marknadsføring av bustad

Vi har oppdatert rettleiaren vår for marknadsføring av bustad for å gjere det enklare for næringsdrivande å marknadsføre bustader på rett måte.

Publisert:

Dei siste åra har det komme ei rekke nye reglar for både eigedomsmeklarar og andre næringsdrivande når det gjeld marknadsføring av bustad. I den nye rettleiaren vår tek vi stilling til fleire nye tema, og tydeliggjer samtidig fleire av dei tidlegare standpunkta våre.

Målet med oppdateringa har vore å gjere rettleiaren meir tydeleg og oversiktleg, og dessutan tilpasse han betre til dagens krav til marknadsføring av bustad. Vi har innhenta innspel frå bransjen, og dette har gitt oss verdifull informasjon som ligg til grunn for sluttresultatet.

Den nye rettleiaren finn du her

Ny struktur og utforming

Rettleiaren er no delt inn i tema som gir eit betre overblikk og gjer det enklare å finne informasjon. Temaa er:

Fleire eksempel og presiseringar

Vi har gjort fleire innhaldsmessige endringar, mellom anna presiseringar, forenkla språk, fleire eksempel og oppdatert fagleg innhald. Under kvart tema er det ein endringslogg, der de kan lese om dei faglege endringane vi har gjort.

På enkelte punkt har vi også endra standpunkt. Dette gjeld spesielt:

Nye tema

Vi har òg sett eit behov for å legge til nokre nye tema i rettleiaren, mellom anna:

Kva skjer no?

Vi oppmodar alle som marknadsfører bustad til å setje seg grundig inn i den nye rettleiaren, og sørge for å følgje krava. Når vi framover skal vurdere konkrete saker, vil vi legge vekt på om den nye rettleiaren var publisert på tidspunktet marknadsføringa blei lagd ut.

Ta kontakt viss de treng rettleiing

Om de ikkje finn svar på det de lurer på i den nye rettleiaren, kan de sende ein førespurnad om rettleiing på Min side.

Flere artikler

Bankene må følge depositumsreglene ved boligleie

Loven stiller strenge krav til bankenes håndtering av depositumskontoer. Vi har gitt bankene veiledning om enkelte, sentrale krav de må sørge for å følge.