I slutten av januar gjennomførte Forbrukartilsynet ein tilsynsaksjon der vi sjekka eit tilfeldig utval av bustadannonsar frå dei ti største eigedomsføretaka i Noreg. Hensikta med tilsynsaksjonen var å undersøke om føretaka følgde reglane for marknadsføring av antal soverom.
Rettleiaren vår om bustadmarknadsføring har blitt oppdatert med informasjon om korleis soverom skal marknadsførast, og standpunkta våre er gjort godt kjent i marknaden. Riktig informasjon i annonsane er viktig for at forbrukarane ikkje skal få inntrykk at det er fleire godkjende soverom enn det faktisk er.
I tilsynsaksjonen fann Forbrukartilsynet det vi meiner er lovbrot hos 9 av 10 aktørar.
– Vi rekna med å finne lovbrot, men trudde ikkje vi skulle finne så mange som dette, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.
Ni aktørar har fått brev
Forbrukartilsynet sjekka eit tilfeldig utval annonsar frå dei største aktørane på Finn.no. Utvalet var basert på dei ti selskapa som har annonsert flest sal på Eiendomsverdi i perioden 01.01.2023-05.12.2023. Det var ingen geografiske avgrensingar, men omfanget var avgrensa til 20 tilfeldig utvalde annonsar for bruktbustader og 10 for fritidseigedommar per selskap.
Totalt sjekka vi 300 annonsar, og fann det vi meiner er ulovleg marknadsføring i 25 av annonsane.
Desse selskapa blei sjekka:
- Proaktiv
- Eiendomsmegler Vest
- DNB Eiendom
- Nordvik bolig
- Aktiv Eiendomsmegling
- Eiendomsmegler 1 Norge
- Privatmegleren
- Eie Franchise
- Krogsveen Eiendom
- &Partners
- &Partners
Alle selskapa, bortsett frå &, har fått brev frå Forbrukartilsynet kor vi påpeikar feil i marknadsføringa og gir ei grundig innføring i reglane som gjeld.
Sjå meir om reglane i bustadrettleiaren vår
Korleis skal soverom marknadsførast?
Når antal soverom skal angivast i marknadsføringa, skal berre rom som er godkjent til bruk som soverom bli inkludert, viss ikkje kan dette vere i strid med marknadsføringslova.
Vi ser at mange oppgir antal soverom basert på bruken i dag. Det er ikkje tilstrekkeleg. For å finne ut kva rom som er godkjent som soverom, pliktar eigedomsmeklaren å innhente planteikningar frå kommunen.
Dersom eit rom ikkje er godkjent som soverom, kan det altså heller ikkje inngå i oppsummeringa av antal soverom i annonsen, som ein blant anna kan sortere søk etter på Finn.no.
Man kan likevel elles i annonsen og salsoppgåva forklare at rommet blir brukt som soverom i dag, men at det manglar godkjenning frå kommunen.
Forventar at selskapa ryddar opp
Alle selskapa som har fått brev med rettleiing, har òg fått moglegheit til å kommentere funna våre. Dei fleste selskapa har gitt tilsvar innan fristen, og har vore positive til rettleiinga dei har fått.
Dersom selskapa ikkje innrettar seg, kan Forbrukartilsynet fatte vedtak. I denne omgang gir vi grundig rettleiing via brev, med moglegheit til å rette opp praksisen.
– Vi forventar at selskapa ryddar opp, og at dei innrettar seg etter reglane i framtidige bustadannonsar, seier Rønningen.
Forbrukartilsynet oppfordrar andre eigedomsføretak til å ta kontakt dersom dei synest reglane rundt marknadsføringa av antal soverom er uklare.
Krav til marknadsføring av antal soverom
Når antal soverom skal angivast i marknadsføringa, skal berre rom som er godkjent til bruk som soverom bli inkludert, viss ikkje kan dette vere i strid med marknadsføringslova. Dette gjeld òg opplysningar om antal soverom i filterfunksjonen på søkemotorar. Soverom som ikkje er godkjent, kan beskrivast elles i marknadsføringa. Det gjeld òg når det er uvisst om eit soverom er godkjent.
For å finne ut kva rom som er godkjent som soverom, pliktar eigedomsmeklar å innhente planteikningar frå kommunen. Dersom bustaden har avvik frå planteikningane, for eksempel at det ikkje er søkt bruksendringar på eit av romma til soverom (der det er slik søknadsplikt), så kan ikkje dette rommet blir marknadsført som soverom.
Eksempel: Bustaden har 4 rom som blir nytta som soverom, men berre 3 av desse tilfredsstiller krava til godkjenning. Her skal antal soverom blir angitt til 3. Ei nærare beskriving av det siste rommet kan bli gitt i salsoppgåva.
Dersom det ikkje er mogleg å finne ut av om soverommet er godkjent eller ikkje, må det gjerast ei konkret heilskapsvurdering av eigenskapane i rommet. Rom som openbart ikkje er godkjent som soverom, bør ikkje oppførast som soverom i marknadsføringa.
Eksempel: Bustaden har eitt rom i kjellaretasjen som blir nytta som soverom. Rommet har eit lite vindauge som ikkje kan brukast som rømmingsveg. Her anbefaler vi at rommet ikkje marknadsførast som soverom.