6. juli 2021

«Grøn straum» er ikkje grøn straum i stikkontakten

Kva straumavtale ein har påverkar ikkje straumen ein får levert i stikkontakten. Kraftselskap kan derfor ikkje gi inntrykk av at forbrukarane kan få levert «grøn» straum inn i husa sine gjennom straumavtalen sin.

«Grøn straum» er ikkje grøn straum i stikkontakten

Forbrukartilsynet har denne våren undersøkt bruk av berekraftpåstandar i straummarknaden. Tilsynet har gjennomgått marknadsføringa hos 26 kraftselskap, og har sendt ut brev til 17 selskap der selskapa enten bedast om å endra marknadsføring som er i strid med marknadsføringslova eller blir beden om å gi ytterlegare opplysningar om marknadsføringa si.

– Forbrukartilsynet er positive til at kraftleverandørar har fokus på klima og miljø og at det blir kommunisert til forbrukarane. Det er likevel viktig at kraftselskap og andre er presise når dei bruker berekraftpåstandar i marknadsføringa, slik at forbrukarane kan ta informerte val på straummarknaden, seier direktør i Forbrukartilsynet, Trond Rønningen.

Tilsynet har òg merka seg at enkelte selskap som ikkje opererer i straummarknaden bruker påstandar om at varer eller tenester produseres med fornybar energi. Vi har bedt tre selskap gjera greie for bruken av slike påstandar i marknadsføring.

Må gi presis og balansert informasjon

Tilgang til straum er i praksis ein nødvendighet for alle forbrukarar. Det er på same tid ein komplisert marknad som er vanskeleg å manøvrera seg i. Mange forbrukarar ønsker å gjera gode miljøval, og for nokon er dette avgjerande når dei vel straumavtale. Det er derfor viktig å ikkje overselge dei miljømessige eigenskapane til straumavtalane.

Ein opphavsgaranti er eit bevis på at ei viss mengde straum er produsert frå ei bestemd energikjelde. Å kjøpa straumavtalar med opphavsgarantiar er ein måte forbrukarar kan støtte opp om produsentar av fornybar energi.

Det påverkar likevel ikkje straumen som forbrukaren får levert i heimen gjennom straumavtalen sin.

Prioriterte område

Særlig vil påstandar om at straumen er «grøn», «miljøvennleg» eller liknande kunne gi forbrukarar eit inntrykk av at straumen dei får levert til husstanden sin skil seg frå straumen naboen får levert til seg.

– For å unngå å villeia forbrukarar er det derfor viktig at kraftselskapa er tydelege på kva som skil kraftavtalane frå kvarandre i eit miljøperspektiv. Viss kjøp av opphavsgarantiar er det ein ønsker å framheva i marknadsføringa, er det viktig at ein forklarer nettopp dette og gir eit balansert inntrykk av kva effekt det har for miljø og klima å kjøpa opphavsgarantiar, uttaler Rønningen.

Både berekraftmarknadsføring og straummarknaden er prioriterte område for Forbrukartilsynet. Vi har følgt, og vil framover følgje, nøya med på begge desse felta.

Flere artikler
5. oktober 2021

Informasjon om åpenhetsloven

Forbrukartilsynet får tilsyn med lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (åpenhetsloven). Loven tek til å gjelde 1. juli 2022.