Reise og transport

Forbrukartilsynet arbeider med fly- og pakkereiser, hotell, parkering, kollektivtransport og bilutleige. Dette omfattar òg reisebyrå og formidlarar på nett.

Kva gjer vi?

  • Vi fører tilsyn med marknadsføring av reisetenester. Vi er særleg opptekne av at prisopplysningane er rette, og at alle obligatoriske gebyr er med i totalprisen.
  • Vi medverkar til at avtalevilkår ikkje er urimelege. Vi jobbar særleg med vilkår som gjeld betaling, avbestilling og ansvar.

Viktig å vite:

  • Totalpris må inkludere alle obligatoriske gebyr.

    Betalingsgebyr og skattar og avgifter som forbrukaren ikkje kan velje bort, skal vere inkluderte i totalprisen som blir marknadsført til forbrukar.

  • Pakkereiser

    Forbrukartilsynet har i samarbeid med bransjeorganisasjonen for reiseliv utarbeidd vilkår for pakkereiser. Desse omfattar blant anna vilkår for betalingstidspunkt, depositumsstorleik og avbestillingsvilkår.  I 2018 kommer det ny lov om pakkereiser og reisegaranti.

  • Bransjenorm for sal av pakkereiser og formidling av flybillettar

    Forbrukartilsynet har utarbeidd ei bransjenorm som i hovudsak byggjer på relevante føresegner i ehandelslova, angrerettlova, pakkereiselova, pakkereiseforskrifta og marknadsføringslova. For forhold som ikkje blir direkte regulerte i dette regelverket, gir bransjenorma rettleiing om god forretningsskikk på området.

  • Marknadsføring av flybillettar der berre eit avgrensa tal er tilbydd

    Forbrukartilsynet har utvikla retningslinjer for marknadsføring av flybillettar. Det blir stilt krav til at opplysningar om prisar skal vere klare og eintydige, og at prisen som blir marknadsført, må vere reell. Det må tydeleg opplysast om eventuelle avgrensingar eller vilkår i marknadsføringa.

  • Kollektivtransport

    Teknologiske omleggingar i billettsystem må speglast i avtalevilkåra til reiseselskapa. Slike omleggingar skal ikkje føre til urettmessige gebyr eller auka forbrukaransvar. Reisevilkåra til transportselskapa blir godkjende av Samferdselsdepartementet, og Forbrukartilsynet gir innspel til desse før godkjenninga blir gitt.

  • Parkering

    Nytt parkeringsregelverk for vilkårsparkering trådde i kraft 1. januar 2017. Regelverket vil som hovudregel gjelde for alle som tilbyr vilkårsparkering, altså parkering mot avgift, med tidsavgrensing eller andre vilkår. Klagar på vilkårsparkering kan difor rettast til Parkeringsklagenemnda, dersom du ikkje vinn frem med klaga overfor parkeringsselskapet. Les meir om Parkeringsklagenemnda. Finn meir om regelverket på heimesidene til Statens Vegvesen.

Visste du at

  • Nordmenn gjennomførte 3,9 millionar innanlandsreiser med minst ei overnatting i andre kvartal 2016. Dette er 20 prosent fleire enn same periode året før.
Kjelde: Reiseundersøkinga frå SSB, 2. kvartal 2016
16.08.2018

AutoPASS-utstedere kan ikke forskjellsbehandle dårlige betalere

Folk med dårlig økonomi bør ikke pålegges å stille depositum eller betale på forskudd for å passere bomringer med mindre de har misligholdt bompengeavtalen.

Fagpersoner