27. mai 2025 sløkte ICE 2G-nettet sitt. Telenor og Telia har òg gitt NKOM beskjed om at dei kjem til å skru av 2G-nettet om kort tid. Telia sløkker i august 2025. Telenor har utsett sløkkinga til slutten av 2027.
Når 2G-nettet forsvinn, kan det skape problem for utstyr som bruker dette nettet. Noko utstyr vil miste enkelte funksjonar, mens anna utstyr vil slutte heilt å fungere.
Ein mobiltelefon som ikkje støtter verken 4G eller 5G vil for eksempel ikkje fungere utan 2G-nett.
Ein bil vil framleis fungere utan 2G, men han kan miste funksjonar som eCall, fjernstyring av klimaanlegg, låsefunksjonar og ulike infotainmentappar.
Kunden har krav på informasjon
Forbrukartilsynet meiner eCall, infotainmentappar og fjernstyring av klimaanlegg og låsefunksjonar er hovudeigenskapar ved ein bil. For mobiltelefonar er nettilgang naturlegvis enda viktigare, og tilkopling til mobilnettet er sjølvsagt ein av hovudeigenskapane til ein mobil.
Viss produkta du sel vil bli påverka av 2G-sløkkinga, har kundane dine krav på informasjon om dette. Allereie i 2024 sende Forbrukartilsynet orienteringsbrev til bruktbilforhandlarar og elektronikkjeder. Der gav vi beskjed om at næringsdrivande som sel produkt som berre støttar 2G, må fortelje forbrukarane at 2G-nettet skal sløkkast. Å selje slike produkt utan å informere om sløkkinga, kan vere ein villeiande handelspraksis. Det er ikkje lov.
Viss du sel og marknadsfører slike produkt utan å informere om at 2G-nettet skal sløkkast, kan det også utgjere ein mangel etter forbrukerkjøpsloven. Då kan kunden ha krav på retting, prisavslag eller heving av kjøpet.
Vil du vite meir?
Du kan lese orienteringsbreva i PDF-format her:
Treng du meir informasjon om sløkkinga?
Telenor og Telia har laga ein felles nettstad med informasjon om sløkkinga. Les meir på byttnettnå.no.