Sjå opp for kortsvindel på nett

Finanstilsynet åtvara nyleg mot ei kraftig auking i misbruk av kortinformasjon på nett. – Ver kritisk til kor du legg att sensitive opplysningar når du netthandlar, rådar Forbrukarombodet.

Publisert:
Oppdatert:

I ein fersk rapport, beskriv Finanstilsynet ein stor vekst i kortsvindel der sjølve bankkortet ikkje fysisk er tilgjengeleg for svindlaren. I 2016 vart heile 137 millionar kroner svindla frå nordmenn på denne måten, noko som er ein oppgang på 39 prosent frå året før.

Samtidig som nettsvindelen for betalingskort aukar, har ein det siste året hatt ein nedgang i «fysisk» kortsvindel, mellom anna skimming og bruk av falske betalingskort.

LES RAPPORTEN: Risiko- og sårbarhetsanalyse – Finansforetakenes bruk av Informasjons- og kommunikasjonsteknologi

– Ver bevisst

– Svindlerane tek stadig i bruk nye, kreative metodar. Det viktigaste vi som forbrukarar kan gjere er å være bevisste på kor vi legg att kort- og betalingsopplysningane våre på nettet. Vi må rett og slett vere litt kritiske, seier fagdirektør Tonje Hovde Skjelbostad, og legg til:

– Dette gjeld mellom anna når vi shoppar i ukjende nettbutikkar, om vi får e-postar kor vi blir oppmoda til å logge inn ein stad eller betale for noko, eller om vi får ein telefon frå nokon som ønskjer å fikse eit problem på datamaskina vår.

Les om ulike metodar for svindel

Forbrukarombodet har her samla info om kjende svindelmetodar på nettet:

Flere artikler

Får lovbrotsgebyr på 150 000 kroner

Forbrukartilsynet fattar vedtak om lovbrotsgebyr på 150 000 kroner mot Rørleggervakta 24vvs AS. Selskapet har villeia forbrukarar om kva slags teneste dei leverer.