Julehandel på nett? Ver kritisk til kor du handlar!

Er du ein av mange nordmenn som tek julehandelen frå sofakroken? Sjekk om nettbutikken står i Forbrukarombodet sitt svindelgalleri før du legg inn ei bestilling.

Publisert:
Oppdatert:

Over halvparten av alle nordmenn vil kjøpe ei eller fleire julegåver på nett i år. Men før du legg att kortinformasjonen din hos ein ukjent nettbutikk bør du sjekke svindelgalleriet til Forbrukarombodet. Det er no oppdatert med 39 nye nettbutikkar.

Sider som hevdar å selje sportsklede frå G-sport og moteklede frå Holzweiler er blant dei ferske tilskota på lista.

– Ver kritisk til kor du legg att pengane dine på nettet og søk etter erfaringane til andre før du trykker på bestillknappen, rådar forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Vil lure forbrukarane

Forbrukarombodet får jamleg tips frå forbrukarar som ikkje får varene dei har bestilt eller som ender opp med billege kopiar.

I det siste har vi fått fleire tips om svindlarar som kopierer verkelege nettbutikkar i både layout og nettadresser for å lure norske forbrukarar. Svindelsidene har ofte heilt like nettsidenamn, men endingane på URL-ane skil seg frå dei ekte butikkane.

Her er nokre eksempel på falske sider:

Forbrukarane som har tipsa oss om desse sidene har anten ikkje motteke varene dei har bestilt, fått falske varer eller mistenkt at sida var falsk utan å ha handla der.

– Fleire av desse sidene ser svært proffe ut, og nettadressa er like den originale adressa. Då er det lett å bli lurt, seier forbrukarombod Elisabeth Lier Haugseth.

Mens nokon av svindelbutikkane lokkar med superbillige merkevarer, legg andre seg tett opp mot den verkelege nettbutikken sin pris. Dette gjer det enda vanskelegare å skilje ekte frå falske nettbutikkar.

Sjekk svindelgalleriet.

Kva bør du sjå etter?

Skal du handle frå ein nettbutikk du ikkje har handla frå før, bør du undersøke eit par ting før du legg inn bestillinga. Sjekk om kontaktinformasjonen er lett tilgjengeleg. Viss språket er dårleg og omset direkte frå engelsk, bør varsellampane blinke. Og ta for all del eit nettsøk på kva andre forbrukarar seier om butikken.

Det er enkelt å opprette ei nettside som ser profesjonell ut. Og om ei falsk side blir lagt ned, opprettar useriøse aktørar raskt fleire nettbutikkar med omtrent likelydande namn.

– Sjekk heller butikken ein gong for mykje enn ein gong for lite. Mange er ute etter å tene gode pengar på nordmenn sin julehandel. Difor bør du ikkje stole blindt på tilsynelatande seriøse nettbutikkar, poengterer Haugseth.