Klar for tørrlagd asfalt? Ver kritisk til superbillige joggesko på nett

04.04.2018 — Våren er på trappene og mange ynskjer å oppgradere treningsgarderoben. Sjekk om nettbutikken står i Forbrukartilsynet sitt svindelgalleri før du legg inn ei bestilling.
En person som sitter og taster på en PC.

Foto: NeONBRAND/Unsplash

Mange nettbutikkar lokkar med kjende merkesko til svært låge prisar. Men før du legg att kortinformasjonen din hos ein ukjent nettbutikk bør du sjekke svindelgalleriet til Forbrukartilsynet. Det er no oppdatert med 60 nye nettbutikkar.

Blant dei ferske tilskota er ei rekkje butikkar som sel sportsklede og joggesko.

– Mange gler seg til å ta i bruk nye joggesko på tørrlagt asfalt. Men det som ser ut som superbillige merkesko kan fort vise seg å vere dårlege kopiar. Og i verste fall dukkar skoa aldri opp i posten, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Vil lure forbrukarane

I 2017 var falske nettbutikkar på tips-toppen hos Forbrukartilsynet. Nordmenn tipsar om butikkar som sel alt frå sports- og treningsklede til bilutstyr, dingsar og dusjhovud. Fleire av tipsa dreier seg om svindlarar som kopierer verkelege nettbutikkar i både layout og nettadresser for å lure norske forbrukarar. Svindelsidene har ofte heilt like nettsidenamn, men endingane på URL-ane skil seg frå dei ekte butikkane.

Skjermdump fra nettside som selger svært billige adidassko.

Hvis tilbudet ser for godt ut til å være sant, bør varsellampene blinke. FOTO: skjermdump

Her er nokre eksempel på falske sider:

  • ecconorge.com (ecco.com er ein reell nettbutikk)
  • lillevinkelsko.net (lillevinkelsko.no er ein reell nettbutikk)
  • eurosko.net (eurosko.no er ein reell nettbutikk)
  • adidassko.com (adidas.no er ein reell nettbutikk)

Forbrukarane som har tipsa oss om desse sidene har anten ikkje motteke varene dei har bestilt, fått falske varer eller mistenkt at sida var falsk utan å ha handla der.

– Fleire av desse sidene ser proffe ut, og nettadressa er like den originale adressa. Då er det lett å bli lurt, seier Haugseth.

Mens nokon av svindelbutikkane lokkar med superbillige merkevarer, legg andre seg tett opp mot den verkelege nettbutikken sin pris. Dette gjer det enda vanskelegare å skilje ekte frå falske nettbutikkar.

Sjekk svindelgalleriet til Forbrukartilsynet.

Kva bør du sjå etter?

Skal du handle frå ein nettbutikk du ikkje har handla frå før, bør du undersøke eit par ting før du legg inn bestillinga. Sjekk om kontaktinformasjonen er lett tilgjengeleg. Viss språket er dårleg og omset direkte frå engelsk, bør varsellampane blinke. Og ta for all del eit nettsøk på kva andre forbrukarar seier om butikken.

Det er enkelt å opprette ei nettside som ser profesjonell ut. Og om ei falsk side blir lagt ned, opprettar useriøse aktørar raskt fleire nettbutikkar med omtrent likelydande namn. Mange av svindelsidene er oppretta i Kina, og dette gjer det vanskeleg for norske myndigheiter å stanse verksemda.

– Ikkje ta utrolege tilbod for god fisk, og sjekk heller butikken ein gong for mykje enn ein gong for lite, rådar Haugseth.

18.10.2018

Får lovbrotsgebyr på 150 000 kroner

Forbrukartilsynet fattar vedtak om lovbrotsgebyr på 150 000 kroner mot Rørleggervakta 24vvs AS. Selskapet har villeia forbrukarar om kva slags teneste dei leverer.