19. juli 2016

Svindlarar gøymer seg bak kjende selskap. Ikkje la deg lure!

Elkjøp, Komplett.no, Expert og Get er blant aktørane som har fått namna sine misbrukt av useriøse aktørar som svindlar forbrukarar. Ver kritisk til reklame som lokkar med fine premiar og sjekk kven som verkeleg står bak, rådar Forbrukarombodet.

Svindlarar gøymer seg bak kjende selskap. Ikkje la deg lure!

«Kjære Get Bruker» var tittelen på pop up-vindauget som dukka opp på skjermane til fleire av kundane til selskapet tidlegare i vår. Vidare sto det at forbrukarar kunne vinne ein ny mobiltelefon ved å delta i ei undersøking. Bakmennene hadde kopiert layouten til Get, så det såg ut som det var selskapet sjølv som hadde sendt ut spørjeundersøkinga.

Sel kontaktinfoen din

I tillegg til Get, har mellom anna Elkjøp, Expert , Komplett.no, Netflix og Spotify blitt utsett for misbruk av eigne merkevarar den seinare tida, og fleire forbrukarar har gått i fella.

– Mange opplys at dei berre skulle vere med på ein konkurranse eller ei spørjeundersøking, men så endar dei opp med noko heilt anna enn dei såg for seg: Store mengder uønska reklame på e-post, oppringingar frå telfonseljarar og abonnement som tappar kontoen, seier fungerande forbrukarombod Bente Øverli.

Utanlandske selskap står bak

Det er først og fremst utanlandske selskap, som baserar verksemda si på å samle inn personopplysningar, som står bak. Opplysningane blir selt vidare til marknadsføringsselskap som sender ut e-postreklame og driv telefonsal.

Forbrukarombodet har sendt over saker til tyske og danske forbrukarmyndigheiter der det bes om at dei grip inn mot selskap som  misbrukte høvesvis Get og Elkjøp sine merkevarar for å få forbrukarar til å gi frå seg kontaktinformasjonen sin.

– Svindlerane veit at forbrukerane har større tiltru til kampanjen når det er kjende næringsdrivande som tar kontakt. Dessverre er det no for tida fullt av kampanjar som lokkar med fine premiar, men der det er useriøse aktørar som står bak. Forbrukarane bør aldri gi frå seg kontaktinfo og kortopplysningar i slike konkurransar, seier Øverli.

Tips for å avsløre svindlarane

Når uhellet først er ute

Har du latt deg lure av svindlarane? Då har Forbrukarombodet følgjande råd: