Får lovbrotsgebyr på 150 000 kroner

18.10.2018 — Forbrukartilsynet fattar vedtak om lovbrotsgebyr på 150 000 kroner mot Rørleggervakta 24vvs AS. Selskapet har villeia forbrukarar om kva slags teneste dei leverer.

FOTO: Skjermdump av marknadsføring for Rørleggervakta 24vvs AS

I vår blei det kjent at Rørleggervakta 24vvs AS gjennom ulike kanalar hadde registrert fiktive adresser og telefonnummer hos nummeropplysningstenestene og på Google. Dermed kom firmaet øvst i søkeresultata når forbrukarar som treng å få stansa vasslekkasjar eller liknande søkte etter ein rørleggar i sitt nærområde. I marknadsføringa brukte firmaet mellom anna formuleringar som «landsdekkande rørleggerforetak» og «avdelingar i alle norske byer».

Blei lurt til å bruke tenesta

Realiteten var at selskapet ikkje hadde lokale rørleggarar og følgeleg heller ikkje sjølv utførte rørleggararbeid i området. Dei tok betalt for å formidle oppdrag til ein lokal rørleggar, som så utførte jobben.

– Forbrukarane blei lurt til å bruke ei teneste dei neppe ville brukt viss dei hadde visst kva den gjekk ut på. Marknadsføringa var grovt villeiande og ulovleg, seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth.

Selskapet har også brote fleire punkt i angrerettlova.

Reduserte storleiken på gebyret

Då Forbrukartilsynet varsla vedtaket i juni, meinte vi at forbrukarane ikkje hadde inngått gyldige avtaler med firmaet. Vi bad derfor om kommentarar og utfyllande informasjon på dette punktet, noko vi fekk. Etter å ha gjennomgått dette, valde tilsynet å ikkje inkludere dette punktet i det endelege vedtaket.

Som eit resultat av dette er storleiken på lovbrotsgebyret redusert frå 250 000 kroner til 150 000 kroner til Rørleggervakta 24vvs og frå 100 000 til 60 000 i personleg gebyr til dagleg leiar av firmaet. Partane kan klage vedtaka inn for Marknadsrådet innan tre veker.

Les vedtaket: Vedtak mot Rørleggervakta 24vvs

31.10.2019

Axo Finans vil rydde opp i spam-markedsføring

Axo Finans sier de vil gå gjennom sine lister med kontaktinformasjon til forbrukere, og sørge for at forbrukere som ikke har avgitt gyldig samtykke til å motta markedsføring på e-post og SMS fjernes fra listene.