Coca-Cola endrar miljøinformasjon på etikettar

Etter dialog med europeiske forbrukarstyresmakter har Coca-Cola lova å endre informasjon om resirkulering på etikettane sine.

Publisert:
Oppdatert:

I 2023 kontakta europeiske forbrukarorganisasjonar EU-styresmaktene. Dei reagerte på det dei meinte var villeiande påstandar om resirkulert plast i flasker frå mellom andre Coca-Cola, Danone og Nestlé.

Etter dialog med Europeiske styresmakter, har Coca-Cola no lova å endre informasjonen på etikettane.

Tidlegare kunne det for eksempel stå «I am a bottle made from 100% recycled plastic», etterfølgt av «bottle, not label and cap» med mindre bokstavar. Framover skal det heller stå «This bottle, excluding label and cap, is made from 100% recycled plastic.»

Målet er at forbrukarane skal få tydeleg, korrekt og nøyaktig informasjon om kva flaskene er laga av, og kor mykje av plasten som er resirkulert.

Miljøinformasjonen på flaskene skal vere bytta ut om 6 til 18 månader.

Les meir på nettstaden til EU-kommisjonen.

Illustrasjon: © European Union, 1995-2025

Flere artikler

Flybransjen må unngå vage og overdrivne miljøpåstandar

17 forbrukarstyresmakter har sendt eit ope brev til flybransjen. I brevet gir styresmaktene rettleiing om ei rekke viktige prinsipp for miljøpåstandar i marknadsføring.