25. juni 2021

Reklame på TikTok må merkast tydelegare

Forbrukartilsynet har nyleg sjekka korleis 76 av dei mest populære påverkarane merker reklame på TikTok. Undersøkinga avdekka at det er eit stort forbetringspotensial når det gjeld merking av reklame, og tilsynet har følgt opp funna overfor eit utval annonsørar og påverkarar.

Reklame på TikTok må merkast tydelegare

TikTok har raskt blitt ein av dei mest populære plattformene blant norske barn, og i år har Forbrukartilsynet derfor eit ekstra fokus på marknadsføring som blir publisert her.

Forbrukartilsynet sjekka innlegga til 76 av dei mest populære påverkarane i Noreg, basert på NRK Betas toppliste. Alle innlegg i en periode frå november til april er gjennomgått.

Hos 23 påverkarar fann tilsynet marknadsføring som var for dårleg merka eller som ikkje var merka i det heile tatt. Forbrukartilsynet kom òg over ei rekkje innlegg kor det er uklart om det dreier seg om marknadsføring . Tilsynet avdekka at det ofte blir reklamert for sminke, klede, mat, godteri og hud-, hår- og velværeprodukt. 

Annonsørane er hovudansvarlege

Det er annonsørane som har hovudansvaret for at marknadsføringa er i tråd med lova. Dei må derfor ha gode rutinar for opplæring, oppfølging og kontroll av påverkarane som postar innlegga.

I undersøkinga var det særleg tre annonsørar som gjekk igjen blant påverkarane, og desse mottar no eit brev der tilsynet  greier ut om lovverket, og forklarer kva ansvar dei har som annonsørar. Forbrukartilsynet har bedt annonsørane svare på kva for rutinar dei har ved marknadsføring gjennom påverkarar. Dei må og svare på om dei har reklamesamarbeid med nokon under 18 år, sidan dette kan være problematisk i seg sjølv.

– Forbrukartilsynet vil i tida framover ha eit ekstra fokus på annonsørar som bruker TikTok som marknadsføringskanal, og fortløpande følgje opp overfor dei som bruker påverkarar i marknadsføringa, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Rettleier påverkarane

Påverkarane som legger ut reklamen har også eit ansvar for at reklamen er i tråd med lova. Forbrukartilsynet sender derfor også brev til dei 23 påverkarane der vi peiker på innlegg som ikkje tydeleg står fram som reklame. Brevet inneheld også rettleiing om korleis innlegga bør merkast. Forbrukartilsynet har òg vald å sende ei nærare orientering om reglane til 6 påverkarar som har publisert innlegg det er uklart om inneheld marknadsføring.

Flere artikler
6. oktober 2021

Påvirker og forlag får 500 000 kroner i gebyr for skjult reklame og ulovlig markedsføring på e-post

Forbrukertilsynet har fattet vedtak om overtredelsesgebyr på 200 000 kroner mot Sophie Elise AS og 300 000 kroner mot Strawberry Publishing AS for brudd på forbudet mot skjult reklame og for utsendelse av markedsføring på e-post uten gyldig samtykke.