Vil ha enklare oppseiing av avtalar

Leverandørar av breiband, TV og strøymetenester har fått rettleiing om kva krav som gjeld for enkel oppseiing av avtalar, og kva ei lovleg oppseiingstid inneber.

Publisert:

Forbrukartilsynet har undersøkt korleis forbrukarar opplever moglegheita dei har til å seie opp avtalar om breiband, TV og strøymetenester på ein enkel måte. Bakgrunnen for undersøkinga er mange tips frå forbrukarar som har opplevd det som vanskeleg å seie opp avtalar om slike tenester.

No har vi sendt ut eit brev til aktørar som leverer breiband, TV og strøymetenester, der vi tydeleggjer kva reglar som gjeld for korleis brukarar skal kunne avslutte avtalar og kundeforhold på ein enkel måte. Sjølv om vi no skriv til leverandørar av breiband, TV og strøymetenester, er det dei same reglane som gjeld for dei fleste løpande tenester. Brevet kan derfor vere nyttig for andre næringsdrivande som leverer abonnementstenester.

Les rettleiingsbrevet her.

Det kundane av denne typen tenester har klaga på, er kva tilgjengelege oppseiingsmåtar dei har hatt, og det å finne fram til kvar dei kan seie opp.

I brevet som er sendt ut, seier vi at forbrukarar skal kunne seie opp på same måte som avtalen vart inngått, med lovleg oppseiingstid, og at avtalen skal kunne seiast opp på ein enkel måte.

– Vi forventar at leverandørar av desse tenestene set seg godt inn i regelverket slik det kjem fram i brevet vi no har sendt ut, og at dei gjer det så enkelt som mogleg for forbrukarar som ønskjer å avslutte ein avtale, seier direktør Bente Øverli i Forbrukartilsynet.

Rettleiinga presiserer mellom anna at:

Brevet inneheld også ei sjekkliste som vi oppmodar leverandørane til å bruke for å gå gjennom eigne rutinar for oppseiing.

Vil gjennomføre kontrollar

Vi understrekar at det å få brevet ikkje betyr at verksemda har brote regelverket. Samtidig varslar vi at vi framover vil gjennomføre kontrollar, og at det kan bli aktuelt å bruke økonomiske reaksjonar dersom vi avdekkjer regelbrot.

Rettleiinga er meint å bidra til at forbrukarar lettare kjem seg ut av avtalar dei ikkje lenger ønskjer, og til meir balanserte og forbrukarvennlege avtalevilkår i marknaden.

Har du spørsmål om reglane for oppseiing?

Brevet gir ei oversikt over reglane for oppseiing av abonnement. Det kan derfor vere nyttig også for deg som tilbyr andre typar abonnement. Dersom du har fleire spørsmål om kva reglar som gjeld, kan du sende inn spørsmål til oss på «Min side».

Flere artikler

Bedre beskyttelse mot spillavhengighet

Norske tilsynsmyndigheter vil samarbeide for å beskytte de unge bedre mot spillavhengighet.