Vedtak for ulovlege Facebook-konkurransar

11.10.2018 — Forbrukartilsynet har fatta vedtak mot Anna Rasmussen AS for å ha arrangert fem Facebook-konkurransar utan å kåre ein vinnar eller dele ut premiar. Selskapet må betale eit lovbrotsgebyr på 100 000 kroner.
Bildet viser en mobiltelefon som har Facebook på skjermen. Mobilen ligger ved siden av en Mac.

ULOVLEG: Konkurransar kan skape eit stort engasjement i sosiale medium, og gi arrangøren stor merksemd. Då er det viktig at arrangøren faktisk trekk ein vinnar og delar ut premiar, slik at forbrukarane ikkje blir lurt, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet. FOTO: Tim Bennett/ Unsplash

– Det er ulovleg å arrangere konkurransar der ein lokkar med premiar, utan å trekke ein vinnar og dele ut premiane, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Fem konkurransar

I vedtaket kjem det fram at dei fem konkurransane blei arrangert i perioden 13. mars – 25. mai 2018. Den eine konkurransen blei delt i totalt fire innlegg. Etter at konkurransetida var slutt  blei konkurransane sletta frå Facebook-sida. Forbrukartilsynet tok kontakt med selskapet tre veker etter at den siste konkurransen var ferdig, og fekk då opplyst at premiane ikkje var delt ut. Det var først etter at tilsynet hadde vore i kontakt med selskapet i midten av juni at vinnarane blei trekt og premiane delt ut.

Les også: Varslar lovbrotsgebyr for ulovlege Facebook-konkurransar

Blir lurt

– Konkurransar kan skape eit stort engasjement i sosiale medium, og gi arrangøren stor merksemd. Då er det viktig at arrangøren faktisk trekk ein vinnar og delar ut premiar, slik at forbrukarane ikkje blir lurt eller unytta til å delta i noko som berre er eit marknadsføringsstunt, seier Elisabeth Lier Haugseth

Anna Rasmussen AS må no betale eit lovbrotsgebyr på 100 000 kroner.

13.12.2018

Ikke legg farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.