Varslar lovbrotsgebyr for ulovlege Facebook-konkurransar

30.08.2018 — Nettprofilen Anna Rasmussen arrangerte fem konkurransar på Facebook-sida si utan å trekke ein vinnar eller dele ut premiar. Forbrukartilsynet har no varsla Anna Rasmussen AS om lovbrotsgebyr på 100 000 kroner for ulovleg marknadsføring.
Bildet viser en mobilskjerm med flere apper på. Facebook og Twitter appen er i særlig fokus

ULOVLEGE KONKURRANSAR: Det er ulovleg å gjennomføre konkurransar eller salsfremjande kampanjar der ein lokkar med premiar, utan å trekke ein vinnar og dele ut premiar. Bildet er hentet fra pexels.com

NB! Forbrukartilsynet har etter dette fatta vedtak om lovbrotsgebyr.

I perioden 13. mars – 25. mai 2018 blei det arrangert fem konkurransar på den opne Facebook-profilen «Mamma til Michelle» (@AnnaRasmussenOfficial). I konkurransane kunne følgjarane delta i trekninga av blant anna populære moteprodukt ved å kommentere «JA» under innlegga. Konkurransane skapte stort engasjement, og fleire fekk rundt 1000 likarklikk og kommentarar. Men etter at konkurransetida var over blei innlegga sletta frå Facebook utan at det blei trekt vinnarar eller delt ut premiar.

FOTO: Skjermdump av konkurransen på Facebook.

Klart lovbrot

– Det er ulovleg å gjennomføre konkurransar eller salsfremjande kampanjar der ein lokkar med premiar, utan å trekke ein vinnar og dele ut premiar, seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth.

For enkelte av konkurransane blei det også sett som eit vilkår at ein måtte like Facebook-sida til Anna Rasmussen for å kunne delta. Dermed blei deltakarane sine ønsker om å vinne ein premie utnytta til å gi selskapet ein moglegheit til å spreie marknadsføring og liknande til fleire forbrukarar i framtida.

– Denne typen konkurransar får ofte eit stort engasjement i sosiale medium. Dei kan både bidra til at fleire personar likar ei Facebook-side, eller at marknadsføring og reklame blir spreidd til vennane av dei som deltek. Det er viktig at forbrukarane ikkje blir lurt til å delta i noko som i realiteten berre er eit marknadsføringsstunt, utan nokon reell moglegheit til å vinne ein premie, seier Haugseth.

Varslar vedtak

I eit svarbrev har Anna Rasmussen bekrefta at det ikkje blei delt ut premiar i dei aktuelle konkurransane.

Forbrukartilsynet har difor varsla vedtak om lovbrotsgebyr på 100 000 kroner. Anna Rasmussen AS har fått frist til 18. september med å komme med kommentarar til varselet.

13.12.2018

Ikke legg farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.