9. oktober 2014

Ti tips for trygg netthandel

Stadig fleire nordmenn handlar på nettet, og veksten er no størst hjå den eldre garde. Her er ti gode råd for å gjere trygge kjøp.

Ti tips for trygg netthandel

Har du klikka handlekorga full frå sofakroken i det siste? Då er du ikkje åleine. Fleire enn kvar tredje nordmann har handla på mobil eller nettbrett det siste halvåret, syner tal frå betalingsselskapet Dibs. Og dei eldste av oss har dobla netthandelen sin det siste året.

For dei fleste er netthandel ei god moglegheit til å skaffe seg varer frå ein nærast uendeleg stor marknad. Forbrukarombodet får likevel mange spørsmål om nettkjøp og klager på useriøse aktørar. Her er nokre ting du bør ha i bakhovudet for å sikre deg ein god handel:

1. Samanlikn butikkar og les kundeerfaringar

Pris, kundeservice og pålitelegheit kan variere mykje. Men med litt detektivarbeid kan du finne ut om nettbutikken er seriøs. Her finn du mellom anna  informasjon om kva tid nettbutikken vart oppretta og om han er knytt til ei merkeordning. Du kan også lese erfaringar frå andre kundar her.

– Hugseregelen er: Verkar tilbodet for godt til å vere sant, bør du vere skeptisk. Finn heller ein annan butikk dersom du er i tvil om at nettbutikken er påliteleg. Marknaden er full av aktørar å velje mellom, så det er ikkje lurt å gamble, seier forbrukarombod Gry Nergård.

2. Sjekk kontaktinformasjonen til nettbutikken

Det skal vere lett å kontakte seljaren. Nettbutikken skal opplyse om namn, adresse, organisasjonsnummer og e-postadresse. Sjå også etter telefonnummer.

Merk: Dersom nettbutikken er utanlandsk, kan dette ha betydning for rettane dine som forbrukar.

3. Sjekk totalsum og leveringstid

Hugs at du skal få informasjon om kjøpesum, fraktkostnadar, leveringstid og leveringsmåte før bestilling. Etter bestilling skal du få ei bekrefting på ordren. Kontroller denne og ta kontakt med seljar om den inneheld feil.

4. Handel frå utlandet

I 2014 kjem nordmenn til å netthandle for heile ti milliardar kroner frå utlandet, i følgje analyseselskapet Menon.

Kjøper du varer frå utlandet, kan det komme fortollingsgebyr og meirverdiavgift i tillegg til prisen på vara.

– Sjølv om det er freistande å handle billig frå utlandet, bør du vere klar over at rettane dine som forbrukar ikkje alltid er like gode når du handlar frå andre land. Dette gjeld spesielt om du handlar frå land utanfor EU/EØS, seier Nergård.

5. Les vilkåra før du bestiller

I vilkåra kan du lese korleis nettbutikken handterer mellom anna forseinkingar, avbestillingar og retur. Synest du vilkåra er urimelege, bør du droppe handelen.

– Diverre blir mange forbrukarar merksame på urimelege vilkår og manglande kontaktinformasjon til nettbutikken først etter at problema har oppstått. Vi vil difor oppmode alle om å ta seg tid til å sjekke dette før ein handlar, seier Nergård.

6. Unngå forskotsbetaling

Når du betalar på forskot, står du svakare ved svindel og konkurs og når vara ikkje blir levert. Ikkje overfør pengar direkte til seljaren sin konto.

7. Kredittkort er tryggare på nett, men kan bli dyrare

Betalar du med kredittkort, kan du klage til banken din dersom seljaren ikkje leverer, går konkurs eller driv med svindel. Med VISA-kort stiller du også litt sterkare enn med andre betalingsmåtar dersom nettbutikken ikkje leverer vara eller går konkurs.

Hugs å betale kredittgjelda attende i tide, så du ikkje må rekne kostbare renter i tillegg. Gjer deg kjend med vilkåra og den effektive renta før du nyttar kredittkortet. Ver obs på at nokre nettbutikkar krev gebyr for betaling med kredittkort.

Når rekninga kjem frå kortselskapet, bør du sjekke kva du blir fakturert for. Betalar du berre eit minste månadsbeløp i staden for heile den uteståande kreditten, kan gjelda begynne å rente seg. Ver spesielt obs på dette ved bruk av e-faktura eller avtalegiro.

8. Ver forsiktig med å gje frå deg personlege opplysingar

Ikkje gje frå deg konto- og kortopplysingar før du har bestemt deg for å handle. Nettbutikken skal i utgangspunktet berre trenge adressa di. Ver skeptisk til å gje frå deg personnummer og andre personopplysingar.

9. Hugs at du har angrerett ved netthandel

Vil du angre på kjøpet, må nettbutikken ha beskjed seinast 14 dagar etter at du har fått vara og informasjon om angreretten. Når du angrar, har du krav på å få tilbake pengane, men du må sjølv betale kostnadane ved å sende varene i retur, så framt du har fått informasjon om plikta di til å betale returkostnadar før du inngjekk avtalen. Merk deg at det kan gjelde andre angrefristar ved kjøp frå land utanfor EU/EØS.

10.Unngå falske nettbutikkar

Det kan vere lett å la seg freiste av tilbodsannonsar på Facebook og liknande. Men ikkje alle butikkane er til å stole på. Vil du unngå falske varer, manglande levering eller virus på datamaskinen, bør du først sjekke om du kan stole på butikken. Les meir om korleis du kan unngå falske nettbutikkar her.

Innlegget blei oppdatert 25. august 2021.

Flere artikler
1. februar 2021

Byterett og angrerett ved netthandel

Har du kjøpt ei vare som ikkje svarar til forventningane? Dersom du har handla på nettet kan du ha angrerett.