Generelt er du dårlegare sikra når du nyttar deg av alternativ behandling, enn av behandling frå helsetenesta:
Dei fleste som nyttar alternativ behandling, får det utanfor helsetenesta, av ikkje-autorisert helsepersonell. Då er pasienten verken omfatta av lovgjevinga om pasientrettar eller av pasientskadelova.
Ved eventuell skade har du altså ikkje krav på pasientskadeerstatning.
For å bidra til tryggleiken for pasientane krev styresmaktene at behandlarar som står som utøvar av alternativ behandling i Brønnøysundregisteret, må ha forsikring som dekker eit eventuelt erstatningsansvar overfor pasientar grunna behandlinga. Du bør difor sjekke om behandlaren står i Utøverregisteret. Står han eller ho ikkje der, bør du spørje om behandlaren likevel har ei slik forsikring.
Det er viktig å merke seg at ei eventuell oppføring i Utøverregisteret verken medfører fagleg eller kvalitetsmessig vurdering av den enkelte utøvaren eller behandlinga han gjev. Det er heller ikkje eit mål på at behandlinga har vitskapleg dokumentert effekt og tryggleik.
Når den som gir den alternative behandlinga er autorisert helsepersonell, gjeld helsepersonellova. Då har behandlaren til dømes plikt til å føre pasientjournal. Det er eit mindretall av alternative behandlarar i Noreg som er autorisert helsepersonell. Undersøk difor om behandlaren du vil gå til er autorisert helsepersonell eller ikkje. Dersom vedkommande ikkje er autorisert helsepersonell – sjekk om han eller ho likevel fører journal.
Merk at det berre er i nokre høve at lovgjevinga om pasientrettar og pasientskadelova gjeld, sjølv om den som gir den alternative behandlinga er autorisert helsepersonell.
Forbrukarar som har ei tvist om alternativ behandling som ikkje er utført av autorisert helsepersonell, til dømes eit erstatningskrav, kan ta kontakt med Forbrukerrådet for mekling i saka.
Utgifter til alternativ behandling fell som klar hovudregel utanfor folketrygda si refusjonsordning.