Korona, berekraft og digitale rettar på internasjonal konferanse

01.12.2020 — Denne veka deltek Forbrukartilsynet på den digitale konferansen til det internasjonale forbrukarnettverket ICPEN. På programmet står mellom anna forbrukarvern under koronapandemien, påstandar om berekraft og digitale forbrukarrettar.
Jorda sett fra lav jordbane.

Foto: NASA/Unsplash

The International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN) er eit internasjonalt samarbeidsnettverk for forbrukarstyresmaktene i rundt 60 land. Målet er å gjere det enklare for forbrukarstyresmaktene å få bukt med grenseoverskridande forbrukarproblem.

Aktuelle problem

Konferansen skulle eigenleg finne stad i Canada, men på grunn av pandemien er han i år heildigital.

Konferansen tok til på måndag 30. november. På programmet sto handheving av forbrukarrettar under korona-pandemien og villeiande påstandar om berekraft. Dette er aktuelle sakar som Forbrukartilsynet har jobba mykje med den siste tida.

Tidlegare i år fatta Forbrukartilsynet tre vedtak om gebyr for villeiande og aggressiv marknadsføring av kosttilskot der det blei hevda at produkta skulle beskytte mot koronavirus. Vedtaka blei stadfesta av Marknadsrådet.

I juni fann Forbrukartilsynet berekraftspåstandar som var i strid med marknadsføringslova hos 7 av 15 nettbutikkar i klesbransjen. Tre månader seinare lanserte Forbrukartilsynet nye temasider om marknadsføring med påstandar om berekraft.

Digital økonomi

Onsdag 2. desember står digitale plattformar og handheving av forbrukarrettar i den digitale økonomien på programmet. Denne tematikken er viktig både i Norge og internasjonalt, og utfordringar med marknadsføring i den digitale økonomien har berre blitt viktigare under koronapandemien.

 

12.04.2021

TUI må opplyse om rett til refusjon

I sine brev til kunder som har fått pakkereisen avlyst, unnlater reisearrangøren TUI å nevne alle rettighetene kundene har.