Utgreiinga skal gi allmenta innsikt i aktsemdvurderingane verksemda har gjort knytt til korleis verksemda påverkar menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Forbrukartilsynet kontrollerer om verksemdene publiserer ei slik utgreiing.
– Vi forventar at verksemdene er godt i gong med aktsemdvurderingane. Då bør det òg vere enkelt å oppfylle den årlege utgreiingsplikta, slik at allmenta får den informasjonen han skal, seier Bente Øverli, direktør i Forbrukartilsynet.
Har undersøkt mange
Den første fristen for å publisere ei sånn utgreiing var 30. juni 2023. Hausten 2023 undersøkte vi nettsidene til 500 tilfeldig utvalde verksemder, og rettleia over 100 av dei om pliktene dei har etter lova.
Les: Éin av fem manglar utgreiing på nettsidene
Etter den neste fristen, 30. juni 2024, undersøkte vi mange av nettsidene igjen. Denne gongen avdekte vi at fleire av verksemdene hadde brote lova både i 2023 og 2024. Som følge av dette forhåndsvarsla vi vedtak om lovbrotsgebyr på mellom 550 000 og 2 500 000 kroner mot seks verksemder, i tillegg til rettleiing av fleire aktørar.
Avslutta seks saker
Marknadsrådet avgjorde den første saka om lovbrotsgebyr etter åpenhetsloven i februar 2025. Saka gjaldt eit lovbrotsgebyr på 450 000 kroner for brot på plikta til å svare på informasjonskrav. Marknadsrådet oppheva vedtaket frå Forbrukartilsynet fordi det etter vurderinga deira ikkje hadde tilstrekkeleg lovheimel, og viste til ei språkleg usikkerheit ved om vilkåret «gjentekne brot» i åpenhetsloven § 14 er oppfylt når det er snakk om to lovbrot.
Sidan Markedsrådets avgjerd òg kan få betydning for tolkinga av vilkåret ved brot på plikta til å publisere utgreiing etter åpenhetsloven, har vi avslutta dei seks sakene om brot på utgreiingsplikta utan å pålegge lovbrotsgebyr.
Fortset kontrollane
Neste frist for å publisere utgreiing nærmar seg og Forbrukertilsynet fortset å kontrollere om verksemder gjer som dei skal.
– Verksemder som manglar utgreiing på nettsida bryt lova. Etter lova kan vi då bruke både rettleiing, vedtak med tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i tilsynet med utgreiingsplikta, slår Øverli fast.
Rettleiing om plikta til å gjere greie for aktsemdvurderingar finn du på nettsidene våre: Utgreiing