Det kan bli dyrt å handle billig frå utlandet

15.06.2021 — Kor billig er det eigentleg å kjøpe billige varer frå utlandet? Er toll og mva. inkludert i prisen, eller kjem det i tillegg? Når du handlar på nettet, kan det fort bli dyrt dersom du gløymer å tenke på avgifter og gebyr.

Bildet viser noen som bestiller via mastercard på nett

1. april 2020 blei toll- og avgiftsfritaket fjerna for andre varer enn næringsmiddel og varer med særavgift. Når du kjøper noko frå utlandet no, må du betale meirverdiavgift (mva.), og eventuelt toll eller særavgift, frå første krone.

Hovudregelen er at nettbutikkar som retter seg mot norske forbrukarar skal opplyse om alle kostnadar ved kjøpet. Dessverre er det ikkje alle som gjer dette. Derfor bør du alltid sjekke kor nettbutikken held til. Om du ser at nettbutikken opererer frå eit anna land, bør du vere merksam på at kostnadar for toll, mva og fortollingsgebyr kan komme i tillegg til prisen på vara.

Les meir hos Forbrukar Europa.

16.07.2021

Student til hausten? Les skulekontrakta nøye

Mange studentar ventar no spent på å få eit tilbod om ny studieplass til hausten. Forbrukartilsynet oppfordrar deg som er ny student til å gå nøye igjennom kontrakten før du skriv under.