Varslar forbodsvedtak mot predikantar

23.11.2018 — Forbrukartilsynet varslar Misjonen Jesus leger og Misjonen Helse for Hele Mennesket om at dei må betale tvangsmulkt dersom dei ikkje endrar eller avsluttar marknadsføringa si.

Forbrukartilsynet held fast på at deler av verksemda til predikantane er i strid med lova.

Forbrukartilsynet krev at marknadsføringa blir stansa eller endra innan 7. desember. Viss ikkje, blir begge misjonane varsla om at dei må betale 30 000 kr i tvangsmulkt for kvar veke dei ikkje innrettar seg etter lova. Dei to predikantane er i tillegg varsla om 10 000 kr i veka i personleg tvangsmulkt.

Bildet viser et portrett av forbrukertilsyn Elisabeth Lier Haugseth

Elisabeth Lier Haugseth

Reknast som alternativ behandling

Båe predikantane i denne saka dreiv tidlegare teletorgtenester, men desse er lagt ned etter at Forbrukartilsynet tok opp saka tidlegare i år. Forbrukartilsynet har no vurdert at de delane av forbønverksemda som framleis skjer mot betaling, må reknast som alternativ behandling.

– Når det er tale om ein profesjonelt organisert verksemd som tar betalt for tenester som marknadsføres med å kunne heile sjukdommar, har vi vurdert dette som alternativ behandling, seier direktør i Forbrukartilsynet, Elisabeth Lier Haugseth.

For Misjonen Jesus Leger skjer forbønene mot betaling ved inngangspengar til heilingsmøter eller ved sal av bøker som marknadsføres med å kunne heile sjukdommar. Misjonen Helse for Hele Mennesket tilbyr forbøn under betalte konferansar på sitt eige hotell, og gjennom DVD-er og CD-er som marknadsføres med å kunne heile sjukdommar.

– Regelverket for marknadsføring av alternativ behandling er strengt, og man kan ikkje bruke påstandar og vitnesbyrd om at behandlinga har effekt mot konkrete sjukdommar eller plagar. Og så lenge det predikantane gjør omfattast av loven, må de innrette seg etter dei same reglane som alle andre som driv med alternativ behandling, seier Elisabeth Lier Haugseth.

Predikantane har fått frist til 7. desember 2018 med å endre eller stanse den ulovlige marknadsføringa.

13.12.2018

Ikke legg farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.