Støttar forbod mot reklame for solarium

Forbrukartilsynet støttar forslag om strengare regulering av solarium, og at brot på regelverket kan sanksjonerast med lovbrotsgebyr.

Publisert:

Regjeringa har foreslått strengare regulering av solariumsverksemd, mellom anna eit forbod mot marknadsføring av solarium. Formålet med innstrammingane er å avgrense bruken blant unge og redusere førekomsten av hudkreft i befolkninga.

Les høyringsnotatet her: Høyringsnotat om strengare regulering av solarium.

Forbrukartilsynet erfarer at solarium blir marknadsført på sosiale medium der barn og unge er aktive brukarar. Vi har òg sett at fleire aktørar marknadsfører solarium som positivt for helsa, og at dette kan hjelpe mot ulike lidingar. Informasjon om at solarium aukar risikoen for hudkreft får derimot lite eller inga merksemd. Forbrukartilsynet har derfor sendt brev til fleire aktørar der vi informerer om kva krav marknadsføringslova stiller ved marknadsføring av solarium. Les brevet her.

Reklameforbod kan beskytte unge forbrukarar

Sjølv om det allereie er strenge krav til marknadsføring av solarium, meiner Forbrukartilsynet at eit reklameforbod i strålevernloven er nødvendig for å avgrense bruken av solarium i befolkninga. Eit forbod kan òg bidra til å minske kroppspress blant unge, sidan brunfarge ofte blir rekna som eit skjønnheitsideal, og marknadsføringa treffer unge forbrukarar på sosiale medium.

– Eit forbod mot å reklamere for ei teneste som er tett knytta til hudkreft, vil vere eit viktig grep for å motverke at unge utset seg for unødvendig helserisiko. Gjennom sosiale medium opplever unge eit auka fokus og press knytt til utsjånad, og reklame bidreg til å påverke dei til å kjøpe produkt og tenester for å oppfylle idealet, seier Bente Øverli, direktør i Forbrukertilsynet.

Viktig med avskrekkande sanksjonar

Forbrukartilsynet støttar òg forslaget om lovbrotsgebyr ved lovbrot, og at den øvre ramma for gebyr blir sett høgt. Vi har erfart at rettleiing og dialog med bransjen ofte har god effekt for å forhindre lovbrot, men økonomiske sanksjonar vil ha ein preventiv effekt, og bidra til å sikre god etterleving av reklameforbodet.

Les høyringssvaret frå Forbrukartilsynet her.

Flere artikler

Forbrukartilsynet på Arendalsuka

Også i år er Forbrukartilsynet til stades på Arendalsuka. Men kor? Og kva gjer vi der?