Slår ned på ulovleg kredittreklame

06.09.2018 — Resurs Bank lokkar nye kundar med 10 000 velkomstpoeng – og påstår at dei får eit poeng pr. krone dei brukar på Nordbykortet. Men vinsten er langt lågare enn reklamen gir inntrykk av. Selskapet opplys heller ikkje godt nok om kva lånet faktisk kostar. Forbrukartilsynet krev no at marknadsføringa blir fjerna eller endra.

FOTO: Skjermbilde av Facebook-reklame for Resurs Bank

«Gjør grensehandelen billigere med bonus på alle kjøp. 1 krone = ett poeng. Du får 10 000 velkomstpoeng», skriv Resurs Bank i ein Facebook-reklame for Nordbykortet. Ein forbrukar sjekka med banken om det verkeleg stemte at eitt poeng var lik ei krone. Skulle nye kundar da få 10 000 bonuskroner? Dette stemte ikkje. For eitt poeng er ifølgje banken berre verdt 0,01 krone.

Eitt poeng er ikkje ei krone

– Denne reklamen kan gi forbrukarane inntrykk av at ei krone og eitt poeng har same verdi. Når dette ikkje er tilfelle, er reklamen eigna til å villeie og derfor ulovleg, seier avdelingsdirektør Jo Gjedrem i Forbrukartilsynet.

I denne og fleire tilsvarande reklamer for Nordbykortet har Resurs Bank også utelatt eller underkommunisert kostnadane ved kreditten.

I nokre av reklamane er «vinst»-påstandane skrive med store bokstavar øvst, mens prisdøme på kva lånet faktisk kostar har små bokstavar og nærast uleseleg skrift nedst i reklamen. I andre reklamar er prisdømet utelatt og kan berre finnast fleire klikk unna.

Les også: Støtter forbud mot aggressiv markedsføring av kreditt

Skjuler kostnadar

– I reklame for forbrukslån og kreditt kan ein ikkje framheva tilleggsfordelane meir enn kostnadane. Det betyr at det skal vere like tydeleg for forbrukarane kva lånet kostar som kva slags gevinstar dei kan oppnå om dei tek opp eit lån. Desse reglane har ikkje Resurs Bank følgt, seier Gjedrem.

Resurs Bank har fått frist til 7. september med å fjerne eller endre reklamen.

18.09.2018

Lokkar med rabattar – droppar kredittkostnadane

I ein reklame for sitt MasterCard lokkar Circle K kundane med 50 øre i rabatt per liter bensin dei fyller i 50 dagar. Men reklamen gir ingen opplysningar om kva kredittlånet kostar. Eit kroneksempel på ulovleg marknadsføring, meiner Forbrukartilsynet.