Sette ned fakturagebyr etter varsel 

Etter at Forbrukartilsynet varsla vedtak mot Convene, Telenor og Telia, har alle tre sett ned eller fjerna fakturagebyra dei krev frå forbrukarar.

Publisert:

Convene, Telenor og Telia tok, etter Forbrukertilsynets syn, ulovleg høge fakturagebyr frå forbrukarar. Forbrukartilsynet varsla i fjor haust selskapa om at vi ville fatte vedtak som forbyr den ulovlege praksisen. Selskapa valde å justere ned eller fjerne gebyra sine.  

Forbrukartilsynet har derfor avslutta dei tre sakene, men vil nå sørge for at andre aktørar som fakturerer forbrukarar følger etter. 

Les meir om varsla 

Dette har selskapa endra

Convene tek ikkje lenger eit fakturagebyr frå forbrukarane, men overlèt til næringskundane sine å fastsette eit eventuelt fakturagebyr.

Telia har sett ned gebyra for Telias tre merkevarer frå 79,- og 59,- til kr 6,47 for merkevara «Telia» og til kr 5 for merkevara «Mycall». For merkevara «One Call» er papirfakturagebyret fjerna heilt. 

Telenor reduserte frå 1. februar prisen på papirfakturagebyr frå kr 79 til kr 6,50. 

Dei tre aktørane har dermed i det vesentlege endra vilkåra sine og praksis i tråd med krava i lova.

Forventar at alle endrar praksisen sin

Det er lov å krevje fakturagebyr, men gebyret kan ikkje vere større enn dei faktiske kostnadene ved faktureringa. Avgrensingane i størrelsen på fakturagebyr gjeld for alle som fakturerer forbrukarar.  

Forbrukartilsynet vil nå vurdere kva bransjar og selskap det kan vere nødvendig å opprette saker mot for at forbrukarar ikkje skal få for høge fakturagebyr.

– Vi ser alvorleg på at mange næringsdrivande framleis ikkje følger reglane i lova som avgrensar størrelsen på fakturagebyr. Her er det klart mange bransjar og selskap som må sette seg inn i lovverket, og snarast mogleg endre praksisen sin for å unngå lovbrot, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukertilsynet.

Har du fått ei rekning med høgt fakturagebyr?

Forbrukarrådet har informasjon til deg som meiner å ha fått for høgt fakturagebyr på sine nettsider. Sjå Forbrukarrådet si rettleiing om for høge fakturagebyr her.

Du kan òg kontakte Forbrukarrådet for å få rettleiing om korleis du kan gå fram.

Flere artikler

Næringsdrivende må følge lovens krav til maksimal størrelse på fakturagebyr og andre gebyrer 

Forbrukertilsynet erfarer at mange næringsdrivende tar for høye gebyrer når forbrukere mottar faktura eller betalingsinformasjon, i strid med loven.