26. januar 2021

Offentleg postjournal og eInnsyn

Omorganisering og arbeid med nye kontrollrutinar gjer at det vil ta noko lengre tid enn normalt før journalførte postar blir tilgjengelege på eInnsyn.

Offentleg postjournal og eInnsyn

Forbrukartilsynet har offentleg postjournal. Postjournalen er tilgjengeleg på internett via eInnsyn. Her kan alle søkje etter dokument og be om innsyn. Normalt blir alle journalpostar publisert på eInnsyn 14 dagar etter journalføring.

I samband med omorganiseringa av forbrukarapparatet har Forbrukartilsynet fått nye oppgåver frå 1. januar 2021. Tilsynet arbeider no med å innføre nye arkiv- og kontrollrutinar som òg omfattar mekling og sakar til Forbrukarklageutvalet. På grunn av denne omorganiseringa tar det i ein overgangsperiode noko lengre tid enn normalt før journalpostar blir tilgjengelege i eInnsyn. Postar frå januar 2021 er enno ikkje publiserte.

Om du vil be om innsyn i ei sak som ikkje er tilgjengeleg på eInnsyn, kan du kontakte ein av pressekontaktane våre.