Marknadsrådet stadfestar lovbrotsgebyr til Mysafety

Selskapet Mysafety ringde ulovleg til forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal. Etter at Forbrukartilsynet fatta vedtak om lovbrotsgebyr, klaga selskapet saka til Marknadsrådet. Der har Forbrukartilsynet no fått medhald i at selskapet braut lova og må betale gebyr.
Bildet viser nettsiden til Mysafety

FOTO: Skjermdump frå Mysafety.no

Det var i sommar at Forbrukartilsynet fatta vedtak om lovbrotsgebyr på 200 000 kroner til tryggleiksselskapet Mysafety AS.

Mysafety tok saka til Marknadsrådet, og ønskte i første rekke at at lovbrotsgebyret skulle opphevast. Marknadsrådet fann at det var tale om eit vesentleg brot på ein klar bestemmelse i marknadsføringslova, og at Forbrukartilsynet var i sin fulle rett til å fatte vedtak om lovbrotsgebyr.

– Marknadsrådet stadfestar at det er riktig å reagere med lovbrotsgebyr mot klare og vesentlege brot på telefonsalsreglane, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

Lovbrotsgebyr redusert til 150 000 kroner

Forbrukartilsynet sette i utgangspunktet  lovbrotsgebyret på 200 000 kroner, men etter behandling i Marknadsrådet blir lovbrotsgebyret redusert til 150 000 kroner. Marknadsrådet grunngjer avgjerdsla i at overtredelsen ikkje synes å ha hatt noe stort omfang, og at den øknomiske stillinga til selskapet tilseier eit lågare gebyr.

 

15.11.2018

Problematiske prisgarantier

KRONIKK: En selgers garanti om lavest pris kan være dårlig nytt for oss kunder, enten garantien er reell eller ikke, skriver Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukertilsynet og Lars Sørgard, konkurransedirektør