Gebyr på 200 000 til tryggleiksselskapet MySafety

06.07.2018 — Selskapet MySafety har ringt ulovleg til forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal. No har Forbrukartilsynet fatta vedtak om at firmaet må betale lovbrotsgebyr på 200 000 kronar.
Bildet viser nettsiden til Mysafety

ULOVLEG TELEFONSAL: Forsikringselskapet MySafety ringde forbrukara sjøl om dei har reservert seg mot telefonsal. Ulovleg meiner Forbrukartilsynet. Foto: Skjermdump mysafety.no

Forbrukartilsynet starta i april saksbehandling mot MySafety etter å ha fått sju klagar frå forbrukarar som har blitt oppringde av selskapet, sjølv om dei har reservert seg mot telefonsal. MySafety sel mellom anna id-forsikringar og kort-forsikringar til forbrukarar.

Handla i nettbutikk

Klagarane har kjøpt broderi frå nettbutikken Ateljé Margaretha, driven av Åshild Manufaktur AS. Denne butikken har i sine vilkår opplyst at personar som takkar ja til vilkåra også takkar ja til marknadsføring frå samarbeidspartnarane til butikken, mellom anna MySafety.

Ein forbrukar som handlar i ein nettbutikk kan ikkje gjennom avtalevilkåra til butikken forpliktast til å seie ja til telefonmarknadsføring frå nettbutikkens samarbeidspartnare.

– Personane som er oppringde har reservert seg mot telefonsal. Dei har ingen eksisterande kundeforhold hos MySafety og har heller ikkje bedt uttrykkelig om å bli kontakta av selskapet. Oppringingane er difor ulovlege, seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth.

Lovbrotsgebyr

Forbrukartilsynet har no fatta ved vedtak om at MySafety må betale lovbrotsgebyr på 200 000 kroner. Selskapet har fire vekers frist til å klage på vedtaket.

Den 1. januar vart det innført strengare regler for telefonsal, og Forbrukartilsynet kan slå raskare ned på lovbrot.

15.11.2018

Problematiske prisgarantier

KRONIKK: En selgers garanti om lavest pris kan være dårlig nytt for oss kunder, enten garantien er reell eller ikke, skriver Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukertilsynet og Lars Sørgard, konkurransedirektør