Marknadsrådet opphevar forbodsvedtak mot Hafslund Strøm

28.06.2019 — Marknadsrådet er ikkje einig med Forbrukartilsynet i at Hafslund Strøm dreiv ulovleg telefonsal til kontaktpersonar for føretak.
Bildet viser telefon

Bildet er hentet fra Pexels.com

Forbrukartilsynet fatta i februar 2019 forbodsvedtak mot Hafslund med tvangsmulkt på 30 000 kroner per lovstridige telefonsalsoppringing frå selskapet. Vedtaket baserte seg på klagar frå kontaktpersonar for føretak som var blitt ringt opp med tilbod om straum til tross for reservasjon mot telefonsal. Fleire av klagarane opplevde at dei blei tilbydt straum til privat bruk og ikkje til føretaket.

Hafslund Strøm klaga inn vedtaket til Marknadsrådet og fekk medhald i klagen.

Etter Marknadsrådet sitt syn er det lov å ringe kontaktpersonar for føretak og tilby desse produkt som kan vere relevante for føretaket. Marknadsrådet la ikkje vekt på at det er mange føretak som ikkje treng eigne straumavtalar, slik at personane Hafslund ringer i realiteten er forbrukarar i dette høve. Forbrukartilsynet sitt forbodsvedtak mot Hafslund Strøm vart difor oppheva.

Les Marknadsrådet sitt vedtak her.

 

17.07.2019

Blir du student høsten 2019? Husk å sette deg inn i skolekontrakten

Har du kommet inn på et nytt studie til høsten er det viktig at du setter deg inn i vilkårene til avtalen før du takker ja, spesielt om tilbudet er fra en privatskole.