Marknadsrådet gir Forbrukartilsynet medhald i saka mot nettbutikken Floyd.no

Vedtaket om lovbrotsgebyr på to millionar kroner mot Floyd.no AS blir ståande.

Publisert:
Oppdatert:

Sommaren 2025 gjorde Forbrukartilsynet eit vedtak om lovbrotsgebyr mot Floyd.no AS for brot på reglane om førpris i prisopplysningsforskrifta. Lovbrota fann mellom anna stad i samband med Black Friday 2024.  

Selskapet klaga vedtaket inn for Marknadsrådet. Marknadsrådet avgjorde saka 12. mai 2026. I vedtaket sitt gav  Marknadsrådet Forbrukertilsynet fullt medhald.  

Les avgjerda frå Marknadsrådet

Floyd.no AS kan ta saka til domstolane innan søksmålsfristen på seks månader.  

Marknadsrådet peika på at reglane om førpris er sentrale for forbrukarvernet. Ifølgje prisopplysningsforskrifta § 9a skal næringsdrivande som marknadsfører sal oppgi ein førpris. Førprisen skal vera den lågaste prisen som er brukt i den aktuelle salskanalen i minimum 30 dagar før marknadsføringa starta. Marknadsrådet presiserte i avgjerda si, at formålet med føresegna ikkje berre er å forhindra kunstig oppjustering av førprisar før eit sal, men generelt å hindra at forbrukarane blir villeidde om kor mykje pengar dei kan spare.  

– Avgjerda illustrerer kor viktig det er at næringsdrivande oppgir korrekte førprisar i salsmarknadsføringa si, seier Bente Øverli, direktør i Forbrukartilsynet.  

Også denne gongen påpeika  Marknadsrådet at næringsdrivande har eit sjølvstendig ansvar for å innretta verksemda si etter dei lovene og reglane som gjeld til ei kvar tid. Marknadsrådet uttalte òg at Forbrukartilsynet ikkje har ei generell plikt til å rettleia selskap individuelt før vi kan ilegge lovbrotsgebyr for brot på marknadsføringsreglane.

Fleire artiklar

Gode resultat i eit krevjande år

I 2025 fekk Forbrukartilsynet 6429 tips og 6148 meklingssaker, og vi svarte på 6133 telefonsamtalar. Les meir om kva vi gjorde i 2025 i den flunkande nye årsrapporten vår.