FOV-2010-108: Trollkost AS
VEDTAK OM FORBOD MOT BROT PÅ MARKNADSFØRINGSLOVA § 6 FØRSTE LEDD JF. § 7 FØRSTE LEDD BOKSTAV B JF. § 3 ANDRE LEDD ETTER MFL. § 37 JF. § 39, JF. §§ 40 OG 42 MOT
Trollkost AS, Fossveien 3A, 3510 Hønefoss
Saksnummer: 10/108
1. Saka
Saka gjeld Trollkost AS (heretter Trollkost) si marknadsføring av produkta Epica og SlankeKuren 2010 med påstandar om at produkta har slankande effekt.
Marknadsføringa er etter Forbrukarombodets vurdering å sjå på som ein villeiande og urimeleg handelspraksis og i strid med marknadsføringslova (mfl.) §§ 6 og 7, jf. § 3 andre ledd.
2. Forbrukarombodets saksbehandling
Forbrukarombodet mottok i januar 2010 tre forbrukarklagar på marknadsføring av Slankekuren 2010 frå Trollkost AS, tilsynelatande sendt ut frå «Norsk senter for ernæringsstudier». Klagarane reagerte på at marknadsføringa var sendt ut som adressert post sjølv om klagarane var reservert mot dette. Men i hovudsak reagerte klagarane på villeiande utforming av marknadsføringa, samt det villeiande innhaldet i marknadsføringa.
Dette tiltaket var marknadsføring sendt ut som adressert reklame til forbrukarar. Marknadsføringa var tilsynelatande sendt ut frå Norsk senter for Ernæringsstudier og gjaldt «invitasjon til Norsk Slanketest 2010» som òg gjekk under namnet SlankeKuren 2010.
På grunn av utforminga av marknadsføringa og påstandar som kom fram i sjølve marknadsføringa vurderte Forbrukarombodet marknadsføringstiltaket til å vere i strid med mfl. §§ 6 og 7 jf. § 3 andre ledd, samt i strid med forskrift om urimeleg handelspraksis § 1 punkt 22. Ombodet såg òg at utsendinga av marknadsføringa var i strid med mfl. §§ 13 jf. § 12, ei problemstilling som det ikkje vart gått vidare med.
I brev av 29. januar 2010 vart Trollkost for det første gjort merksame på at utsendinga var i strid med mfl. §§ 13 jf. 12 då forbrukarane var reserverte mot adressert reklame i Reservasjonsregisteret.
Vidare vart det tatt opp problemstillingar vedrørande innhaldet i marknadsføringa. For det første vart det vist til at marknadsføringa etter ombodets vurdering var i strid med forskrift om urimeleg handelspraksis § 1 punkt 22 og soleis forbode etter mfl. § 6. Dette fordi Trollkost ved å gi inntrykk av at marknadsføringa var sendt ut av Norsk senter for Ernæringsstudier feilaktig hevda eller gav inntrykk av at Trollkost ikkje handla for føremål som gjaldt deira forretnings- eller yrkesverksemd. Samstundes viste ombodet til at utforminga av marknadsføringa òg var i strid med mfl. § 3 første ledd som slår fast at all marknadsføring skal utformast og presenterast slik at den tydeleg framstår som marknadsføring.
Selskapet vart òg gjort merksame på at dei etter mfl. § 3 andre ledd måtte kunne dokumentere konkrete påstandar som var sett fram i marknadsføringa, og at dersom påstandane ikkje kunne dokumenterast ville marknadsføringa vere i strid med
mfl. §§ 6 og 7 om villeiande marknadsføring.
Det vart avslutningsvis vist til at Forbrukarombodet som hovudregel skal forsøke å oppnå ei frivillig ordning med den næringsdrivande. Her var det imidlertid opna for bruk av unntaket til å oppnå frivillig ordning i mfl. § 36 andre ledd dersom ikkje Trollkost kunne leggje fram dokumentasjon for påstandane i marknadsføringa innan 48 timar.
Med tilvising til mfl. § 3 andre ledd, jf. § 36 andre ledd ba ombodet avslutningsvis om at Trollkost innan 3. februar kl.10.00 la fram dokumentasjon som kunne bevise at Slankekuren 2010 hadde slankande effekt. Dersom dette ikkje kunne leggjast fram ba ombodet om at det innan same frist vart gitt ei stadfesting på at Trollkost ville avstå fra all marknadsføring av SlankeKuren 2010.
Trollkost svarte ved e-post av 3. februar 2010. Selskapet kunne ikkje leggje fram dokumentasjon for påstandande som var sett fram i marknadsføringa. Selskapet stadfesta likevel å avstå frå vidare marknadsføring av SlankeKuren 2010.
Forbrukarombodet mottok den 4. februar 2010 to klager oversendt frå Mattilsynet. Mattilsynet viste til at produktet var å sjå på som eit kosttilskot, og at marknadsføringa ikkje var i strid med forskrift om kosttilskot § 6 om merking og marknadsføring av kosttilskot som Mattilsynet fører tilsyn med. Mattilsynet såg det slik at forbrukarane reagerte på selskapets form for salsframstøyt og sendte klagene over for eventuell oppfølging frå Forbrukarombodet.
Då Trollkost ikkje kunne leggje fram dokumentasjon for påstandane om slankande effekt i marknadsføringa, og på grunn av det villeiande innhaldet i marknadsføringa varsla Forbrukarombodet om at saka ville bli lagt fram for Marknadsrådet med påstand om forbodsvedtak med tvangsmulkt for brot på mfl. §§ 6 og 7, jf. § 3 andre ledd og vedtak om lovbrotsgebyr for brot på forskrift om urimeleg handelspraksis § 1 punkt 22.
I brevet gjekk Forbrukarombodet gjennom dei ulike problemstillingane marknadsføringa reiste etter marknadsføringslova. Ombodet konkluderte med at mfl. §§ 6 og 7 jf. § 3 andre ledd var brote, og at krava for å ileggje forbodsvedtak med tvangsmulkt var oppfylt. Vidare vart krava til å ileggje lovbrotsgebyr gjennomgått og ombodet konkluderte med at desse vart oppfylt ved brot på forskrift om urimeleg handelspraksis. Ombodet uttrykte at det ville bli lagt fram ein påstand for Marknadsrådet om lovbrotsgebyr på kr. 110.000 for brot på forskrift om urimeleg handelspraksis § 1 punkt 22.
Forbrukarombodet gav selskapet frist til 15. mars til å komme med merknadar og kommentarar til varselet. Under dette informasjon om kor mange marknadsføringstiltak som var sendt ut og eventuell økonomisk informasjon om selskapet.
Forbrukarombodet sendte også varsel til aksjeeigarane i selskapet Per Egil Sørensen og Henrik Ramstad. Aksjeeigarane vart varsla om at det òg ville bli lagt ned tilsvarande påstandar mot dei med grunnlag i medverkingsansvaret.
Forbrukarombodet mottok svar frå Christian Frick Consulting på vegne av Trollkost. I svarbrevet vart det gjort greie for at sal av produktet starta 11. januar 2010 og at produktet ikkje har blitt marknadsføring etter dette tidspunktet. Det vart vidare orientert om at marknadsføringa vart sendt ut til 150.000 forbrukarar, der dei fleste var kundar av Trollkost, men òg nokre etter adresselister frå andre bransjeaktørar. Det vart vist til at selskapet i heilskap ikkje hadde hatt forteneste ved sal av produktet.
Vidare vart det hevda at «Norsk senter for Ernæringsstudier» ikkje var eit fiktivt namn då det vart registrert som ei underavdeling av Trollkost i Enhetsregisteret i oktober 2009. Fordi selskapet ikkje skulle ha tilsette var krava for å få tildelt eige nummer på verksemda likevel ikkje til stades. Dette fekk Trollkost først kjennskap til 15. januar, etter at marknadsføringa var sendt ut.
Det vart vidare framheva at Trollkost meinte å kunne dokumentere verknad av produktet i samsvar med påstandane sett fram i marknadsføringa. Dette valde likevel selskapet å ikkje leggje fram av di dei vurderte det slik at Statens Legemiddelverk kanskje ville klassifisere produktet som legemiddel. For øvrig opplyste selskapet om at dette var under utgreiing og at dei tok sikte på å presentere produktet på eit seinare tidspunkt.
I samband med Forbrukarombodets utmåling av lovbrotsgebyr viste selskapet avslutningsvis til at driftsresultatet i 2009 var minus kr. 140.653.
Den 16. mars mottok Forbrukarombodet eit brev frå Høgskulen i Akershus. Høgskulen orienterte om at dei den 24. februar sendte eit varsel om vidare rettslege steg til Trollkost dersom ikkje villeiande marknadsføring/urimeleg utnytting av Høgskulen i Akershus sin innsats og resultat opphørte. På bakgrunn av at Forbrukarombodet varsla om at saka ville bli lagt fram for Marknadsrådet valde Høgskulen å ikkje gå vidare med saka på dåverande tidspunkt, men uttrykte ønske om å støtte opp om Forbrukarombodets sak.
Varselet frå Høgskulen om vidare rettslege steg vart lagt ved brevet. I hovudsak reagerte Høgskulen på at «Norsk senter for ernæringsstudier» blir forveksla med nordisk «Senter for fremragende forskning innen mat, ernæring og helse» der Høgskulen er ein av deltakarane, mellom anna fordi ein ved søk på «norsk senter for ernæring» på www.google.no får opp treff på «senter for fremragende forskning innen mat, ernæring og helse». Også forkortinga NSE som Trollkost nyttar i marknadsføringa er òg forkorting for «Norsk selskap for ernæring» som er ein interesseorganisasjon for personar med ernæringsfagleg bakgrunn.
Forbrukarombodet orienterte Høgskolen i Akershus om at ombodet ville gå vidare med saka til Marknadsrådet og at dei ville bli halde orientert om dette.
Den 8. april 2010 observerte Forbrukarombodet at Trollkost marknadsførte produktet Epica på diverse nettstader, mellom anna på www.gulesider.no.
På bakgrunn av utforminga og innhaldet i marknadsføringa såg Forbrukarombodet det som sannsynleg at dette i realiteten var marknadsføring av SlankeKuren2010 under eit nytt namn.
Grunnlaget for dette var mellom anna dette utsegnet i marknadsføringa:
– «Resultatene av den store slanketesten med Epica er endelig klar»
Då Forbrukarombodet observerte at Trollkost, til tross for stadfestinga om å avstå frå marknadsføring av SlankeKuren2010, marknadsførte noko som anten var resultatet av «Den store slanketesten» eller eit tilsvarande produkt med påstandar om slankande effekt, såg Forbrukarombodet det slik at det ville medføre ulempe eller skadeverknad å avvente Marknadsrådets vedtak, jf. mfl. § 37 første ledd.
Forbrukarombodet varsla difor Trollkost AS, Per Egil Sørensen og Henrik Ramstad i brev av 9. april 2010 om at det ville bli fatta vedtak om forbod mot Trollkost og medverkarane, jf. mfl. § 37 jf. § 39, jf. §§ 40 og 42.
Det vart presisert i varselet at dei problemstillingane som dreidde seg om brot på forskrift om urimeleg handelspraksis § 1 punkt 22 og påstand om vedtak om lovbrotsgebyr framleis ville bli lagt fram for Marknadsrådet som tidlegare varsla.
Den 19. april fekk Forbrukarombodet svar frå Christian Frick Consulting på vegne av Trollkost. Det vart vist til at produktet Epica ikkje var det same produktet som vart marknadsført under SlankeKuren2010. Produktspesifikasjon for Epica vart lagt ved for å vise dette.
Då Forbrukarombodet ved e-posten av 19. april 2010 vart orientert om at Epica og Slankekuren2010 ikkje dreidde seg om same produkt ba ombodet om at også innhaldsoversikt for Slankekuren2010 var lagt fram innan 11. mai 2010 for å få bevist dette.
Vidare varsla Forbrukarombodet om at det ville bli fatta forbod mot marknadsføring av produktet Epica, dersom dette produktets effekt ikkje kunne dokumenterast. Trollkost vart med heimel i mfl. § 3 jf. § 36 andre ledd gitt frist til 11. mai 2010 på å leggje fram dokumentasjon som kunne bevise påstandane om Epica si slankande effekt som vart sett fram i marknadsføringa. Frist til øvrige kommentarar i saka vart òg sett til 11. mai 2010.
Medverkarane Per Egil Sørensen og Henrik Ramstad vart varsla særskilt.
Den 11. mai 2010 mottok Forbrukarombodet e-post frå H. Katrine Wilhelmsen. I e-posten var det ikkje komme med merknadar eller kommentarar til varselet, men produktspesifikasjon for produktet Faktor X (dvs. produktet som var marknadsført som SlankeKuren2010) var lagt ved.
Ombodet sendte same dag, 11. mai, e-post til H. Katrine Wilhelmsen med førespurnad om ombodet skulle forstå e-posten slik at Trollkost hadde avgitt svar i saka.
Forbrukarombodet mottok ikkje svar på denne e-posten, og mottok heller ikkje øvrige kommentarar til varselet verken frå Trollkost eller medverkarane.
Det har heller ikkje blitt sendt over dokumentasjon som kan vise at produktet Epica har den slankande effekt som det blir vist til i marknadsføringa.
Ved ein kontroll på Trollkost sine heimesider den 26. mai 2010 fann ombodet at Epica framleis vart marknadsført med påstandar om slankande effekt.
3. Forbrukarombodet si vurdering etter mfl. § 6 første ledd, jf. § 7 første ledd bokstav, jf. § 3 andre ledd
3.1 Innhaldet i mfl. §§ 6 og 7 jf. § 3 andre ledd
Mfl. § 6 første ledd slår fast at «urimelig handelspraksis er forbudt». I § 6 tredje ledd går det fram at «en handelspraksis er alltid urimelig dersom den er villedende etter
§ 7 (…)».
Mfl. § 7 første ledd bokstav d slår fast at «en handelspraksis er villedende dersom den inneholder uriktige opplysninger og dermed er usannferdig eller på annen måte er egnet til å villde forbrukere med hensyn til (…) ytelsens hovedegenskaper (…), bruk eller egnethet for et formål, resultater som kan forventes ved bruk (…)».
Mfl. § 3 andre ledd slår fast at «[p]åstander i markedsføring om faktiske forhold, herunder om ytelsers egenskaper e ller virkning, skal kunne dokumenteres. Dokumentasjonen skal foreligge på annonsørens hånd når markedsføringen skjer».
Det blir vidare utdjupa i førearbeida til lova, jf. Ot.prp. nr. 55 (2007- 2008) s. 189 at mfl. § 3 andre ledd «må ses i sammenheng med forbudet mot villedende markedsføring i mfl. §§ 7 og 26. Uriktige og usannferdige påstander i markedsføring anses villedende og er forbudt. Bestemmelsen er en lovfesting av praksis fra Markedsrådet og Forbrukerombudet vedrørende udokumenterte påstander.»
Om krava som blir stilt til dokumentasjon er det nærare presisert på s. 27 i Ot.pr.nr. 55
(2007-2008); «for at dokumentasjonen skal ha tilstrekkelig beviskraft, kreves vanligvis at påstandene kan underbyggest av uttalelser eller undersøkelser utført av nøytrale instanser med anerkjent faglig kompetanse, og på en faglig forsvarlig måte. For det andre må dokumentasjonens innhold være dekkende for de påstander som fremsettes i markedsføringen. Det må for eksempel være samme produkt som er testet som det som markedsføres. Normalt vil det ikke være tilstrekkelig at en komponent i produktet er testet og dokumentert.»
3.2 Forbrukarombodets rettslege vurdering – mfl. §§ 6 og 7 jf. § 3 andre ledd
Vedtaket relaterar seg til marknadsføringa av produkta Epica og SlankeKuren 2010, der det blir sett fram diverse påstandar om produkta sin slankande effekt.
Trollkost meiner å kunne dokumentere at produkta har den marknadsførte verknad, men har på førespurnad frå Forbrukarombodet ikkje lagt fram slik dokumentasjon for verken Epica eller SlankeKuren 2010, og det er soleis ikkje dokumentert at produkta har slankande effekt.
Nokre døme på påstandar som blir nytta i marknadsføringa av Epica:
– «7-12 kilo på 2 uker. Deretter 2-4 kilo pr. uke»
– «Fettcellene halveres»
– «Verdensnyhet! Nå blir du slank med sjokolade!»
– «Resultatene av den store slanketesten med Epica er endelig klar»
Nokre døme på påstandar som blir nytta i marknadsføringa av SlankeKuren2010:
– «Du som melder deg som førstetester får muligheten til å prøve SlankeKuren 1-2 år før den blir tilgjengelig på apoteket»
– «FaktorX inneholder kort sagt noen viktige nøkkelelementer som er helt nødvendige for at kroppens fettforbrenning skal bedres»
– «Vi kan foreløpig ikke si mer enn at gjennomsnittlig vektreduksjon så langt har vært ca. 10-15% av overvekten per uke. Mange vil oppleve mye raskere effekt, og noen vil det gå litt saktere»
Marknadsføring som inneheld uriktige og usannferdige påstandar er å sjå på som villeiande og forbode etter mfl. § 7, jf. § 6 første ledd.
Etter Forbrukarombodets vurdering gir uttalingane i marknadsføringa av Epica og SlankeKuren2010, både enkeltvis og samla sett, eit overvegande inntrykk av at personar ved berre å nytte produkta vil gå drastisk ned i vekt. Marknadsføringa viser i tillegg til resultat for begge produkta som må seiast å vere eit heilt urealistisk vekttap, same kva metode ein måtte nytte.
Då påstandane om konkret verknad av Epica og SlankeKuren2010 ikkje er dokumentert er marknadsføringa etter ombodets vurdering villeiande etter mfl. § 7 første ledd bokstav b jf. § 3 andre ledd og i strid med forbodet mot urimeleg handelspraksis i mfl. § 6 første ledd.
3.3 Konklusjon
Trollkost har på førespurnad frå Forbrukarombodet ikkje lagt fram dokumentasjon på at Epica og SlankeKuren2010 har effekt som marknadsført, og det er Forbrukarombodets vurdering at Trollkost AS ved marknadsføringa av produkta har brote mfl. §§ 6 og 7 jf. § 3 andre ledd.
4. Forbrukarombodet si vedtakskompetanse
4.1 Omsynet til forbrukarane – mfl. § 39
Forbrukarombodet og Marknadsrådet kan fatte enkeltvedtak om forbod, påbod, tvangsmulkt og lovbrotsgebyr for brot på lova, samt kombinasjonar av desse, dersom ein finn at omsynet til forbrukarane tilseier dette, jf. mfl. § 39.
Det følgjer av Ot.prp.nr. 55 (2007-2008) s. 211 at vilkåret «hensynet til forbrukere» først og fremst er tatt med for å avgrense mot andre omsyn, som til dømes omsynet til næringsdrivande. Det blir presisert i førearbeida at dette vilkåret ikkje er meint å stille kvalifiserande krav til terskelen for inngrep. Det er difor ikkje grunnlag for eit generelt prinsipp om at det ikkje kan gripast inn før det ligg føre eit større tal på klager og meir systematiske lovbrot.
Forbrukarombodet har i saka motteke tre klager, samt to klager oversendt frå Mat tilsynet som gjeld «SlankeKuren2010». Imidlertid opplyste Trollkost om at marknadsføringa av SlankeKuren2010 var sendt ut til 150.000 forbrukarar, noko som gjer at svært mange forbrukarar varte eksponert for denne villeiande marknadsføringa.
Trollkost opplyser og om at produktet er seld for kr. 1.246.342. Dersom ein antek at forbrukarane har kjøpt minst første sending, eller betalt inn «startkontigenten» er det omlag 3560 forbrukarar som har nytta seg av tilbodet frå Trollkost.
Etter Forbrukarombodets vurdering er det faktum at svært mange forbrukarar har motteke marknadsføringa, og at mange faktisk har kjøpt produktet moment som viser at det er sterke forbrukaromsyn som gjer seg gjeldande i saka. Trollkost har i tillegg forsøkt å få forteneste til si forretningsverksemd ved å framstille si verksemd som ein seriøs forskingsinstitusjon utan at dette er tilfelle.
Produktet Epica vart marknadsført på nettet, både på Trollkost sine eigne heimesider, i tillegg til på store nettstader med mange treff som www.gulesider.no. Svært mange forbrukarar har difor truleg blitt eksponert også for denne marknadsføringa. Ei enkel bestillingsløysing som det er lagt opp til på nettet for produktet Epica vil òg gjere det enkelt for forbrukarar å kjøpe produktet.
Etter Forbrukarombodets vurdering er det faktum at svært mange forbrukarar har blitt eksponert for marknadsføringa, at mange faktisk har kjøpt SlankeKuren2010, og at marknadsføringa av Epica framleis ligg ute på nettet moment som viser at det er sterke forbrukaromsyn som gjer seg gjeldande i saka.
Forbrukarombodet legg òg vekt på at kort tid etter at Trollkost stadfesta at SlankeKuren2010 ikkje lengre skulle marknadsførast, gjekk dei ut med marknadsføring av eit nytt tilsvarande «slankeprodukt» Epica som framleis blir marknadsført på med slankande effekt på Trollkost si heimeside.
Å gripe inn mot denne typen marknadsføring og å beskytte forbrukarar mot villeiande utsegn og feilaktige framstillingar er midt i kjernen av marknadsføringslova sitt bruksområde, og ombodet vurderar det slik at omsynet til forbrukarane tilseier eit inngrep i saka.
4.2 Ikkje nødvendig med frivillig ordning – mfl. § 35 og § 36 andre ledd
Som hovudregel skal Forbrukarombodet forhandle med den næringsdrivande for å komme fram til ei frivillig ordning i saker, jf. mfl. § 35. Det er likevel opna for unntak frå denne hovudregelen i mfl. § 36 første og andre ledd.
Andre ledd i § 36 slår fast at «det er heller ikke nødvendig å søke å oppnå frivillig ordning dersom dokumentasjon for en påstand om konkret virkning benyttet i markedsføring ikke er sendt til Forbrukerombudet innen 48 timer fra begjæring om dette er mottatt av den næringsdrivende».
Då Trollkost ikkje har sendt Forbrukarombodet den etterspurte dokumentasjonen innan fristen, og heller ikkje har sendt over dokumentasjon på eit seinare tidspunkt er Trollkost sitt brot på mfl. §§ 6 og 7, jf. § 3 andre ledd er av ein slik art at det ikkje er naudsynt for Forbrukarombodet å søke å oppnå frivillig ordning med den næringsdrivande.
4.3 Forbrukarombodets si vedtakskompetanse – mfl. § 37 andre ledd
Det går fram av mfl. § 37 andre ledd at Forbrukarombodet kan fatte vedtak om forbod etter § 39 dersom ombodet reknar den aktuelle handlinga for å vere «i det vesentlige identisk med handlinger eller vilkår som Markedsrådet tidligere har nedlagt forbud mot».
Seinast i MR-sak 09/969 (Nuform) la Marknadsrådet ned forbod mot marknadsføring av påstandar om slankande effekt av Nushape utan at desse kunne dokumenterast. Då Trollkost i denne saka marknadsfører slankepåstandar utan at dette har blitt, eller har blitt forsøkt dokumentert, er handlinga med andre ord «i de vesentlige identisk med handlinger eller vilkår som Markedsrådet tidligere har nedlagt forbud mot».
4.4 Konklusjon
Etter dette er det klart at vilkåra for at Forbrukarombodet kan fatte vedtak i saka er oppfylt.
5. Tvangsmulkt
5.1 Rettsleg grunnlag og vurdering
For å sikre at vedtak etter mfl. § 40 vert overhaldne skal det som hovudregel fastsetjast ei tvangsmulkt som den som vedtaket rettar seg mot skal betale dersom vedkomande bryt vedtaket, jf. mfl. § 42. Dersom vedtaket ikkje vert brote oppstår inga betalingsplikt.
Det går fram av mfl. § 42 at fastsetjing av tvangsmulkt kan unnlatast dersom særlege grunnar tilseier dette. Forbrukarombodet kan ikkje sjå at slike særlege grunnar ligg føre i denne saka, og fastset med dette tvangsmulkt i tilknyting til vedtaket om forbod mot marknadsføringa av Epica, jf. mfl. § 42.
5.2 Utmåling
Det går fram av førearbeida til mfl. § 42 at denne regelen er meint som ei vidareføring av den tidlegare § 16 første ledd. Førearbeida til den føresegna er Ot.prp. nr. 34 (1994-95). Det vert presisert i førearbeida at dei retningslinjene for fastsetjing av tvangsmulkt som gjeld for denne regelen må vidareførast for mfl. § 42. Tvangsmulkta kan fastsetjast som ei løpande mulkt eller som eit eingongsbeløp, jf. § 42 andre ledd.
Ved vurderinga av om det skal fastsetjast tvangsmulkt legg Forbrukarombodet mellom anna vekt på at Trollkost AS framleis marknadsfører Epica på heimesida www.trollkost.no slik at det framleis er eit brot på mfl. § 7 jf. § 6 då Trollkost ikkje har dokumentert, eller forsøkt å dokumentere den hevda verknaden. I tillegg legg ombodet vekt på at Trollkost rett etter å ha stadfesta at marknadsføringa av SlankeKuren2010 var avslutta sette i gang med ny marknadsføring av eit tilsvarande «slankeprodukt».
Dersom det ikkje vert fastsett ei tvangsmulkt ved brot på vedtaket vil Trollkost ha lite incentiv til å avstå frå den ulovlege marknadsføringa som framleis skjer av Epica, og soleis òg til å setje i gang med nye kampanjar for tilsvarande produkt med påstått slankande effekt.
Forbrukarombodet vurderar det som føremålsteneleg å utforme vedtaket slik at eit brot på dette vedtaket utløyser ei enkeltståande tvangsmulkt dersom Trollkost marknadsførar produkt i strid med vedtaket etter at fristen for å innrette seg etter vedtaket har gått ut.
Det følgjer av førearbeida til § 42 (Ot.prp. nr.55 (2007-2008)) på side 213 at storleiken på tvangsmulkta skal fastsetjast etter ei konkret vurdering i kvart tilfelle. Det vert vidare sagt både i lova og dei nemnte førearbeida at det skal leggjast vekt på at det ikkje skal lønna seg for den næringsdrivande å bryte vedtaket. Tvangsmulkta skal verke som eit reelt oppfyllingspress. Det må gjerast ei skjønsmessig vurdering ut i frå sakens art og den innklaga sine økonomiske forhold, jf. Ot.prp. nr. 34 (1994-95) s. 20-21.
Trollkost står på ravninfo oppført med ei inntekt på kr. 15.746.000 og eit driftsresultat på kr. 3.941.000 i 2008.
I MR-sak 09/969 (Nuform) stadfesta Marknadsrådet Forbrukarombodet sitt vedtak mot Nuform, og slutta seg til Forbrukarombodet si grunngjeving for fastsetjing av ei tvangsmulkt på 400.000 kr. Ved fastsetjing av storleiken på tvangsmulkta i Nuform-saka vart det mellom anna lagt vekt på at Nuform ikkje viste evne eller vilje til å innrette seg etter dei krav Forbrukarombodet stilte etter marknadsføringslova.
Trass i at Trollkost er gjort merksame på krava som vert stilt etter marknadsføringslova til dokumentasjon av påstandar om effekt, samt konsekvensane av ikkje å framlegge slik dokumentasjon, så har ikkje Forbrukarombodet motteke dokumentasjon innan fristen. Det har heller ikkje blitt gjort forsøk på å leggje fram dokumentasjon. Straks etter at selskapet stadfesta at marknadsføring av eitt produkt var avslutta vart det sett i gang med same type villeiande marknadsføring for eit tilsvarande «slankeprodukt».
I tillegg held Trollkost fram med marknadsføring av produktet Epica på heimesidene sine. At Trollkost rett etter å ha avslutta eit marknadsføringstiltak som Forbrukarombodet slo ned på, sette i gang eit nytt og liknande marknadsføringstiltak iser etter ombodets vurdering at det er sannsynleg at nye tilsvarande framstøyt vil bli sett i verk frå selskapets side.
For at tvangsmulkta skal verke som eit reelt oppfyllingspress, og for å hindre Trollkost i fleire marknadsføringstiltak av same typen, er det etter Forbrukarombodet si vurdering naudsynt å sette tvangsmulkta til 400.000 kr. Tvangsmulkt i denne storleiken er òg i tråd med tidlegare praksis frå Marknadsrådet i tilsvarande saker, særleg sak 09/969 Nuform-saka.
5.3 Konklusjon
På denne bakgrunn finn Forbrukarombodet at det vert fastsett ei enkeltståande tvangsmulkt på 400.000 kr. for brot på dette vedtaket.
6. Vedtak
På denne bakgrunn, og med heimel i marknadsføringslova § 37 første ledd, jf. § 39 første ledd, jf. §§ 40 og 42, fattar Forbrukarombodet følgjande vedtak:
1. Forbrukarombodet forbyr Trollkost AS å marknadsføre produktet Epica og produktet SlankeKuren2010 eller andre produkt med påstått slankande effekt gjennom å nytte formuleringar som:
– «7-12 kilo på 2 uker. Deretter 2-4 kilo pr. uke»
– «Fettcellene halveres»
– «Verdensnyhet! Nå blir du slank med sjokolade!»
– «Epica inneholder et patentert kakaobønneuttrekk, som har fantastisk fettforbrennende effekt!»
– «Du som melder deg som førstetester får muligheten til å prøve SlankeKuren 1-2 år før den blir tilgjengelig på apoteket»
– «FaktorX inneholder kort sagt noen viktige nøkkelelementer som er helt nødvendige for at kroppens fettforbrenning skal bedres»
– «Vi kan foreløpig ikke si mer enn at gjennomsnittlig vektreduksjon så langt har vært ca. 10-15% av overvekten per uke. Mange vil oppleve mye raskere effekt, og noen vil det gå litt saktere»
og liknande påstandar om at produkta har vektreduserande eller slankande effekt, så lenge ikkje slik verknad er dokumentert.
2. Trollkost AS skal betale kr 400.000 dersom firmaet bryt eller medverkar til brot på dette vedtaket.
* * *
Den som forsettleg eller aktlaust bryt vedtak som er gjort i medhald av marknadsføringslova, kan bli straffa med bøter, fengsel inntil 6 månader eller begge deler dersom ikkje strengare straffeføresegner kjem til bruk, jf. § 48 fjerde ledd. Medverknad vert straffa på same måte.
Vedtaket kan påklagast til Marknadsrådet, jf. marknadsføringslova § 37 tredje ledd. Forvaltningslova kapittel 6 inneheld nærare reglar for ein eventuell klage.
Klagefristen er 3 veker rekna frå den dag parten har fått melding om vedtaket. Klage skal sendast til Forbrukarombodet.
Vedtaket kan ikkje takast inn for dei alminnelege domstolane utan at saka først er lagt fram for Marknadsrådet, jf. forvaltningslova § 27 b.
Marknadsrådet er orientert om vedtaket, jf. marknadsføringslova § 37 tredje ledd.
Oslo, 8. juni 2010
Bjørn Erik Thon
forbrukarombod