FOV-2009-1221: Nuform AS

Saka gjeld Nuform AS (heretter Nuform) si marknadsføring av produktet Nushape med påstandar om at produktet har slankande effekt.

VEDTAK OM FORBOD MOT BROT PÅ MARKNADSFØRINGSLOVA § 6 FØRSTE LEDD JF. § 7 FØRSTE LEDD BOKSTAV b JF. § 3 ANDRE LEDD
ETTER § 37 jf. § 39, jf. §§ 40 og 42 MOT

Nuform AS, Ytrebygdvegen 37, 5251 Søreidgrend

Saksnf.: 09/1221 (tidlegare 09/527)

1. Saksforholdet

Saka gjeld Nuform AS (heretter Nuform) si marknadsføring av produktet Nushape med påstandar om at produktet har slankande effekt.

2. Forbrukarombodets samsbehandling

På bakgrunn av fleire klager på Nuform og produktet Nushape, både vedrørande avtalevilkår, bruk av angrerett og påstandar om slankande effekt, vart Nuform i brev av 26.05.09 gjort merksame på ulike problemstilingar marknadsføringa av produktet reiste.

Nuform vart mellom anna gjort merksame på at påstandane om at produktet Nushape har  slankande effekt, måtte kunne dokumenterast. Krava som blir stilt til dokumentasjon av påstandar om slankande effekt vart Nuform òg gjort merksame på i Forbrukarombodets brev av 16.02.07 og 04.01.08, den gong for produktet Reduxin.

Forbrukarombodet ba om at Nuform la fram materiale som kunne dokumentere dei påstandane som var sett fram i marknadsføringa av produktet. Dersom slik dokumentasjon ikkje kunne framleggjast ba ombodet om at påstandar om at produktet har slankande effekt vart fjerna frå all marknadsføring av Nushape. Nuform fekk frist til 15. juni 2009 på å sende over dokumentasjon.

I brevet vart Nuform òg gjort merksame på at det i ny mfl. § 36 andre ledd (marknadsføringslova som trådde i kraft 1. juni 2009) ville bli innført ein regel om at den næringsdrivande har frist på 48 timar på å leggje fram dokumentasjon for påstandar om eit produkts konkrete verknad, og at dersom fristen ikkje blir overhalde pliktar ikkje ombodet å søke å oppnå frivillig ordning i saka.

I telefonsamtale av 18.06.09 ba Advokatfirmaet Grahl Madsen & Co på vegne av deira klient Nuform, om utsett frist for å sende over den etterspurte dokumentasjon og til å komme med utgreiing i saka. Forbrukarombodet gav utsett frist til 22. juni 2009 på å oversende dokumentasjonen, samt utsett frist til 25. juni 2009 på å komme med utgreiing i saka. I brevet gjorde ombodet Nuform merksame på at dersom dokumentasjon og utgreiing ikkje vart motteke som etterspurt, ville vi vurdere å ta i bruk sanksjonane etter marknadsføringslova. Advokatfirmaet stadfesta i telefaks av 18.06.09 at dokumentasjon og utgreiing vil sendas Forbrukarombodet innafor den utvida fristen.

Den 19.06.09 sendte advokaten på vegne av Nuform over kopi av ei klinisk studie som blir nytta i marknadsføringa av Nushape som dokumentasjon for påstandane sett fram i marknadsføringa av produktet. Samtidig gjorde advokaten Forbrukarombodet merksame på at Nuform var i dialog med Mattilsynet vedrørande tilpassing av utsegn og formuleringar i marknadsføringa, og at dei ville komme attende til bakgrunnen for dette innan
fristen 25.06.09.

I brev av 23.06.09 kom Nuform ved advokaten med den etterspurte utgreiing, under dette deira syn på bruken av påstandar om at Nushape har vektreduserande effekt, samt kommentarar til dialogen Nuform hadde med Mattilsynet.

Advokaten klårgjer for det første at Nushape er eit nytt produkt utan samanheng med produktet Reduxin som ombodet tidlegare var i dialog med Nuform om vedrørande marknadsføring av udokumenterte slankepåstandar. Sal og marknadsføring av produktet Reduxin er stogga.

Dernest nemner advokaten at i samband med ein større revisjon av Nuform AS si verksemd, har Mattilsynet gjennomgått den aktuelle studien og funne denne tilstrekkeleg for bruk i marknadsføring. Advokaten legg ved Mattilsynets rapport av 17. juni 2009, og viser til at Mattilsynet i rapporten har komme med motsegner mot merking, beskriving og marknadsføring av fleire produkt, under dette Nushape. Det blir vidare nemnd at Nuform er gitt frist til 1. september 2009 på å etterkomme Mattilsynets krav, og at marknadsføringsprofilen til Nushape ventas å stå ferdig retta i alle kanalar innan denne fristen.

Advokaten går vidare inn på vilkår og betingelsar for Nushape, og stadfestar at dei vil endre desse. Det blir òg presisert at Nuform vil halde fram med å nytte uttrykket “gratis”, men at vilkår vil bli presisert og klårgjort i kombinasjon og umiddelbar samanheng med formuleringa.

Ombodet oversendte studien til Folkehelseinstituttet for ei fagleg vurdering.

Folkehelseinstituttet vurderte studien, og konkluderte med at den langt ifrå var tilstrekkeleg til å sette fram slike påstandar om slankande effekt som Nuform gjorde i si marknadsføring av Nushape. Mellom anna var ikkje dokumentasjonen vitskapleg prøvd, resultata i studien stod ikkje i samsvar med det som blir hevda i marknadsføringa, i tillegg er ikkje ei enkelståande studie nok til å dokumentere ei medisinsk effekt.

På bakgrunn av Folkehelesinstituttets konklusjon om at det ikkje var dokumentert at Nushape hadde slankande effekt fann ombodet grunn til å varsle om at det ville bli fatta vedtak om forbod og tvangsmulkt dersom Nuform ikkje fjerna all marknadsføring av Nushape innan 7. juli 2009. Varselet vart sendt både til Nuform og til dagleg leiar i Nuform, Kjell Nødtvedt.

Etter at varselet var sendt ut mottok Forbrukarombodet telefon frå Grahl, Madsen&co ved advokatfullmektig Jan Egill Aarø Wendelboe den 02.07.09. Av di dagleg leiar i Nuform var på ferie meinte dei det ville vere umogleg å få fjerna marknadsføringa innan fristen, og dei ville heller ikkje ha høve til å komme med kommentarar i saka før medio august. I tillegg vart det uttrykt at Nuform ville vere usamde i Forbrukarombodets vurdering. Ved e-post av same dag vart det frå Forbrukarombodet fasthalde at marknadsføringa skulle fjernast innan 7. juli 2009, men det vart gitt frist for å komme med kommentarar i saka til 15. august 2009. Det vart presisert at ombodet ville foreta kontrollar for å sjå til at marknadsføringa var fjerna innan fristen, og at ombodet ville gå vidare med vedtak om forbod dersom marknadsføringa ikkje var fjerna som etterspurt.

Den 7. og 8. juli 2009 føretok Forbrukarombodet ein kontroll på diverse nettsider for å sjå om Nuform framleis marknadsførte Nushape med påstandar om at produktet har slankande effekt. Fleire slike marknadsføringstiltak vart funne.

3. Forbrukarombodets vurdering etter § 6 første ledd, jf. § 7 første ledd bokstav B, jf. § 3 andre ledd

3.1 Innhaldet i mfl. § 6, jf. § 7 første ledd bokstav b, jf. § 3 andre ledd

Ny marknadsføringslov trådde i kraft 1. juni 2009. Innhaldet i lova sine føresegner om villeiande marknadsføring korresponderar med tidlegare lov og praksis hos Forbrukarombodet.

Mfl. § 6 første ledd slår fast at “urimelig handelspraksis er forbudt”. Føresegnas fjerde ledd utdjupar vidare at ein “handelspraksis er alltid urimelig dersom den er villedende etter § 7”.

Det er nærare presisert i mfl. § 7 første ledd bokstav b at en “handelspraksis er villedende dersom den inneholder uriktige opplysninger og dermed er usannferdig eller på annen måte er egnet til å villede forbrukerne med hensyn til (…) ytelsens hovedegenskaper (…), bruk eller egnethet for et formål, resultater som kan forventes ved bruk”.

Det er vidare presisert i mfl. § 3 andre ledd om “presentasjon og dokumentasjon av markedsføring” at “påstander i markedsføring om faktiske forhold, herunder om ytelsers egenskaper eller virkning, skal kunne dokumenteres.”

Det går fram i Ot.prp.nr. 55 (2007-2008) på s. 189 at mfl. § 3 andre ledd “må ses i sammenheng med forbudene mot villedende markedsføring i mfl. §§ 7 og 26. Uriktige og usannferdige påstander i markedsføring anses villedende og er forbudt. Bestemmelsen er en lovfesting av praksis fra Markedsrådet og Forbrukerombudet vedrørende udokumenterte påstander.”

Om krava som blir stilt til dokumentasjon er det nærare presisert på s. 27 i Ot.pr.nr. 55 (2007-2008); “for at dokumentasjonen skal ha tilstrekkelig beviskraft, kreves vanligvis at påstandene kan underbyggest av uttalelser eller undersøkelser utført av nøytrale instanser med anerkjent faglig kompetanse, og på en faglig forsvarlig måte. For det andre må dokumentasjonens innhold være dekkende for de påstander som fremsettes i markedsføringen. Det må for eksempel være samme produkt som er testet som det som markedsføres. Normalt vil det ikke være tilstrekkelig at en komponent i produktet er testet og dokumentert.”

3.2 Forbrukarombodets vurdering

Vedtaket relaterar seg konkret til Nuforms bruk av påstandar om at Nushape har slankande effekt. Nokre døme på påstandar nytta i marknadsføringa følgjer:

– “Nå er det endelig kommet en enklere vei til en sunnere, slankere og mer sexy kropp”
– “Du oppnår betydelig vekttap kun ved hjelp av en pille”
– “Ingen mosjon eller diett er nødvendig”
– “Deltakerne i studien fikk et betydelig vekttap”
– “Nushape gir en fysiologisk vektreduksjon som øker din sjanse for et varig vekttap”
– “Det var ingen vektreduksjon i kontrollgruppen. Derimot gikk Nushape deltagerne ned hele 400 gram per uke. Helt uten diett eller mosjon”.
– “Vekttapet i studien ble oppnådd helt uten endring av matvaner eller mosjon”.

Marknadsføring som inneheld uriktige og usannferdige påstandar er å sjå på som villeiande og forbode etter mfl. § 7, jf. § 6 første ledd.

I mfl. § 3 og førearbeida er det nærare presisert kva krav ein stiller for at dokumentasjonen skal vere tilstrekkeleg. Mellom anna er det eit krav at påstandane kan underbyggjast av uttalingar eller undersøkingar utført av nøytrale instansar med anerkjent fagleg kompetanse, innhaldet må vere dekkjande for påstandane framsett i marknadsføring og det må vere same produkt som er testa som blir marknadsført.

Studien som skulle dokumentere påstandane om slankande effekt var for det første ei klinisk studie av produktets effekt gjennomført på initiativ av Nuform sjølv, slik at kravet om at påstandane kan underbyggjast av uttalingar eller undersøkingar uført av nøytrale instansar ikkje er oppfylt.

Vidare konkluderar Folkehelseinstituttet med at innhaldet i studien ikkje er dekkjande for påstandane framsett i marknadsføringa. Ombodet finn og å leggje avgjerande vekt på uttaling om at ei enkelt studie ikkje er nok til å dokumentere medisinsk effekt av eit produkt, i tillegg til at denne enkeltståande studien ikkje har vore vitskapleg prøvd, noko som gjer at den i alle høve ikkje tilfredsstillar kravet som blir stilt til dokumentasjon.

3.3 Konklusjon

Forbrukarombodet finn at det ikkje er dokumentert at Nushape har slankande effekt.

Marknadsføringa av Nushape med påstandar om at produktet har slankande effekt er soleis villeiande etter mfl.§ 7 andre ledd bokstav b, jf. § 3 andre ledd, og forbode etter mfl. § 6 første ledd.

4. Forbrukarombodets vedtakskompetanse

4.1 Omsynet til forbrukarane – § 39

Forbrukarombodet og Marknadsrådet kan fatte enkeltvedtak om forbod, påbod, tvangsmulkt og gebyr for brot på lova, samt kombinasjonar av desse, dersom ein finn at omsynet til forbrukarane tilseier dette, jf. § 37, jf. § 39.

Det følgjer av Ot. prp. nr. 55 (2007-2008) s. 211 at vilkåret “hensynet til forbrukarane” først og fremst er tatt med for å avgrense mot andre omsyn, som til dømes omsynet til næringsdrivande. Det vert presisert i førearbeida at dette vilkåret ikkje i seg sjølv er meint å stille kvalifiserande krav til terskelen for inngrep. Det er derfor ikkje grunnlag for eit generelt prinsipp om at det ikkje kan gripast inn før det ligg føre eit større tal klagar og meir systematiske lovbrot.

Nuform marknadsførar produktet Nushape med påstandar om at produktet har slankande effekt, utan at desse påstandane kan dokumenterast. Forbrukarombodet har motteke mange klager på marknadsføringstiltaket, under dette òg klager som går på kor vidt produktet har den marknadsførte effekt. Det kan òg nemnast at Forbrukarrådet i perioden 1. januar 2009 til 22. juni 2009 mottok heile 157 henvendelsar på Nuform, der dei fleste gjaldt produktet Nushape.

Produktet har vidare blitt marknadsført i stor skala, både i dei store nettavisene som VG, i tillegg til på mellom anna www.msn.no og på www.gulesider.no. Marknadsføringstiltaket har i tillegg ei utforming som gir det eit skin av ein vitskapleg artikkel om at produktet er ein revolusjonerande slankenyheit, som endeleg gir svaret på korleis ein skal lukkast med å gå ned i vekt. Ombodet antar at svært mange forbrukarar har blitt eksponert for marknadsføringa, noko som òg blir stadfesta av talet på klagar både hos Forbrukarombodet og Forbrukarrådet. At mange forbrukarar blir villeia til å kjøpe eit produkt som ikkje har effekt som lova i marknadsføringa tilseier at praksisen bør stoggast.

Forbrukarombodet finn på denne bakgrunn at omsynet til forbrukarane tilseier at det vert gripe inn mot den lovstridige marknadsføring til Nuform.

4.2 Ikkje frivillig ordning – § 35

Forbrukarombodet skal i utgangspunktet søke å få den næringsdrivande til frivillig å slutte med praksis som er i strid med marknadsføringslova, jf. § 35 andre ledd. Dersom frivillig ordning ikkje vert oppnådd, kan Forbrukarombodet i tilfelle som nemnt i § 37 første ledd sjølv fatte vedtak mot lovstridige handlingar eller urimelege avtalevilkår, jf. § 35 tredje ledd.

Det vert ikkje stilt formkrav til inngåing av frivillige ordningar, slik at det til dømes kan skje ved at den næringsdrivande munnleg lovar å innrette seg. Det vil likevel ikkje være oppnådd frivillig ordning dersom den næringsdrivande lover å innrette seg, men ikkje gjer det i praksis, jf. Ot.prp. nr. 55 (2007-2008) s. 209.

Ombodet mottok dokumentasjon frå Nuform, som etter deira vurdering skulle vere tilstrekkeleg til å dokumentere dei påstandar dei kjem med i marknadsføringa av Nushape. Folkehelseinstituttet si vurdering av den oversendte dokumentasjonen viste imidlertid at krava til dokumentasjon på langt nær var oppfylt. Ombodet fann av den grunn at marknadsføringa var villeiande og måtte fjernast. Etter at varsel om vedtak vart sendt ut den 30.06.09 har ikkje ombodet motteke noko stadfesting på at selskapet vil stogge den lovstridige marknadsføringa. I telefonsamtale med advokaten av 02.07.09 vart det tvert i mot uttrykt at selskapet ville vere usamd i ombodets vurdering. Ombodet avdekte òg ved kontrollar 7. og 8. juli 2009 at produktet framleis vart marknadsført på forskjellige internettsider.

Selskapet fekk høve til å stogge marknadsføringstiltaket etter at varsel om vedtak vart sendt ut, men nytta ikkje denne moglegheita. At dagleg leiar var vekke på ferie på dette tidspunktet finn ombodet ikkje å legge vekt på, all den tid det er opp til den næringsdrivande sjølv å gjere tiltak for å innrette seg etter lovas krav.

Nuform marknadsførte framleis produktet den 7. og 8. juli etter at ombodet hadde bedt om denne skulle fjernast, og Forbrukarombodet finn på denne bakgrunn at det ikkje er oppnådd frivillig ordning i saka.

4.3 Skade eller ulempe å avvente – § 37 første ledd

Forbrukarombodet kan fatte vedtak etter § 39 dersom det ikkje er oppnådd frivillig ordning eller det ikkje er nødvendig å oppnå frivillig ordning og Forbrukarombodet antar at det vil medføre ulempe eller skadeverknad å avvente Marknadsrådets vedtak, jf. § 37 første ledd.

Nuform har ikkje gjennomført endringar i samsvar med Forbrukarombodet sine standpunkt då Nushape framleis blir marknadsført med påstandar om vektreduserande effekt etter at fristen for å fjerne marknadsføringa var ute. I tillegg uttrykte advokaten at Nuform ville vere usamde i ombodets konklusjon om at dokumentasjonen ikkje er tilstrekkeleg, noko som viser at selskapet heller ikkje vil ha vilje til å gjennomføre endringane ombodet krev.

Den villeiande marknadsføringa med høve til forbrukarane å på ein enkel måte å bestille produktet ligg framleis ute på fleire nettstader, under dette store nettaviser med mange treff som til dømes www.vg.no som mange forbrukarar blir eksponert for. Talet på klager både til Forbrukarombodet og Forbrukarrådet viser òg det at mange forbrukarar blir eksponert for marknadsføringa. Dette tilseier at det vil medføre skadeverknad for forbrukarar å avvente eit vedtak frå Marknadsrådet i saka.

Etter Forbrukarombodets vurdering vil det på denne bakgrunn medføre ulempe eller skadeverknad å avvente Marknadsrådets vedtak i saka.

4.4 Konklusjon

Forbrukarombodet har etter dette grunnlag for å fatte vedtak om forbod etter § 40 i saka, jf. § 37, jf. § 39.

5. Tvangsmulkt

5.1 Rettsleg grunnlag og vurdering

For å sikre at vedtak etter §§ 40 og 41 vert overhalde skal det fastsetjast ei tvangsmulkt som den som vedtaket retter seg mot skal betale dersom vedkommande bryt vedtaket, jf. § 42. Dersom forbodsvedtaket ikkje vert brote, oppstår inga betalingsplikt. Fastsetting av tvangsmulkt kan unnlatast dersom særlege grunnar talar for det.

Forbrukarombodet kan ikkje sjå at det ligg føre særlege grunnar for å unnlate å fastsetje tvangsmulkt i denne saka, og fastset med dette tvangsmulkt i tilknyting til vedtaket om forbod mot marknadsføringstiltaket, jf. § 42.

5.2 Utmåling

Det følgjer av førearbeida at § 42 i hovudsak er ei vidareføring av tidlegare § 16 om tvangsgebyr, jf. Ot. prp. nr. 55 (2007-2008) s. 213. Retningsliner og praksis for fastsettinga av tvangsgebyr etter tidlegare § 16 vil være relevant for fastsetjinga av tvangsmulkt. Det vert presisert i Ot. prp. nr. 55 (2007-2008) s. 213 at det ikkje er meint å gjere endringar på dette punktet i samband med den nye lova.

Tvangsmulkta kan fastsetjast som ei løpande mulkt eller som eit eingongsbeløp, jf. § 42 andre ledd.

Ved vurderinga av om det skal fastsetjast ei tvangsmulkt mot Nuform legg Forbrukarombodet mellom anna vekt på at Nuform framleis har marknadsføringa av Nushape liggjande på internett, etter at fristen for å fjerne den er ute. Det er slik framleis eit brot på mfl. § 7, jf. § 6 når marknadsføringa ikkje er fjerna. Dersom det ikkje blir sett ei tvangsmulkt ved brot på vedtaket vil Nuform ha lite incentiv til ikkje å halde fram med marknadsføringa på denne måte.

Forbrukarombodet vurderar det som mest føremålsteneleg å utforme vedtaket slik at brot på vedtaket ved marknadsføring av Nushape med påstandar om slankande effekt utløyser ei enkeltståande tvangsmulkt. Dette medfører at tvangsmulkt vert utløyst dersom marknadsføring av Nushape framleis ligg ute etter at fristen for å innrette seg etter vedtaket er gått ut.

Storleiken på tvangsmulkta skal fastsetjast etter ei konkret vurdering i det enkelte tilfelle. Ved fastsetjinga av mulkta skal det leggast vekt på at det ikkje skal lønne seg å bryte vedtaket, jf. § 42 andre ledd. Det må gjerast ei skjønnsmessig vurdering av sakens art og innklagas økonomiske forhold, jf. Ot. prp. 34 (1994-95) s. 20-21. Føremålet med tvangsmulkta er at den skal verke som eit reelt oppfyllingspress.

Forbrukarombodet fatta i juli 2008 (FO-sak 07/506) forbodsvedtak mot Nutrilex AS for marknadsføring av produktet Wellex med udokumenterte påstandar om slankande effekt. Tvangsgebyret var sett til kr 300.000,- for brot på vedtaket. Vedtaket vart òg retta mot dagleg leiar i selskapet, med eit tvangsgebyr på kr 100.000,-.

Selskapet Catalouge Marketing Group AS endra namn til Nuform 13.10.08. Vi tek difor utgangspunkt i rekneskapstal for Catalouge Marketing Group AS for 2007 i Brønnøysundregistra. Desse viser driftsinntekter på kr. 39.865.000,- og eit driftsresultat på kr. 3.132.000,- i 2007.

Ved fastsetjinga av storleiken på tvangsmulkta har Forbrukarombodet mellom anna lagt vekt på at Nuform ikkje har vist evne eller vilje til å innrette seg etter dei krav Forbrukarombodet stiller etter marknadsføringslova. Trass i at Nuform ved fleire høve har blitt gjort merksame på kva krav som blir stilt til dokumentasjon av påstandar om effekt, marknadsførar dei framleis Nushape med påstandar om slankande effekt. Forbrukarombodet har i tillegg fått mange klagar på selskapet i løpet av det siste året, både kva gjeld udokumenterte slankepåstandar, men òg brot på angrerettlova, urimelege avtalevilkår og villeiing med omsyn til prisopplysningar.

Omfanget av klagar til Forbrukarombodet og Forbrukarrådet som gjort greie for ovanfor, tilseier at tvangsmulkta blir sett relativt høgt for å verke som eit oppfyllingspress.

Marknadsføringa har over lengre tid ligge lett tilgjengeleg på internett med storstilt marknadsføring, med både banner-annonsar, annonsar i større format og flash-annonsar. Forbrukarar blir på denne måten eksponert for den villeiande marknadsføringa på fleire ulike nettstader. Til dette kjem òg at marknadsføringa har hatt ei uforming som gir skin av at det er ein vitskapleg artikkel med ei verdsnyheit om korleis ein endeleg har funne svaret på korleis å gå ned i vekt. Bruk av helsepåstandar gitt i ei utforming som gir inntrykk av at det er tale om vitskaplege og dokumenterte produkt når dette ikkje er tilfelle, er det særleg viktig å verne forbrukarane mot, slik at desse unngår å kjøpe produkt som ikkje har den lova effekt.

For at tvangsmulkta skal verke som eit reelt oppfyllingspress er det etter Forbrukarombodets vurdering naudsynt å sette tvangsmulkta til kr 400.000,-

5.3 Konklusjon

På denne bakgrunn finn Forbrukarombodet at det vert fastsett ei enkeltståande tvangsmulkt på kr. 400.000,- for brot på dette vedtaket.

6. Vedtak

På denne bakgrunn, og med heimel i § 37 første ledd jf. § 39 første ledd, jf. §§ 40 og
42, fattar Forbrukarombodet følgjande vedtak:

1. Forbrukarombodet forbyr Nuform å marknadsføre produktet Nushape eller andre produkt med påstandar om slankande effekt utan at dette kan dokumenterast[THS2]

2. Nuform AS skal betale kr. 400.000 – firehundre tusen – dersom firmaet bryt eller medverkar til brot på dette vedtaket

***

Den som forsettleg eller aktlaust bryt vedtak som er gjort i medhald av marknadsføringslova, vert straffa med bøter, fengsel inntil 6 månadar eller begge delar dersom ikkje strengare straffeføresegner kjem til bruk, jf. § 48 fjerde ledd. Medverknad vert straffa på same måte.

Vedtaket kan påklagast til Marknadsrådet, jf. marknadsføringslova § 37 tredje ledd. Forvaltningslova kapittel VI gir nærare reglar for eventuell klage. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dag parten har fått melding om vedtaket. Klage skal sendast til  Forbrukarombodet.

Vedtaket kan ikkje takast inn for dei alminnelege domstolane utan at saka først er lagt
fram for Marknadsrådet, jf. forvaltningslova § 27 b.

Marknadsrådet er orientert om vedtaket, jf. marknadsføringslova § 37 tredje ledd.

Oslo, 14. juli 2009

Lars Grøndal
fungerande forbrukarombod

Tilbake til toppen