FOV-2007-506: Nutrilex AS og N.N

Saka gjeld Nutrilex AS (heretter Nutrilex) si marknadsføring av Wellex slanketablettar med påstandar om at produktet har vektreduserande effekt.

VEDTAK ETTER MARKNADSFØRINGSLOVA § 14 MOT

Nutrilex AS, Postboks 140, 5888 BERGEN
v/N.N

Sak nr.:  07/506

1. Sakstilhøvet

Saka gjeld Nutrilex AS (heretter Nutrilex) si marknadsføring av Wellex slanketablettar med påstandar om at produktet har vektreduserande effekt.

II. Forbrukarombodet si handsaming av saka

Forbrukarombodet gjennomførde i februar 2007 ein kontrollaksjon av ei rekkje internettsider som sel helsekostprodukt, herunder Nutrilex si heimeside for produktet Wellex på www.wellex.no. Føremålet med kontrollaksjonen var å kartleggje bruken av vektreduserande påstandar, og å avdekkje om desse var eigna til å verke villeiande for forbrukarane.

På nettsida www.wellex.no blir produktet Wellex marknadsført med mellom anna følgjande utsegn:

– “Wellex – den dokumenterte slankemetoden”
– “Wellex er et naturlig kosttilskudd som er designet for maksimal effekt og velbefinnende for deg som vil ned i vekt.”
– “Wellex har, gjennom kliniske studier, bekreftet at fettprosenten minsker.”
– Suksesshistorier: “Vivi-Ann gikk ned 10 kilo etter å ha brukt Wellex i snaue 2 måneder”
– Suksesshistorie: “Etter 12 uker på Wellex viste badevekten at tobarnsmoren Anne Mette hadde gått ned 13 kilo.”

I brev av 16.02.07 orienterte Forbrukarombodet Nutrilex om at påstandar som blir nytta i marknadsføring må kunne dokumenterast. Og at det vidare blir kravd at dokumentasjonen kan underbyggjast av uttalingar eller undersøkingar utført av nøytrale instansar med anerkjend fagleg kompetanse for at den skal ha tilstrekkeleg beviskraft. Forbrukarombodet gjorde Nutrilex merksame på at bruk av udokumenterte påstandar i marknadsføringa av eit produkt kan vere urimeleg og villeiande ovanfor forbrukarane, og i strid med marknadsføringslova §§ 1 og 2.

Forbrukarombodet ba i brevet om at det vart lagt fram dokumentasjon som kunne gjere det sannsynleg at dei ovanfor nemnde påstandane angåande Wellex var korrekte. Dersom dokumentasjon ikkje kunne leggjast fram ba Forbrukarombodet om at påstandane vart fjerna frå nettsidene og anna marknadsføringsmateriell. Fristen for ei uttaling og for å leggje fram dokumentasjon var på tre veker frå brevet sin dato.

I e-post av 19.02.07 sendte dagleg leiar i Nutrilex, N.N, over to dokument som skulle dokumentere Wellex sine påstandar i marknadsføringa.

Forbrukarombodet oversendte i brev av 19.03.07 Nutrilex sin dokumentasjon på Wellex, samt vårt brev til Nutrilex og kopi av internettmarknadsføringa, til Mattilsynet for vurdering. Ombodet presiserte i brevet til Mattilsynet at spørsmålet var om den oversendte dokumentasjon i tilstrekkeleg grad kunne gjere sannsynleg dei påstandane om produktet si vektreduserande effekt som var sett fram i marknadsføringa. Det vart oppmoda om snarast mogleg svar frå Mattilsynet.

Forbrukarombodet mottok svar frå Mattilsynet først 16.11.07. Mattilsynet hadde bedt Folkehelseinstituttet om assistanse til å vurdere materialet, og oversendte i brevet Folkehelseinstituttet si vurdering av dokumentasjonen.

I Folkehelseinstituttet si vurdering blir det uttalt at dei frå den føreliggjande studien ikkje kan konkludere med at vektreduserande effekt av Wellex er vitskapleg dokumentert.

På bakgrunn av Folkehelseinstituttet si vurdering av dokumentasjonen, og at Wellex ikkje hadde vitskapeleg dokumentert effekt, tilskreiv Forbrukarombodet den 04.01.08 Nutrilex på nytt angåande deira marknadsføring. I brevet orienterte ombodet om at med grunnlag i uttalingane frå Folkehelseinstituttet fann vi at det ville vere villeiande og i strid med marknadsføringslova § 1, jf. § 2 å marknadsføre produktet med kundehistorier og andre utsegn om at produktet har ei vektreduserande effekt.

På denne bakgrunn ba Forbrukarombodet om at Nutrilex i si marknadsføring av Wellex avstod frå å nytte påstandar som nemnd i korrepondansen, eller andre tilsvarande påstandar om at Wellex har vektreduserande effekt. I brevet fekk Nutrilex ei frist på tre veker til å stadfeste at dei ville innrette si framtidige marknadsføring i samsvar med Forbrukarombodet sitt standpunkt.

Då internettmarknadsføringa på www.wellex.no ikkje vart endra, og Nutrilex ikkje oversendte den etterspurte stadfesting sendte Forbrukarombodet den 04.02.08 varsel om forbodsvedtak etter marknadsføringslova §§ 14, jf. 12 til Nutrilex og dagleg leiar N.N. Det vart opplyst om at marknadsføringslova §§ 14, jf. 12 gir Forbrukarombodet og Marknadsrådet heimel til å leggje ned forbod mot lovstridig marknadsføring dersom den næringsdrivande ikkje frivillig innrettar si marknadsføring i samsvar med lova sine reglar. I brevet fekk Nutrilex og N.N frist til 16.02.08 på å uttale seg.

Etter at Forbrukarombodet sendte varsel om vedtak mottok vi den 06.02.08 ei stadfesting på at Nutrilex AS ville tilpasse si marknadsføring på internett til gjeldande lover og vedtak, og at websida ville vere klar innan få dagar.

Med bakgrunn i Nutrilex si stadfesting og under føresetnad av at dei innretta seg etter ombodet sine standpunkt vart saka avslutta hos Forbrukarombodet 08.02.08.
Vi gjorde i brevet Nutrilex merksame på at Forbrukarombodet har høve til å ta opp att saka dersom det skulle komme nye opplysningar angåande den framtidige marknadsføring av Wellex.

Forbrukarombodet sjekka 23.06.08 www.wellex.no for å sjå til at Nutrilex har halde seg til si stadfesting. Forbrukarombodet merka seg at til tross for ei stadfesting på endring den 06.02.08, var heimesida ikkje endra i samsvar med Forbrukarombodet sine standpunkt – den var tilsvarande som den var ved kontrollaksjonen i februar 2007.

Forbrukarombodet fann på den bakgrunn at Nutrilex ikkje frivillig hadde innretta si marknadsføring og sendte på nytt varsel om vedtak til Nutrilex og dagleg leiar N.N, og gjorde dei merksame på at sidan dei ikkje hadde innretta si marknadsføring som stadfesta ville Forbrukarombodet no fatte forbodsvedtak mot den lovstridige marknadsføringa. Det vart og orientert om at det som hovudregel og skal fastsetjast tvangsgebyr i samsband med forbodsvedtak, jf. mfl.§ 16. Nutrilex og N.N fekk frist til 7. juli 2008 på å uttale seg i samband med varselet.

Sidan Forbrukarombodet sitt brev av 24.06.08 framleis er ubesvart og marknadsføringa på www.wellex.no ikkje er endra per 14. juli 2008 ser ombodet det slik at det ikkje ligg føre ei frivillig ordning i saka og det er heimel for å ileggje Nutrilex AS og dagleg leiar, N.N, forbodsvedtak etter mfl. §§ 14, jf. 12 for brot på marknadsføringslova §§ 1, jf. 2.

3. Forbukarombodet si rettslege

Marknadsføringslova §§ 1 og 2 forbyr bruk av urimeleg og villeiande marknadsføring ovanfor forbrukarar. Utleidd av dette blir det stilt eit krav om at alle produktpåstandar i marknadsføring må kunne dokumenterast på ein relevant måte.
Det er vidare den som nyttar påstandar i marknadsføring som i første rekkje må godtgjere at påstandane er riktige, jf. marknadsføringslova §§ 1 og 15. Det blir stilt spesielt strenge krav ved marknadsføring av produkt for helse og sunnheit.

I alle saker om slankemiddel som har blitt lagt fram for Marknadsrådet har det blitt stilt krav til at den slankande effekten må kunne dokumenterast for å nytte påstandar om vekteduserande effekt i marknadsføringa, mellom anna i MR-sak 11/1998 kor Marknadsrådet uttaler følgjande:

“Markedsrådet har i en rekke avgjørelser om produkter som anføres å ha slankende effekt, krevet at dette må kunne dokumenteres for at markedsføringen skal være lovlig.”

Dokumentasjonen på Wellex si vektreduserande effekt vart oversendt Mattilsynet og deretter Folkehelseinstituttet for vurdering. Folkehelseinstituttet konkluderte med at vektreduserande effekt av Wellex ikkje er dokumentert.

Nutrilex sin bruk av udokumenterte påstandar om vektreduserande effekt av produktet Wellex er klårt i strid med mfl. §§ 1 og 2 som forbyr bruk av urimeleg og villeiande marknadsføring ovanfor forbrukarane.

4. Forbrukarombodet si vedtakskompetanse

Med heimel i mfl.§§ 14, jf. 12 kan Forbrukarombodet treffe vedtak om forbod mot marknadsføring som er i strid med mfl. kapittel 1, dersom det ikkje er oppnådd “frivillig ordning” og marknadsføringa er ” i det vesentlige identisk med markedsføring eller vilkår som Markedsrådet tidligere har nedlagt forbud mot”.

Nutrilex held fram med å marknadsføre Wellex til tross for at Forbrukarombodet gjentatte gonger har orientert dei om krava etter marknadsføringslova, og etter at dei har stadfesta å ville innrette seg etter gjeldande lovar og reglar. Det er soleis ikkje oppnådd ei “frivillig ordning.”

Nutrilex si marknadsføring av Wellex med udokumenterte påstandar om vektreduserande effekt er ” i det vesentlige identisk med markedsføring eller vilkår som Markedsrådet tidligere har nedlagt forbud mot”. Jf. MR-sak 11/1998, 2/1996, 3/1991 og 21/1991. I MR-sak 21/1991 stadfesta Marknadsrådet Forbrukarombodet sitt vedtak om forbod for Herbal Marketing Group AS å marknadsføre produktet Bio Cardio med påstandar som gir inntrykk av slankande effekt, så lenge slik verknad ikkje er dokumentert.

Vilkåra for at Forbrukarombodet kan treffe vedtak etter mfl.§ 14 er difor oppfylt.

Forbrukarombodet fattar på denne bakgrunn vedtak om forbod mot Nutrilex si marknadsføring av Wellex med påstandar om produktet si vektreduserande effekt, så lenge

5. Fastsetjing av tvangsgebyr

IV. FORBRUKAROMBODET SI VEDTAKSKOMPETANSE
Med heimel i mfl.§§ 14, jf. 12 kan Forbrukarombodet treffe vedtak om forbod mot marknadsføring som er i strid med mfl. kapittel 1, dersom det ikkje er oppnådd “frivillig ordning” og marknadsføringa er ” i det vesentlige identisk med markedsføring eller vilkår som Markedsrådet tidligere har nedlagt forbud mot”.

Nutrilex held fram med å marknadsføre Wellex til tross for at Forbrukarombodet gjentatte gonger har orientert dei om krava etter marknadsføringslova, og etter at dei har stadfesta å ville innrette seg etter gjeldande lovar og reglar. Det er soleis ikkje oppnådd ei “frivillig ordning.”

Nutrilex si marknadsføring av Wellex med udokumenterte påstandar om vektreduserande effekt er ” i det vesentlige identisk med markedsføring eller vilkår som Markedsrådet tidligere har nedlagt forbud mot”. Jf. MR-sak 11/1998, 2/1996, 3/1991 og 21/1991. I MR-sak 21/1991 stadfesta Marknadsrådet Forbrukarombodet sitt vedtak om forbod for Herbal Marketing Group AS å marknadsføre produktet Bio Cardio med påstandar som gir inntrykk av slankande effekt, så lenge slik verknad ikkje er dokumentert.

Vilkåra for at Forbrukarombodet kan treffe vedtak etter mfl.§ 14 er difor oppfylt.

Forbrukarombodet fattar på denne bakgrunn vedtak om forbod mot Nutrilex si marknadsføring av Wellex med påstandar om produktet si vektreduserande effekt, så lenge

6. Forbodsvedtak

Forbrukarombodet treff med dette følgjande vedtak:

VEDTAK:
1. Med heimel i mfl. § 14, jf. §§ 1 og 2 forbyr Forbrukarombodet firmaet Nutrilex AS og N.N å marknadsføre produktet Wellex med påstandar som:

– “Wellex – den dokumenterte slankemetoden”
– “Wellex er et naturlig kosttilskudd som er designet for maksimal effekt og velbefinnende for deg som vil ned i vekt”
– “Wellex har, gjennom kliniske studier, bekreftet at fettprosenten minsker”
– Suksesshistorier: “Vivi-Ann gikk ned 10 kilo etter å ha brukt Wellex i snaue 2 måneder”
– Suksesshistorie: “Etter 12 uker på Wellex viste badevekten at tobarnsmoren Anne Mette hadde gått ned 13 kilo”

og liknande påstandar om at produktet har vektreduserande effekt, så lenge ikkje slik verknad er dokumentert.

2. Med heimel i mfl. § 16, jf. § 14 fastset Forbrukarombodet at Nutrilex AS skal betale kr. 300.000 i tvangsgebyr dersom firmaet bryt eller medverkar til å bryte Forbrukarombodet sitt forbod under punkt 1 ovanfor.

3. Med heimel i mfl. § 16, jf. § 14 fastset Forbrukarombodet at N.Nskal betale kr. 100.000 i tvangsgebyr dersom han bryt eller medverkar til å bryte Forbrukarombodet sitt forbod under punkt 1 ovanfor.

Oslo, 22 . juli 2008

Jo Gjedrem
fungerande forbrukarombod

Tilbake til toppen