FOV-2009-1152: N.N

Saka gjeld utsending av marknadsføring i form av e-postreklame til fysiske personar, utan mottakaranes føregåande samtykke.

VEDTAK OM FORBOD MOT BROT PÅ MARKNADSFØRINGSLOVA § 15
ETTER § 37 jf. § 39, jf. §§ 40 og 42 MOT

N.N

Saksnummer.: 09/1152 (tidlegare 08/1958)

1. Saksforholdet

Vi viser til Forbrukarombodets varsel om vedtak om forbod og tvangsmulkt av 5. mai 2009. Vi viser også til Forbrukarombodets brev av 23. juni der det vart ettersendt nokre nye klagar og stadfesta at ombodet ville fatte forbodsvedtak i saka.

Forbrukarombodet mottok merknadar til varselet i brev av 26. mai og 6. juli  2009 frå Langseth Advokatfirma DA som representerar Mobile Marketing AS og N.N i saka.

Saka gjeld utsending av marknadsføring i form av e-postreklame til fysiske personar, utan mottakaranes føregåande samtykke.

E-postreklamen er sendt frå AbsoluteMarketing. “AbsoluteMarketing Nyhetsbrev” er ei teneste som er eigd og drive av Mobile Marketing AS (heretter Mobile Marketing).

2. Forbrukarombodets saksbehandling

Den aktuelle saka har pågått sidan Forbrukarombodet fekk den første klagen på e-postreklame frå Mobile Marketing i september 2008. Saksnummeret var opprinneleg 08/1958, men vart i samband med overgang til nytt arkivsystem hos Forbrukarombodet overført til nytt saksnummer 09/1152 frå 1. juni 2009.

Før vi går nærare inn på saksbehandlinga i den aktuelle saka, vil vi gjere greie for ei føregåande sak om brot på mfl. § 2b mot Mobile Marketing, saksnummer 08/1437 (Mobildeal). Dette fordi det har relevans for vedtaket å vise til at Mobile Marketing gjennom lengre tids korrespondanse er gjort kjent med innhaldet i tidlegare marknadsføringslovs § 2b, no vidareført i ny marknadsføringslovs § 15.

Forbrukarombodet orienterte i brev av 26. juni 2008 Mobile Marketing om forbodet i den dåverande marknadsføringslova § 2b mot å rette marknadsføring til fysiske personar som ikkje har samtykka til dette på førehand ved hjelp av elektroniske kommunikasjonsmetodar som tillet individuell kommunikasjon. Bakgrunnen for brevet var at Forbrukarombodet i løpet av nokre dagar i juni 2008 fekk klagar frå 64 personar som hadde fått marknadsføring for mobilselskapet Mobildeal til mobiltelefonane sine via SMS. Avsendar i meldingane var Absolute M, og meldingane var sendt ut med grunnlag i Mobile Marketings samtykkedatabase.

Mobile Marketing v/ N.N svarte på dette brevet i e-post av 26. juni 2008. Vedlegg 2:  E-post frå N.N av 26.06.08 (s. 5-6)

N.N ringte og spurte om Mobile Marketing trengte å svare på Forbrukarombodets brev. Forbrukarombodet stadfesta at vi venta skriftleg svar på brevet.

Mobile Marketing v/N.N svarte skriftleg på Forbrukarombodets brev i brev av 6. august 2008. Vedlagt brevet følgde dokumentasjon på at det skulle vere henta inn samtykke frå klagarane.

Forbrukarombodet vurderte dokumentasjonen og konkluderte mellom anna med at teksten i samtykkeerklæringane vart for generelt utforma til å tilfredsstille krava til eit samtykke i mfl § 2b. Vi bad Mobile Marketing om å endre utforminga av informasjonen som blei gitt i samband med samtykkeerklæringane slik at forbrukarane vart klart informert om kva dei samtykka til.

Mobile Marketing svara i e-post av 17. september 2008 og la ved fleire skjermbilete av kampanjar samtykka skulle vere henta frå.

Forbrukarombodet vurderte den nye dokumentasjonen og gjorde i brev av 15. oktober greie for at også desse samtykkeerklæringane etter ombodets vurdering var for generelt utforma til å vere i tråd med § 2b. Forbrukarombodet bad selskapet om å endre teksten i samband med samtykkeerklæringar i framtida, og gjorde selskapet merksam på at dei ikkje kunne bruke dei personopplysningane som var henta inn i strid med § 2b til å sende ut marknadsføring i framtida.

Mobile Marketing svara i brev av 3. november 2008.

Forbrukerombudet avslutta saka under føresetnad av at Mobile Marketing innretta seg etter ombodets standpunkt i framtidig marknadsføring og at dei ikkje sendte ut marknadsføring via SMS i strid med mfl. § 2b på nytt.

Forbrukarombodet fekk den første klagen i den aktuelle saka, saksnummer 08/1958 (frå 1. juni 2009: 09/1152), den 10. september 2008. Klagaren reagerte på at han hadde fått tilsendt e-postreklame frå AbsoluteMarketing utan å ha samtykke til dette på førehand.

Forbrukarombodet bad i brev av 11. september selskapet om å legge fram dokumentasjon på at klagaren hadde gitt samtykke i samsvar med mfl. § 2b.

Vidare vart selskapet gjort merksam på at det skal vere enkelt å kalle eit samtykke tilbake eller sei nei takk til vidare marknadsføring basert på kundeforhold, og at dei må ha ei fungerande avmeldingstenester eller liknande.

Mobile Marketing la i e-post av 17. september fram dokumentasjon med skjermbilete av kampanjen klagaren skulle ha gitt sitt samtykke gjennom.

Forbrukarombodet fekk to klagar frå CT 13. og 22. september, samt tilbakemelding frå klagar SH som opplyste at han ikkje kunne huske å ha samtykka i den aktuelle kampanjen. SH opplyste samtidig at lenka for avmelding frå maillinglista ikkje fungerte.

Forbrukarombodet bad i e-post av 23. oktober Mobile Marketing om å legge fram dokumentasjon på at CT hadde samtykka til å få tilsendt marknadsføring via e-post eller at han hadde eit kundeforhold til selskapet. I same brev bad Forbrukarombodet om at selskapet forsikra seg om at avmeldingsfunksjonen fungerte.

Mobile Marketing la i e-post av 23. oktober fram informasjon dei hadde registrert på klagaren i form av namn, e-post, mobilnummer, fødselsdato, dato, ip-adresse og namnet på kampanjen vedkommande skulle ha gitt sitt samtykke gjennom.

I perioden 12. november til 29. november fekk Forbrukarombodet klagar frå 12 nye forbrukarar som hadde fått tilsendt e-postreklame frå AbsoluteMarketing utan å ha samtykka til dette på førehand. Nokre av desse klagarane sendte inn fleire klagar, slik at det samla talet på klagar i denne perioden var 20.

Klagaren ES (08/1958-17) reagerte i tillegg på at det ikkje var mogleg å melde seg av lista for e-postreklame og at selskapet ikkje svarte på e-postar frå han.

På bakgrunn av dei nye klagane, gjorde Forbrukarombodet i brev av 1. desember på nytt Mobile Marketing merksam på forbodet i § 2b. Forbrukarombodet bad om dokumentasjon på at klagarane hadde samtykka til å få marknadsføring frå selskapet og på kva måte samtykka var gitt.

Klagaren BF sendte etter dette Forbrukarombodet tre nye dømer på at han fekk e-postreklame frå AbsoluteMarketing til si e-postadresse furu.smartclub@lit.no.

Klagaren AM opplyste i e-post av 3. desember at han hadde fått 13 nye e-postar med reklame frå AbsoluteMarketing etter at han sendte den førre klagen til Forbrukarombodet.

Klagaren JI (08/1958-11) opplyste i klagen at e-postadressa han hadde oppgitt i samband med medlemskap hos Smart Club var oppretta spesifikt for å handtere kundeforholdet til Smart Club. Klagaren meinte på denne bakgrunn å ha høg grad av sporbarheit for e-postar mottatt på denne adressa, og reagerte difor på å ha fått marknadsføring frå AbsoluteMarketing for andre annonsørar enn Smart Club.

JI opplyste i e-post av 3. desember at han hadde fått opplyst at grunnlaget for hans samtykke til å få marknadsføring frå Mobile Marketing var eit webskjema for Smart Club i november 2007. I det aktuelle web-skjemaet er informasjonen i samband med samtykkeerklæringa “Eg ønsker å motta informasjon om andre konkurranser (klikk for informasjon)”. Klagaren opplyste vidare at det gjekk over eit år frå han deltok i Smart Club-konkurransen til han fekk marknadsføring via e-post frå andre annonsørar enn Smart Club.

Forbrukarombodet fekk 4. desember klage frå ein ny forbrukar. Klagaren opplyste at han hadde sendt tre e-postar til den oppgitte e-postadressa for spørsmål om abonnement, utan at han fekk svar.

Mobile Marketing svarte i e-post av 15. desember 2008 på Forbrukarombodets brev. Vedlagt e-posten følgde dokumentasjon for dei 11 klagarane som blei sendt over ved Forbrukarombodets brev av 1. desember. Vedlagt følgde også skjermbilete av tre kampanjar dei aktuelle samtykka skulle vere henta inn gjennom; Smart Club, Disney og Tourism Ireland.

Den 18. desember fekk Forbrukarombodet klage frå ETH som reagerte på å få tilsendt e-postreklame for ulike annonsørar frå AbsoluteMarketing. Klagaren opplyste at han hadde samtykka til å få reklame frå Smart Club etter å ha signert medlemsskjema hos Smart Club, men at han også fekk tilsendt uønska reklame for andre annonsørar via AbsoluteMarketings e-postar. Klagaren la ved dokumentasjon som viste at han fekk tilsendt fleire e-postreklamar dagleg i perioden 17. november til 26. november.

Den 12. januar 2009 inviterte Forbrukarombodet Mobile Marketing til eit møte i saka, mellom anna på bakgrunn av dei nyaste klagane og initiativ tatt frå Mobile Marketing i den førre e-posten til Forbrukarombodet.

På bakgrunn av informasjon frå Mobile Marketing om at mange av samtykka skulle vere henta inn gjennom Smart Clubs “Vinn julehandelen”-kampanje, tok Forbrukarombodet 14. januar 2009 telefonisk kontakt med Smart Club for å få informasjon om kva kampanjar selskapet hadde hatt og tidspunkta for desse.
Smart Club sendte svar i e-post av 14. januar 2009. Av tilbakemeldinga kom det fram tidspunkta for vervekampanjane i 2007 og 2008, samt kva datoar kundeavisa hadde vore sendt ut desse åra.

Forbrukarombodet samanheldt informasjonen frå Smart Club med informasjonen frå Mobile Marketing om tidspunkta dei ulike samtykka var henta inn på, og konkluderte med at det ikkje var samanfall mellom opplysningane.

Ombodet fekk to nye klagar på Mobile Marketing i januar 2009. Den eine klagaren opplyste å ha sendt e-post til selskapet fleire gongar med spørsmål om kjelda for e-postadressa hans, samt spørsmål om å bli sletta frå mailinglista, utan å få svar.

Den 29. januar hadde Forbrukarombodet møte med Mobile Marketing, representert ved SAF, vedrørande saka. I møtet overleverte Forbrukarombodet dei siste klagane i saka, og bad om å få oversendt dokumentasjon på at desse klagarane hadde gitt eit samtykke i samsvar med krava etter mfl. § 2b.

Smart Club-kampanjen vart særskilt diskutert på møtet, sjå oppsummering sendt i e-post til selskapet 30. januar. Mobile Marketing stadfesta også at dei ikkje ville bruke ord som “nyhetsbrev”, “informasjon”, “TM” eller liknande i samband med innhenting av samtykke i framtida.

Mobile Marketing sendte Forbrukarombodet dokumentasjon for at dei siste klagarane skulle ha samtykka til å få marknadsføring frå AbsoluteMarketing i e-post av 4. februar 2009.

Forbrukarombodet fekk klage frå ein ny forbrukar i saka 10. februar2009.

Forbrukarombodet vurderte den framlagte dokumentasjonen, samt tilbakemeldinga frå Smart Club, nærare og konkluderte med at Mobile Marketing ikkje hadde sannsynleggjort at det var henta inn samtykke til å sende marknadsføring til klagarane som skulle ha deltatt i Smart Club-kampanjen. Av denne grunn bad Forbrukarombodet i brev av 4. mars 2009 selskapet om å stadfeste at dei ikkje ville bruke personopplysningar som var henta inn gjennom kampanjar i samarbeid med Smart Club til utsending av marknadsføring via e-post.

Forbrukarombodet bad også selskapet om å stadfeste at dei i framtida ikkje vil sende marknadsføring til personar som ikkje hadde gitt samtykke til dette i strid med mfl. § 2b. I tillegg bad Forbrukarombodet selskapet om å forsikre seg om at dei følgde marknadsføringslova § 2b tredje ledd ved å ha ein fungerande avmeldingsfunksjon. Mobile Marketing vart dessutan gjort merksam på Forbrukarombodets og Marknadsrådets kompetanse til å fatte forbodsvedtak etter marknadsføringslova.

Trass i at Mobile Marketing gjennom fleire brev hadde fått grundige utgreiingar om regelverket, og at selskapet var gjort kjent med at Forbrukarombodets og Marknadsrådets kompetanse til å fatte forbodsvedtak, fekk Forbrukarombodet ytterlegare 4 klagar på uønska marknadsføring via e-post i perioden frå 13. til 18. mars 2009.

Frå klagaren TF fekk Forbrukarombodet e-post med merknad/tilleggskommentar til sin klage.

Mobile Marketing svara i brev av 20. mars 2009. Selskapet meinte at dei samtykka som skulle vere henta inn i Smart Club-kampanjen var gyldige, men valte å innrette seg etter Forbrukarombodets vurdering av saka og fjerne desse adressene frå mailinglista.

Selskapet gjorde vidare greie for avmeldingsfunksjonane sine og opplyste mellom anna at mottok av all e-postreklame kunne avmeldast gjennom ei avmeldingslenke eller ein e-post til abonnement@absolutemarketing.no. Vedlagt følgde også eit døme på ein ny kampanje for Wideroe der Mobile Marketing brukte ordet “markedsføring” i samband med innhentinga av samtykke.

Selskapet ga ikkje skriftleg stadfesting på at dei ville innrette seg etter mfl. § 2b i framtida.

Trass i Forbrukarombodets brev av 4. mars fortsette Mobile Marketing å sende ut marknadsføring til personar via e-post utan at det var henta inn samtykke til dette på førehand. Forbrukarombodet fekk klagar frå 6 nye klagarar i perioden frå 2. april til 29. april.

På bakgrunn av dei nye klagane og fordi Mobile Marketing gjennom lengre tids korrespondanse var gjort kjent med forbodet i mfl. § 2b, varsla Forbrukarombodet i brev av 5. mai 2009 om at ombodet ville fatte forbodsvedtak i saka, med mindre selskapet kunne legge fram dokumentasjon som sannsynleggjorde at det var henta inn samtykker frå klagarane i tråd med mfl. § 2b.

Forbrukarombodet opplyste vidare at årsrekneskap ville bli gjennomgått i samband med fastlegginga av tvangsgebyr etter mfl. § 16, og oppfordra selskapet til å legge fram andre økonomiske opplysningar om selskapet.

I brev av same dato vart det også varsla om at Forbrukarombodet ville fatte vedtak mot dagleg leiar i Mobile Marketing, N.N.

Selskapet svara på desse breva i brev av 26. mai 2009. Mobile Marketing og N.N var representert av advokatfirmaet Langseth DA.

Selskapet hevda i brevet at databasen til Mobile Marketing berre inneheld e-postadresser som forbrukarane sjølv har oppgitt i samband med at dei har gitt samtykke etter lovas § 2b. Det vart lagt ved eit skjema med opplysningar om den enkelte klagaren, mellom anna kva e-post klagen gjeld, kva kampanje e-postadressa var henta inn frå, kva namn som var registeret, vedkommandes mobilnummer, eventuell postadresse, IP-adressa samtykket var gitt frå, kva dato samtykket var gitt og om e-postadressa er sletta i databasen. Vidare vart det lagt ved skjermbilete av 4 kampanjar: Disney, Blåkors, Aftenposten og LHL. Ein Spania-kampanje skulle ettersendast, men Forbrukarombodet kan ikkje sjå å ha fått denne på tidspunktet for vedtaket.

Selskapet stadfesta også at det opererte i tråd med det som har kome fram i tidlegare dialog med Forbrukarombodet.

Forbrukarombodet sendte 11. juni brevet frå Mobile Marketing i kopi til dei aktuelle klagarane og bad om kommentarar til dokumentasjonen selskapet la fram.

Forbrukarombodet fekk tilbakemelding frå 10 av klagarane i saka. Felles for klagarane er at dei ikkje kunne hugse å ha delteke i dei nemnte kampanjane.

Forbrukarombodet fekk 5 nye klagar vedrørande same problemstillinga etter vårt brev av 5. mai. Klagane vart oversendt Mobile Marketing i brev av 23. juni.

I brevet varsla Forbrukarombodet om at det etter ombodet si vurdering var grunnlag for å fatte forbodsvedtak i saka. Bakgrunnen for dette var at det etter Forbrukarombodet si vurdering på nytt var sendt ut marknadsføring til fysiske personar utan føregåande samtykke i tråd med mfl. 15. Kopi av tilbakemeldingane frå klagarane og dei siste klagane vart lagt ved brevet. Selskapet vart bedt om å komme med eventuelle kommentarar innan 1. juli.

Advokat Øyvind Bø ringte den 29. juni og bad om å få utsett frist på å gje kommentarar til Forbrukarombodets brev. Selskapet fekk ny frist til 6. juli.

Bø opplyste vidare at selskapet var positive til å stille i eit møte med Forbrukarombodet for å diskutere dei konkrete klagane og kva endringar som kunne gjerast i selskapets rutinar for å unngå framtidige brot på marknadsføringslova. Partane hadde eit slikt møte 29. januar 2009, samstundes som det på dette tidspunktet er eit spørsmål om innklaga kan legge fram tilfredsstillande dokumentasjon for samtykke frå klagarane. På den bakgrunn meinte Forbrukarombodet at det meste føremålstenelege ville vere at eventuelle tilleggskommentarar til dokumentasjonen og dokumentasjon for dei siste klagane kom skriftleg.

På vegne av Mobile Marketing sendte advokat Bø den 6. juli brev til Forbrukarombodet med merknader i saka. Selskapet hevda i brevet at dei har lagt fram god nok dokumentasjon for at det var gitt samtykke frå mottakarane. Vidare vart det knytt kommentarar til nokre av klagarane sine merknadar, samt lagt fram dokumentasjon for dei siste 5 klagane.

3. Forbrukarombodets vurdering etter forbrukarombodets vurdering etter § 15

3.1  Innhaldet i marknadsføringslova § 15

Ny marknadsføringslov trådde i kraft 1. juni 2009. Forbodet mot bruk av visse kommunikasjonsmetodar i § 2b i den tidlegare marknadsføringslova, er vidareført i § 15 i den nye marknadsføringslova. Det er ikkje gjort endringar i innhaldet i føresegna. Dette er bakgrunnen for at Forbrukarombodets saksbehandling mot Mobile Marketing fram til 1. juni 2009 har vore med grunnlag i tidlegare mfl. § 2b, medan det aktuelle vedtaket relaterer seg til mfl. § 15.

Forbrukarombodet har vurdert Mobile Marketings praksis etter forbodet mot visse metodar for elektronisk marknadsføring i marknadsføringslova § 15.

Etter § 15 er det i næringsverksemd forbode, utan mottakarens føregåande samtykke, å rette marknadsføring til fysiske personar ved elektroniske kommunikasjonsmetodar som tillet individuell kommunikasjon, som for eksempel elektronisk post.

Føresegna beskyttar fysiske personar mot uønska marknadsføring ved e-post og liknande. Føresegna er ei vidareføring av tidlegare § 2b. Det er føretatt mindre språklege justeringar som ikkje tar sikte på å endre det materielle innhaldet, jf. Ot. prp. nr. 55 (2007-2008).

Det er gjort unntak for det tilfellet at mottakaren på førehand har gitt den næringsdrivande eit samtykke til å få marknadsføring via e-post eller liknande. I Ot. prp. nr. 62 (1999-2000) s. 23 er dette forklart nærare:

“Markedsføringshenvendelser ved hjelp av telekommunikasjonsmetoder forutsetter mottakerens forutgående samtykke. Samtykket må være en frivillig, uttrykkelig og informert erklæring, jf. også personopplysningsloven § 2 nr. 7. Forbrukeren skal stå fritt til både å gi og tilbakekalle samtykket. Samtykke kan ikke innhentes ved hjelp av en telekommunikasjonsmetode som er omfattet av bestemmelsen, fordi en forespørsel om samtykke anses som en markedsføringshenvendelse. Forbrukeren må gi sitt samtykke ved en aktiv handling, og kan ikke bindes ved passivitet. Et samtykke kan gis og tilbakekalles både muntlig og skriftlig. Et samtykke er i utgangspunktet ikkje tidsbegrenset, og gjelder til det trekkes tilbake. Et samtykke skal gis frivillig, og kan dermed ikke være kontraheringsvilkår i den forstand at forbrukeren ikkje får kjøpe en ytelse hvis samtykke til å motta markedsføring ikkeje gis. Det kan imidlertid være vilkår for å få en ytelse til lavere pris.”

Det følgjer av førearbeida at samtykket må vere gitt ved ei aktiv handling, og at dette må vere frivillig, uttrykkeleg og informert.

Dette medfører at det ikkje er gitt eit samtykke i tråd med § 15 første ledd dersom forbrukaren vert bunde ved passivitet, til dømes ved eit automatisk avkryssa felt, eller det ikkje er gitt tilstrekkeleg informasjon om omfanget av samtykket i samband med erklæringa.

3.2  Forbrukarombodets vurdering

E-postreklamen som er sendt ut til klagarane er “markedsføringshenvendelser” sendt ut i “næringsvirksomhet” frå Mobile Marketing til “fysiske personer”, jf. § 15 første ledd.

Vedtaket relaterar seg konkret til dei klagane som Forbrukarombodet har fått frå den 13. mars 2009 til dags dato. Det avgjerande spørsmålet er om klagarane hadde gitt eit føregåande samtykke etter § 15 første ledd til å få e-postreklame frå Mobile Marketing på e-post.

Mobile Marketing la i brev av 26. mai fram informasjon som skulle dokumentere at klagarane hadde gitt slike samtykke. Selskapet meinar at det var henta inn samtykke frå alle klagarane.

Klagarane hevdar i klagane å ikkje ha gitt samtykke til å få tilsendt e-postreklame frå Mobile Marketing på e-post. Dette vert støtta opp av klagaranes kommentarar til den dokumentasjonen Mobile Marketing la fram.

Felles for kommentarane er at klagarane ikkje kjenner seg igjen i Mobile Marketing si framstilling av saka. Dei fleste av klagarane er klare på at dei ikkje kjenner igjen kampanjane Mobil Marketing hevdar dei skal ha delteke i og gitt samtykke gjennom. Fleire av klagarane opplyser også på generelt grunnlag at dei er svært påpasselege med å gje frå seg personopplysningar og/eller samtykke til å få marknadsføring.

Vedrørande særleg to av klagane meinar Forbrukarombodet at det er klart at Mobile Marketing ikkje har sannsynleggjort at klagarane hadde samtykka til å få e-postreklame frå AbsoluteMarketing. Dette gjeld to klagarar som opplyser at IP-adressa som samtykket skal vere gitt frå ikkje stemmer med deira IP-adresse: EKO og KRH. EKO har Telenor som breibandsleverandør og bur og var i Oslo på det aktuelle tidspunktet, medan den oppgitte IP-adressa tilhøyrer monet.no som har base i Mo i Rana. KRH opplyser at ho aldri har vore oppkopla til Hardanger Breiband som den oppgitte IP-adressa tilhøyrer. Ho meinar difor at informasjonen om IP-adressa hennar er falsk.

Dei andre klagarane kommenterar ikkje om dei oppgitte IP-adressene er korrekte. Søk på AllNetTools viser imidlertid at fleire av IP-adressene er registert på breibandsleverandørar andre stadar i landet enn der klagarane bur.

På bakgrunn av opplysningane frå klagarane, både i sjølve klagen og i merknadane til Mobile Marketings dokumentasjon, har Mobile Marketing etter Forbrukarombodets vurdering ikkje sannsynleggjort at det var henta inn samtykke frå klagarane i forkant av utsendinga av e-postreklame. Merknadane selskapet gir i sitt brev av 6. juli endrar ikkje på denne vurderinga.

Utan at det er avgjerande for vurderinga, vil Forbrukarombodet legge til at konklusjonen vert støtta av at Mobile Marketing heller ikkje under ombodets tidlegare saksbehandling har klart å legge fram tilstrekkeleg dokumentasjon for at selskapet har oppfylt marknadsføringslovas krav ved innhenting av samtykker frå mottakarar av e-post- og SMS-reklame. Forbrukarombodets vurdering av bevisa i saka er derfor at det ikkje er godt nok dokumentert at klagarane, til trass for kva Mobile Marketing seier, har gitt samtykke.

3.3  Konklusjon

Forbrukarombodet finn at Mobile Marketing har handla i strid med § 15 (tidlegare § 2b) ved utsending av e-postreklame til klagarane.

4. Forbrukarombodets vedtakskompetanse

4.1. Medverkarar – § 39 tredje ledd

Forbrukarombodets eller Marknadsrådets vedtak kan rettast mot medverkarar, jf. § 39 tredje ledd. Føresegna rammar både juridiske og fysiske personar. Det må vurderast konkret kven som i realiteten står bak lovbrotet. Dette er ei vidareføring av rettstilstanden etter den tidlegare marknadsføringslova § 12 andre ledd, jf. § 14 første ledd, jf. Ot.prp. nr. 55 (2007-1008) s. 211.

Omsynet til ei mest mogleg effektiv handheving av marknadsføringslova tilseier at det er naudsynt at også personane bak den ulovlege verksemda må kunne rammast. Dette følgjer av førearbeida til marknadsføringslova av 1972, Ot.prp. nr. 34 (1994-1995) s. 27 flg. Vidare er faren for at vedtak vert omgått ved at vert oppretta nye firma og at marknadsføringa fortset i regi av det nye firmaet spesielt framheva.

For medverkande personar vert det presisert i Ot.prp. nr. 55 (2007-2008) s. 212 at det er nok å dokumentere eller sannsynleggjere at den aktuelle personen gjennom si rolle i firmaet har medverka.

N.N er i føretaksregisteret oppført som dagleg leiar i Mobile Marketing. N.N har stått for dialogen med Forbrukarombodet i den aktuelle saka og i saksnummer 08/1437 (Mobildeal), og han skulle i så måte vere godt kjent med innhaldet i marknadsføringslova § 15 og konsekvensane av brot på føresegna. I eigenskap av å vere dagleg leiar for Mobile Marketing AS har N.N det overordna ansvaret for drifta av firmaet. Som dagleg leiar burde N.N ha satt ein stoppar for praksisen med å sende ut e-postreklame til personar som ikkje har samtykke til dette då han blei gjort kjent med forbodet i mfl. § 15 (tidlegare § 2b). Når firmaet likevel valte å fortsette med ein slik praksis, må det leggast til grunn at dette var ein praksis som N.N har godkjent.

For å sikre ei effektiv handheving av forbodet i mfl. § 15 i denne saka, vurderar Forbrukarombodet det som naudsynt å rette vedtak også mot dagleg leiar N.N personleg.

På denne bakgrunnen finn Forbrukarombodet at N.N har medverka til brot på mfl. § 15 gjennom si rolle i selskapet, jf. mfl. § 39 tredje ledd.

4.2  Omsynet til forbrukarane – § 39

Forbrukarombodet og Marknadsrådet kan fatte enkeltvedtak om forbod, påbod, tvangsmulkt og gebyr for brot på lova, samt kombinasjonar av desse, dersom ein finn at omsynet til forbrukarane tilseier dette, jf. § 37, jf. § 39.

Det følgjer av Ot. prp. nr. 55 (2007-2008) s. 211 at vilkåret “hensynet til forbrukarane” først og fremst er tatt med for å avgrense mot andre omsyn, som til dømes omsynet til næringsdrivande. Det vert presisert i førearbeida at dette vilkåret ikkje i seg sjølv er meint å stille kvalifiserande krav til terskelen for inngrep. Det er derfor ikkje grunnlag for et generelt prinsipp om at det ikkje kan gripes inn før det ligg føre eit større tall klagar og meir systematiske lovbrot.

Mobile Marketing sender e-postreklame på vegne av sine samarbeidspartnarar til svært mange forbrukarar. Dette viser både selskapets sine eigne tal på kor mange samtykker som er i databasen deira, og talet klagar Forbrukarombodet har fått på selskapet det siste året.

Forbrukarombodet finn på denne bakgrunn at omsynet til forbrukarane tilseier at det vert gripe inn mot den lovstridige handelspraksisen til Mobile Marketing.

4.3  Ikkje frivillig ordning – § 35

Forbrukarombodet skal i utgangspunktet søke å få den næringsdrivande til frivillig å slutte med praksis som er i strid med marknadsføringslova, jf. § 35 andre ledd. Dersom frivillig ordning ikkje vert oppnådd, kan Forbrukarombodet i tilfelle som nemnt i § 37 første ledd sjølv fatte vedtak mot lovstridige handlingar eller urimelege avtalevilkår, jf. § 35 tredje ledd.

Det vert ikkje stilt formkrav til inngåing av frivillige ordningar, slik at det til dømes kan skje ved at den næringsdrivande munnleg lovar å innrette seg. Det vil likevel ikkje være oppnådd frivillig ordning dersom den næringsdrivande lover å innrette seg, men ikkje gjer det i praksis, jf. Ot.prp. nr. 55 (2007-2008) s. 209.

Forbrukarombodet har gjennom skriftleg dialog i sakene 08/1437 (Mobildeal) og 08/1958 (no 09/1152) gjort greie for innhaldet i marknadsføringslova § 15, og då spesielt kva som skal til for at det ligg føre eit “samtykke” etter første ledd. I den førstnemnde saka vart dessutan forbodet i tidlegare § 2b diskutert fleire gongar på telefon. Forbrukarombodet hadde også eit møte med dagleg leiar i Mobile Marketing, N.N, der innhaldet i regelverket og Forbrukarombodets standpunkt vart diskutert og gjennomgått i relasjon til klagane frå perioden november 2008 til januar 2009.

Trass i at selskapet på denne bakgrunnen skulle vere godt kjent med forbodet mot bruk av visse kommunikasjonsmetodar til marknadsføring i § 15 første ledd, mottok Forbrukarombodet i perioden 13.03.09 til 29.04.09 10 nye klagar. Til dette kom 5 nye klagar i perioden 09.05.09 til 18.06.09.

Mobile Marketing har ikkje kunne dokumentere på ein tilstrekkeleg overbevisande måte at det var henta inn samtykker frå klagarane i samsvar med krava i mfl. § 15. Følgjeleg held selskapet fram med å sende ut e-postreklame til personar som ikkje har samtykka til dette på førehand. Forbrukarombodet finn på denne bakgrunn at det ikkje er oppnådd frivillig ordning i saka.

4.4  Skade eller ulempe å avvente – § 37 første ledd

Forbrukarombodet kan fatte vedtak etter § 39 dersom det ikkje er oppnådd frivillig ordning eller det ikkje er nødvendig å oppnå frivillig ordning og Forbrukarombodet antar at det vil medføre ulempe eller skadeverknad å avvente Marknadsrådets vedtak, jf. § 37 første ledd.

Gjennom manglande etterfølging av Forbrukarombodet sine standpunkt, har Mobile Marketing vist at det er fare for at det på nytt vert sendt ut e-postreklame via e-post utan føregåande samtykke. Tala selskapet sjølv gir på kor mange personar som står i deira database (700.000) og kor mange e-postreklamar som er distribuert i år fram til 26. mai (21.471.016), tilseier også at det vil medføre skadeverknad for forbrukarar å avvente eit vedtak frå Marknadsrådet i saka.

Etter Forbrukarombodets vurdering vil det på denne bakgrunn medføre ulempe eller skadeverknad å avvente Marknadsrådets vedtak i saka.

4.5. Utsett verknad – forvaltningslova § 42

Selskapet legg i brevet av 6. juli til grunn at Forbrukarombodet på eige initiativ vil vedta utsett verknad av vedtaket etter forvaltningslova § 42.

Etter Forbrukarombodets si vurdering er det ikkje grunnlag for å vedta slik utsett verknad i saka etter § 42. Ombodet er av den oppfatninga av det vil kunne medføre skadeverknad for svært mange forbrukarar dersom verknaden av vedtaket vert utsett til Marknadsrådet har behandla ein eventuell klage på vedtaket. I den samanheng peikar vi på det svært høge talet utsendingar av e-postreklame som i følgje Mobile Marketing har skjedd hittil i år. Ombodet meinar at det er av stor betyding for forbrukarane at vedtaket vert sett i verk med ein gong, for å hindre at det skjer lovstridig utsending av e-postreklame til eit stort tal fysiske personar.

4.6 Konklusjon

Forbrukarombodet har etter dette grunnlag for å fatte vedtak om forbod etter § 40 i saka, jf. § 37, jf. § 39. Vedtaket får ikkje utsett verknad.

5. Tvangsmulkt

5.1  Rettslig grunnlag og vurdering

For å sikre at vedtak etter §§ 40 og 41 vert overhalde skal det fastsettast ei tvangsmulkt som den som vedtaket retter seg mot skal betale dersom vedkommande bryt vedtaket, jf. § 42. Dersom forbodsvedtaket ikkje vert brote, oppstår inga betalingsplikt. Fastsetting av tvangsmulkt kan unnlatast dersom særlege grunner talar for det.

Forbrukarombodet kan ikkje sjå at det ligg føre særlege grunnar til å unnlate å fastesette tvangsmulkt i denne saka, og fastset med dette tvangsmulkt i tilknyting til vedtaket om forbod mot marknadsføringstiltaket, jf. § 42.

5.2  Utmåling

Det følgjer av førearbeida at § 42 i hovudsak er ei vidareføring av tidlegare § 16 om tvangsgebyr, jf. Ot. prp. nr. 55 (2007-2008) s. 213. Retningsliner og praksis for fastsettinga av tvangsgebyr etter tidlegare § 16 vil være relevant for fastsettinga av tvangsmulkt. Det vert presisert i Ot. prp. nr. 55 (2007-2008) s. 213 at det ikkje er meint å gjere endringar på dette punktet i samband med den nye lova.

Tvangsmulkta kan fastsettast som ei løpande mulkt eller som eit eingongsbeløp, jf. § 42 andre ledd.

Ved fastsettinga av tvangsmulkt mot N.N har Forbrukarombodet på same måte som i vedtaket mot Mobile Marketing lagt vekt på at det er fare for stadig gjentaking av brot på mfl. § 15. Forbrukarombodet vurderar det difor som mest føremålsteneleg å utforme vedtaket slik at kvart enkelt brot på vedtaket utløyser tvangsmulkt. Dette medfører at tvangsmulkt vert utløyst kvar gong N.N sender ut eller medverkar til å sende ut marknadsføring til ein eller fleire fysiske personar ved elektroniske kommunikasjonsmetodar som tillet individuell kommunikasjon, slik som e-post eller SMS, utan føregåande samtykke.

Storleiken på tvangsmulkta skal fastsettast etter ei konkret vurdering i det enkelte tilfelle. Ved fastsettinga av mulkta skal det leggast vekt på at det ikkje skal lønne seg å bryte vedtaket, jf. § 42 andre ledd. Det må gjerast ei skjønnsmessig vurdering av sakens art og innklagas økonomiske forhold, jf. Ot. prp. 34 (1994-95) s. 20-21. Føremålet med tvangsmulkta er at den skal verke som eit reelt oppfyllingspress.

Marknadsrådet uttala i sak nr. 9/01 at tvangsgebyr i størrelsesorden kr 200.000,- var ordinært for personar som har medverka til brot på marknadsføringslova. Forbrukarombodet fatta i FO-sak 07/1993 forbodsvedtak mot Bodyform AS for utsending av marknadsføring via SMS til mottakarar utan føregåande samtykke. Tvangsgebyret var kr 100.000,- for kvart brot på vedtaket. Vedtaket vart også retta mot dagleg leiar i selskapet, med eit tvangsgebyr på kr 50.000,-.

Forbrukarombodet har henta skatteinformasjon for N.N i skattelistene frå 2007. Informasjonen viser at N.N i 2007 hadde ei inntekt på kr 996.490.

Forbrukarombodet finn at tvangsmulkta mot N.N bør settast til kr 100.000,- ved kvart brot på vedtaket.

Ved fastsettinga av storleiken på tvangsmulkta overfor N.N har Forbrukarombodet lagt vekt på fleire av dei same momenta som i vedtaket mot Mobile Marketing, og vi viser til grunngivinga i punkt 5.2 der. Sentralt i vurderinga står faren for gjentaking og den manglande viljen N.N i praksis har vist til å innrette seg etter forbodet i mfl. § 15 ved at det på nytt har skjedd utsendingar i strid med føresegna. Dette til trass for at det sidan juni 2008 har vore ein omfattande dialog mellom Forbrukarombodet og N.N om innhaldet i føresegna, konkrete kampanjar og klagar frå forbrukarar som har fått tilsendt reklame på SMS eller e-post. Også opplysningane om N.Ns inntekter i 2007 tilseier at tvangsmulkta bør settast til kr 100.000,- for at den skal verke som eit reelt oppfyllingspress.

5.3 Konklusjon

På denne bakgrunn finn Forbrukarombodet at det overfor N.N må fastsettast ei løpande tvangsmulkt på kr 100.000,- for kvart brot på dette vedtaket.

6. Vedtak

På denne bakgrunn, og med heimel i § 37 første ledd jf. § 39 første og tredje ledd, jf. §§ 40 og 42, fattar Forbrukarombodet følgjande vedtak:

1. Forbrukarombodet forbyr N.N utan mottakarens føregåande samtykke å rette marknadsføringshenvendelsar til fysiske personar ved elektroniske kommunikasjonsmetodar som tillet individuell kommunikasjon, til dømes e-post eller SMS, i strid med marknadsføringslova § 15.

2. N.N skal betale tvangsmulkt på 100 000 – hundre tusen – kroner kvar gong han bryt eller medverkar til brot på dette vedtaket.

* * *

Den som forsetteleg eller aktlaust bryt vedtak som er gjort i medhald av marknadsføringslova, vert straffa med bøter, fengsel inntil 6 månadar eller begge delar dersom ikkje strengare straffeføresegn kjem til bruk, jf. § 48 fjerde ledd. Medverknad vert straffa på same måte.

Vedtaket kan påklagast til Marknadsrådet, jf. marknadsføringslovas § 37 tredje ledd. Forvaltningslovens kapittel VI gir nærare reglar for eventuell klage. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dag parten har fått melding om vedtaket. Klage skal sendast til Forbrukarombodet.

Vedtaket kan ikkje bringes inn for de alminnelege domstolane utan at saka først er lagt fram for Marknadsrådet, jf. forvaltningslova § 27 b.

Marknadsrådet er orientert om vedtaket, jf. marknadsføringslovas § 37 tredje ledd.

Oslo, 9. juli 2009

Lars Grøndal
fungerande forbrukarombod

Tilbake til toppen