Bli kvitt telefonsal

Meir enn 2,2 millionar nordmenn har reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret. 90 % av dei er også reservert mot reklame frå frivillige organisasjonar. Dessverre er det ikkje alle av dei som slepp uønska telefonsamtalar. Er du av dei som stadig får telefonar du ikkje ønsker, bør du lese desse tipsa.
Bli kvitt telefonsal. Bildet viser to hender som holder i en hvit mobiltelefon.

TELEFONSAL: Du kan klage til Forbrukartilsynet på næringsdrivande som ikkje respekterar reservasjonen din.

Registrer telefonnummer i Reservasjonsregisteret

Når næringsdrivande ringer folk som har reservert seg, skjer det ofte fordi dei av ein eller annan grunn ikkje har fått treff på namnet og adressa deira når dei sjekkar listene sine opp mot Reservasjonsregisteret. Dette skuldast at namn og adresse som telefonseljarane har fått frå ulike nummeropplysningstenestar ikkje er identisk med det som er registrert i folkeregisteret.

Dette problemet kan du fjerne ved å legge inn telefonnummeret ditt i Reservasjonsregisteret. Per 31. januar 2018 var 1.539.686  nummer lagt inn i Reservasjonsregisteret.

Sidan vi ser at det er effektivt å reservere telefonnummeret sitt i Reservasjonsregisteret oppmodar vi alle som ikkje ønsker telefonsal til å gjere dette slik at reservasjonen fungerar best mogleg.

Ikkje alle oppringingar er forbode

Det er ikkje alle typar telefonar du kan reservere deg mot. Til dømes må du godta å bli ringd opp angåande marknadsundersøkingar og av næringsdrivande du har eit aktivt kundeforhold til. Gjeld telefonen kundeforholdet ditt kan du likevel be om at dei ikkje kontaktar deg igjen.

Har du bedt ein næringsdrivande om å ringe deg, vil reservasjonen i Reservasjonsregisteret heller ikkje gjelde. For at det skal vere tillat å ringe, må førespurnaden vere gitt til ein bestemt næringsdrivande. Forbrukartilsynet oppmodar deg likevel til å ha eit bevisst forhold til det å leggje igjen telefonnummeret  i spørjeundersøkingar, konkurransar og liknande på internett.

Les også: Telefonsalg og uønsket reklame

Ta telefonen

Dersom du blir ringd opp av frivillige organisasjonar du ikkje ønsker  å støtte, bør du gi beskjed til den som ringer om at du vil bli sletta frå ringelistene.

For få å vite kva oppringinga gjeld og gi beskjed dersom du vil bli sletta bør du difor ta telefonen. Viser det seg at det er nokon som har ringt i strid med reservasjonen din, kan du sende ein klage til Forbrukartilsynet.

Kva kan eg klage på?

Du kan klage til Forbrukartilsynet på næringsdrivande som ikkje respekterar reservasjonen din. Når dei ringer bør du difor spørje kven som ringer (callsenter) og på vegne av kven (oppdragsgjevar). Næringsdrivande pliktar å ringe frå nummer som er søkbart, og du skal difor også kunne finne ut kven som har ringt ved å søke i nummeropplysningstenestene. Forbrukartilsynet kan då kontakte den næringsdrivande og vurdere rutinane deira for å sikre at dei ikkje ringer folk som har reservert seg mot telefonsal.

Oppdater reservasjonen din med telefonnummer på Brønnøysundregistra si nettside.

 

16.02.2018

Invitasjon til seminar – fra Forbrukerombud til Forbrukertilsyn

Forbrukertilsynet har fått nytt navn og nye virkemidler. I den forbindelse inviterer vi advokater, jurister og andre til et halvdagsseminar tirsdag 6. mars 2018 kl. 09.00 – 11.45, Auditoriet i R5, Akersgata 59.