Byterett og angrerett ved netthandel

01.02.2021 — Har du kjøpt ei vare som ikkje svarar til forventningane? Dersom du har handla på nettet kan du ha angrerett.

Det er viktig å vere klar over at angrerett ikkje er det same som byterett.

Når du kjøper ei vare eller ei teneste, er hovudregelen at avtalen er bindande. Derfor har du ikkje utan vidare rett til å byte ei vare du har kjøpt – eller ei gåve nokon har kjøpt til deg.

Nokre nettbutikkar opererer med opent kjøp. Dette er i så fall ein avtale mellom deg og seljaren. Vilkåra for å byte vara er dermed avhengige av avtalen som er inngått. Dette kan for eksempel vere aktuelt dersom du har fått ei gåve som du ønsker å byte inn i noko anna. Hugs kvittering!

Angrerett

Dersom du har kjøpt vara på nett, kan du ha angrerett. Angrerettlova gir deg angrerett i 14 dagar når du handlar på internett. Lova gir forbrukarar krav på å få viktige opplysningar om kjøpet i tydeleg form før bestilling. Dette er til dømes opplysningar om dei viktigaste eigenskapane til vara eller tenesta, samla pris, kor lenge ein avtale gjeld, eventuell minste bindingstid, og vilkåra for å si opp avtalen. Lova krev òg at forbrukaren skal få ei stadfesting av avtalen som listar opp alle dei viktigaste opplysningane. I tillegg har du krav på informasjon om angreretten, og eit angreskjema.

Angreretten gjeld i utgangspunktet i 14 dagar. Dersom du ikkje får opplysningane du har krav på, kan fristen bli forlenga med opptil 12 månader.

Angreretten gjeld ved kjøp frå alle EØS-landa. Du finn meir informasjon om netthandel frå andre europeiske land hos Forbrukar Europa.

Hugs dokumentasjon!

Foto: Brandable Box/Unsplash

Om du vil nytte angreretten, kan du ikkje berre sende vara i retur. Du må informere seljaren om at du nyttar angreretten. Du kan bruke standardskjemaet du har fått frå nettbutikken, eller det du finn her.

Det er viktig at du kan dokumentere at du har nytta angreretten. Ta vare på ein kopi av e-post eller brev, og ta gjerne eit skjermbilde om du bruker eit elektronisk kontaktskjema.

Når du nyttar angreretten må du sende vara tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar etter at du ga melding om at du ville angre kjøpet. Som hovudregel er det kjøpar som må dekke returkostnadene, så lenge den næringsdrivande har informert om dette før kjøpet.

Når du sender vara i retur, er det viktig å dokumentere at pakka er send. Ta gjerne bilete av pakka, der det er tydeleg at du har merka sendinga rett (adresse, tolldeklarasjon m.v.).

Du kan lese meir om Angrerettlova her.

Feil og manglar

Dersom det er noko feil med vara du har kjøpt, kan du klage til seljaren. Då kan du krevje å få reparert vara eller få ei ny vare, få eit prisavslag eller eventuelt heve kjøpet. Kontakt seljaren så fort som mogleg etter at du oppdagar mangelen.

Klage til Forbrukartilsynet

Om du har klaga til seljaren og de ikkje kjem fram til ei løysing, kan du melde saka di til mekling hos Forbrukartilsynet.

Klageguide og meklingsskjema finn du her.

OBS! Forbrukartilsynet er under omorganisering, og vi mottar for tida særs mange saker. Du må rekne med å vente 5-6 månader frå du har sendt inn klagen til vi kan starte meklinga. Vi beklagar dette.

05.05.2021

Forbrukertilsynet søker ny seksjonssjef

Vi søker en jurist til fast stilling som seksjonssjef for internasjonal forbrukerrett i tilsynsavdelingen.