Er verksemda deira omfatta av åpenhetsloven? Eller trur de at de kan vere det? Les om vilkåra her
Den 12. mai ønsker vi velkomne til workshop i Molde. Der får du lære meir om åpenhetsloven, og særleg om korleis de kan gjere aktsemdsvurderingar. Workshopen er praktisk retta. To bedrifter frå Møre og Romsdal deler erfaringane sine frå arbeidet med åpenhetsloven. Det blir lagt opp til diskusjonar og dilemmatrening, og det er forventa at deltakarane deltek aktivt.
Aktsemdsvurderingar er kjernen i åpenhetsloven. Arbeidet med aktsemdsvurderingar skal hjelpe verksemder med å hindre og handtere risiko for menneskerettsbrot og uanstendige arbeidsforhold. Utfordringar som komplekse leverandørkjeder, innkjøp på tvers av landegrenser eller risiko knytt til sårbare arbeidstakarar finst overalt. Dette gjeld ikkje minst i bransjar som maritim industri, fiskeri og bygg og anlegg.
Denne workshopen passar godt for verksemder eller tilsette som har lita erfaring med aktsemdsvurderingar, og som har behov for å diskutere både utfordringar og moglegheiter dei møter i arbeidet sitt. Formålet er å få ei betre forståing av kva lova krev, og korleis ein utfører gode aktsemdsvurderingar.
Tid og stad
Molde Fjordhotell
12. mai 2026 (kl 8.30-13.00)
Påmeldingsfrist: 5. mai 2026