Villeier forbrukarane med prisløfte

29.05.2019 — Nettbutikken Komplett.no lover forbrukarane marknadens beste pris i sin marknadsføring. Forbrukartilsynet har gjennomgått prisane og fann ein stor mengd varer som vart billegare hos konkurrentane.
Bildet illustrerer en netthandel. Vi ser et kredittkort og en skjerm som er inne på en nettbutikk med salg.

Bildet er henta frå pexels.com

Lover marknadens beste pris

På egne nettsider marknadsfører Komplett eit «Prisløfte» som blant anna inneheld påstandar om ambisjonen deira om å alltid vere billegast i Noreg, og at kunden skal vere trygg på at han får den beste prisen i marknaden ved å handle på Komplett.

Forbrukartilsynet har samanlikna prisane på Komplett opp mot konkurrentane på Prisjakt.no. Samanlikninga viste blant anna at Komplett hadde 3670 varar som var dyrare enn hos Proshop.no, og 1564 varar som var dyrare enn hos DustinHome.no. Forbrukartilsynet meiner marknadsføringa knytt til Komplett sitt «Prisløfte» er egna til å villeie forbrukarane og at selskapet bryt lova med marknadsføringa.

– Marknadsføringa er egna til å gi forbrukarane inntrykk av at dei følgjer nøye med på prisane i marknaden, og skrur dei ned viss konkurrentane gjør det. Forbrukarane som stolar på marknadsføringa kan ha betalt meir enn nødvendig for ein vare, seier Jo Gjedrem, avdelingsdirektør i Forbrukartilsynet.

Forbrukartilsynet opplyser i eit brev til selskapet at dei må ha gode rutinar for å kontrollere konkurrentanes priser, når dei bruker dette i si marknadsføring.

Marknadsfører «Prisløfte i 60 dager» på varar som ikkje blir selt av andre

Forbrukartilsynet har også reagert på korleis Komplett marknadsfører «Prisløfte i 60 dager», kor kunden får eit gåvekort viss han finn identisk vare til ein billigare pris hos ein av konkurrentane. Til tross for at det leggjast til grunn at identiske varer blir selt av konkurrentane, marknadsføres prisløftet på produktnivå i direkte tilknyting til produkt som ikkje blir selt av andre enn Komplett.

– Marknadsføringa gir forbrukarane inntrykk av at dei er dekt av Komplett sitt prisløfte i 60 dagar, sjølv om dette ikkje stemmer etter vilkåra slik dei er utforma i dag. Når varene ikkje seljast hos konkurrentane er ikkje prisløftet relevant, og marknadsføringa er villeiande. Vi har difor bedd Komplett fjerne marknadsføring for prisløftet frå produktsider kor det ikkje er aktuelt, eller endre vilkåra, seier Gjedrem.

Komplett har frist til 10 juni med å endre marknadsføringa, og kome med eventuelle tilbakemeldingar.

03.12.2019

Tannleger i utlandet villeier om prisar 

Tannlegebehandlingar i utlandet er populært, men fleire forbrukarar opplever at marknadsføringa kring tilboda er uoversiktlige og upresise. Forbrukartilsynet ber no bransjen ta grep.