Villeiande telefonsal frå GNP Energy Norge

24.08.2018 — Forbrukartilsynet har sidan juni fått fleire klager frå forbrukarar og kraftleverandørar på ulovleg telefonsal frå GNP Energy Norge AS (GNP). Klagarane reagerer særleg på at GNP sine seljarar hevdar at firmaet samarbeider med andre straumleverandørar utan at dette stemmer.  

FOTO: Skjermdump

Det klages også på at GNP sine seljarar gir uttrykk for at dei ringjer på vegne av leverandøren forbrukarane allereie har, og at ein ikkje treng å bytte leverandør om ein seier ja til ei avtale med GNP. Klagarane opplyser òg at dei i telefonsamtalen ikkje har blitt informert om brotgebyr, kva strømprisen vil vere etter dei første to månadene av avtala, eller kva bindingstida er.

Forbrukarane blir villeia

Forbrukartilsynet har konkludert med at GNP Energy har gitt feilaktige og villeiande opplysningar til forbrukarane. Dette er ulovleg.

– Når telefonseljaren gir villeiande opplysningar om straumtilbodet kan mange bli påverka til å inngå straumavtalar dei elles ikkje ville inngått, seier juridisk direktør Frode Elton Haug i Forbrukartilsynet.

– Basert på klagane vi har fått, har vi konkludert med at dette er ulovleg telefonsal.

Forbrukartilsynet har bedt GNP Energy stanse den ulovlege marknadsføringa, og fått svar frå firmaet om at dei har gjort dette.

13.12.2018

Ikke legg farlige piratkopier under juletreet

En undersøkelse om nordmenns holdninger til piratkopier viser at 24 % av oss har kjøpt piratkopierte produkter. Mange blir lurt, mens andre bevisst kjøper piratvarer. Tolletaten, Forbrukertilsynet og Patentstyret går sammen om å advare julegave-handlende nordmenn mot å kjøpe piratkopier, av alt fra elektronikk og klær til leker og kosmetikk.